– Skjermfolket tar større risiko

– Ny hjerneforsking tyder på at dei som er storforbrukarar av dataspel, Internett, mobiltelefon og Ipod, er meir villige til å ta ein stor risiko enn dei som skaffar seg informasjon gjennom bøker. Det sa den britiske hjerneforskaren Susan Greenfield på eit møte i Georg Sverdrups hus på Blindern før helga.  

INGEN BETRE ROMANAR: – Det har verken blitt skrive betre romanar eller betre symfoniar etter at Internett og dei sosiale media blei innførte, sa hjerneprofessor Susan Greenfield i eit foredrag på UiO før helga.

Foto: Martin Toft

– Dagens unge generasjonar er storforbrukarar av dataspel, Internett, mobiltelefon og Ipod. Dei har knapt tid til å setja seg ned for å tenkja seg om. Heile tida er dei på jakt etter nye opplevingar. Konsekvensen av dette er at me i framtida vil få ein generasjon som er meir villig til å ta store sjansar enn dagens eldre generasjonar, sa baronesse Susan Greenfeld frå Oxford University i foredraget ”The Future of the Brain, the Brain of the Future”. Det blei skipa til av Oxfords norske alumniforeining i samarbeid med Centre for Molecular Biology and Neuroscience ved UiO.

– Meir omsynslause

Susan Greenfield fortalde at dei hadde oppdaga at den delen av hjernen som handlar om kjensler og om å ta omsyn til andre, blir svekt hos dei som kanskje brukar sju av døgnet sine 24 timar til å vera på nett for å spela dataspel, ha kontakt med venner via Facebook eller Twitter.

Som døme viste ho til ein anleggsarbeidar i Storbritannia som fekk ei jernstang gjennom denne delen av hjernen og ein amerikansk Vietnam-veteran som fekk ei kule i den same delen av hjernen. Desse hendingane lamma den delen av hjernen som seier stopp før ein tar ein for stor risiko. Greenfield viste til at Vietnam-veteranen tok store sjansar i kortspel, sjølv om han burde vita at han ville tapa alle dei pengane han hadde satsa.

– Evna til å vurdera det til å vera ein for stor risiko var blitt borte. Difor spår eg at framtidas generasjonar vil bli meir omsynslause enn dagens. Dessutan vil dei visa mindre empati. Dei vil nemleg ikkje ha nokon identitet knytt til fortida, notida eller framtida. Alt vil vera knytt til opplevingar. Vitskapen veit i dag at hjernen lett let seg påverka av miljøet, konstaterte ho.

Skjermfolket vs. bokfolket

Så samanlikna ho skjermfolket med bokfolket.

– Dei som brukar bøker for å skaffa seg informasjon, brukar hjernen på ein heilt annan måte. Ut ifrå det dei les klarar dei å laga seg ei forteljing, medan skjermfolket heile tida ser informasjonen på skjermen. Dei klarer difor ikkje i same grad som bokfolket å laga seg ei forteljing ut ifrå det dei les. Skjermfolket vil også lytta langt mindre til andre enn det bokfolket gjer, meinte ho.

– Det har verken blitt skrive betre romanar eller betre symfoniar etter at Internett og dei sosiale media blei innførte, la ho til.

Fleire brukar ADHD-medisinar

Til slutt kveikte ho denne brannfakkelen.

– Forbruket av medisinar til ungdomar som har ADHD, har gått rett i vêret i Storbritannia dei siste åra. Er det tilfeldig eller kan det vera ein samanheng mellom det og ungdommen sitt overforbruk av Internett, mobiltelefon, Facebook, Twitter og andre elektroniske dippeduttar? spurde ho og let spørsmålet hengja i lufta.


 

Emneord: Medisin, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2010 16:27 - Sist endra 25. jan. 2010 16:47

Her fremgår ikke hva slags forskningsgrunnlag Greenfield baserer disse konklusjonene på. Motstandere av de fleste teknologiske og kunnskapsmessige innovasjoner har tidligere kommet til lignende konklusjoner på andre områder, inkludert evolusjonslæren, telefonen, tobakken, bilen, radioen, og fjernsynet. Det går ikke frem av artikkelen om Greenfields utspill er forskningsbasert eller bare føyer seg inn i tradisjonen av dårlig funderte påstander om samfunnsmessige nyvinninger - det burde det vel i et medie som UniForum?

Nikolaj Kunøe - 2. feb. 2010 09:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere