Ole Petter Ottersen møtte folket

– Eg møter personar som viser eit stor engasjement for Universitetet i Oslo og som er opptatt av institusjonen sitt ve og vel, seier rektor Ole Petter Ottersen etter to timar med kontortid i foajeen i Georg Sverdrups hus.  

ANSIKT TIL ANSIKT: Både studentar og tilsette oppdaga  fort at rektor Ole Petter Ottersen hadde flytta kontoret til Georg Sverdrups hus og at dei kunne fortelja han ansikt til ansikt om ting dei var opptatt av.

Foto: Ola Sæther

Folk stimla ikkje akkurat rundt Ole Petter Ottersens mellombelse kontor i foajeen i Georg Sverdrups hus  torsdag ettermiddag, men det kom stadig folk til som gjerne ville ta opp saker med UiO-rektoren. Både studentar og tilsette brukte høvet til å tala direkte med Ottersen.

– Frå dette utsiktspunktet får eg verkeleg sett breidda ved Universitetet i Oslo. Eg får høyra om problemstillingar som me ikkje har blitt eksponert for i 9. etasje. Sakene kan vera svært viktige for kvar einskild, seier ein oppglødd Ottersen til Uniforum.
Flyttinga av kontoret frå 9. etasje til foajeen i Georg Sverdrups hus er eit av mange tiltak som er sett i verk under ”Kreative dager” ved UiO. Hovudmålet er å skapa debatt rundt høyringsutkastet til UiOs strategiske plan: 2010–2020.

– Kjempestimulerande

Ottersen synest dette var svært vellykka

– Eg ser ikkje bort ifrå at eg kan bli ein gjengangar her i foajeen, slik at eg av og til vil ha kontoret her. Det er faktisk kjempestimulerande. Det mest postive er det store engasjementet som folk viser for Univesitetet i Oslo, fortel han.

– Har du fått mange innspel til strategisk plan 2010–2020?

– Eg har fått mange spenstige innspel som går på konkrete saker, men som kanskje ikkje passar inn i planen. Men eg tar dei med meg for dei kan ha relevans til andre ting.

– Meir tverrfagleg utveksling

– Kva synest du det er det viktigaste folk har tatt opp med deg?

– Kor viktig det er å styrkja det tverrvitskaplege ved UiO og korleis me i endå større utstrekning bør utveksla kompetanse og foreleserar formelt og uformelt på tvers av fag og fakultet.

– Difor må me finna ut korleis me kan få lagt forholda endå betre til rette for at det skal lata seg gjera å laga tverrfaglege program. Eg ser også at det kunne ha vore fint med ei meir omfattande utveksling av lærekrefter, seier han.

– Danning og kritisk refleksjon

Dei som møtte UiO-rektoren i dag var også opptatt av den dagsaktuelle universitetsdebatten.

– Fleire kom inn på kor viktig det var å få danning og den kritiske refleksjonen inn i undervisninga. Det er sjølvsagt både viktig og tidsriktig å ta opp det spørsmålet, meinte Ole Petter Ottersen.

Då Uniforum var ferdig med intervjuet med Ottersen, stod det framleis eit par personar i kø for å få nokre ord med UiO-rektoren. Alle andre kan kanskje få ein sjanse seinare, om han nok ein gong flyttar kontoret til foajeen i Georg Sverdrups hus.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Strategisk plan Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2010 17:11 - Sist endra 29. jan. 2010 10:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere