Noreg skårar høgt i EU-forskinga

Noregs deltaking i EUs forskingsprogram er vellukka og gir godt utbytte for norsk forsking. Berre i det 6. rammeprogrammet har prosjekt med norsk deltaking fått over 40 milliardar kroner, konstaterer evalueringsrapporten frå NIFU STEP, som blei presentert av forskar Alis Kaloudis i formiddag.  

MEIRVERDIEN: – Det bør også informerast endå grundigare om meirverdien på 40 milliardar det gav å delta i prosjekta i EUs 6. rammeprogram, rådde forskar Alis Kaloudis til.

Foto: Ola Sæther

Rapporten peikar likevel på at det er behov for eit betre rammeverk for den framtidige norske deltakinga i programmet. Forskarane frå NIFU STEP har gått gjennom heile det 6. rammeprogrammet og delar av det 7. rammeprogrammet i åra frå 2002 til 2008.

– Me rår til at Noreg held fram med å delta i EUs forskingsprogram, men då må det bli lagt endå større vekt på forsking på informasjons- og kommunikasjonsteknologi og grunnforsking, sa forskar Alis Kaloudis då han presenterte evalueringsrapporten på eit seminar i regjeringskvartalet i formiddag.

– Det bør også informerast endå grundigare om meirverdien på 40 milliardar ved å delta i prosjekta i EUs 6. rammeprogram, rådde han til. Den direkte støtta til norske deltakarar i det 6. rammeprogrammet var på 2,3 milliardar kroner.

Suksessraten høgare enn EU-gjennomsnittet

Deltakinga i EUs forskingsprogram utgjer berre 1,3 prosent av det Noreg investerer i forsking og utvikling. Likevel deltar rundt 5000 norske forskarar i EUs 6. rammeprogram, og av desse er 18 prosent doktorstudentar, noko som gir grunnlag for langsiktige og integrerande verknader, går det fram av rapporten.

Den viser også at suksessraten for prosjektsøknader med norsk deltaking førebels ligg på 22 prosent for EUs 7. rammeprogram, medan den låg på 25 prosent i det 6. rammeprogrammet. EU-gjennomsnittet var på 16 prosent i det 6. rammeprogrammet og på 18 prosent i det 7. rammeprogrammet.

Betaler meir enn me får igjen

Trass i det, viser tala at Noreg betaler meir til EU enn det som kjem tilbake i prosjektstøtte. Dette underskotet har auka noko frå det femte til det 6. og 7. rammeprogrammet. Forskar Alis Kaloudis meiner at det kan tolkast som eit høve til å auka den norske deltakinga.

– Gir oss viktige impulsar

– Å vera med i rammeprogrammet er viktig for kvaliteten i norsk forsking, ogdet gir oss viktige impulsar til innovasjon, velferd og verdiskaping, sa forskingsminister Tora Aasland under presentasjonen av rapporten.

Det er Kunnskapsdepartementet som har bede NIFU STEP om å evaluera den norske deltakinga i EUs rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Det er også det departementet som blir bede om å formidla misnøya med det store byråkratiet som dei som søkjer om pengar frå EUs forskingsprogram, må gå gjennom. Det står fram som lite effektivt, ressurskrevjande og er sløsing med forskingstid, konstaterer rapporten.

Forvirring og frustrasjon

Kunnskapsdepartementet bør difor ta eit politisk initiativ til å setja i gang reformer av administrasjonen og dei finansielle reglane til forskingsprogramma, er rådet forskarane frå NIFU STEP kjem med. Dei meiner også at Noregs forskingsråd, gjerne i samarbeid med Kunnskapsdepartementet må ta eit initiativ for å standardisera rekneskap og revisjonsrapportar knytte til EU-prosjekt.

– I dag skaper dette mykje forvirring og frustrasjon blant norske deltakarar i EU-prosjekt, slo Kaloudis fast. Rapporten viser også til at EU i dag berre dekkjer 75 prosent av dei samla prosjektkostnadene. Det blir difor rådd til at Forskingssrådet må finna fram til nye nasjonale finansieringsformer for det som ikkje blir dekt av EU.

Ineffektive

Underfinansieringa og dei administrative pliktene og dei finansielle reglane og oppfylging av desse, blir vurderte som ineffektive av forskarar, går det fram av rapporten. Dette er klart uhaldbart og verkar demotiverande for framtidig deltaking, konstaterer evalueringsrapporten.

Rapporten viser også at norske forskarar gjer det godt på område som klima/miljø, mat og energi. Små og mellomstore bedrifter har godt gjennomslag, medan store norske bedrifter ikkje har gjort det så godt. Det store fleirtalet av dei norske aktørane skildrar deltakinga i rammeprogrammet som vellykka.

– Administrativ bør

– Rapporten gir oss viktige innspel til ein diskusjon om korleis me best kan sikra ei god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking framover. Det er høgt tempo i utviklinga av det europeiske forskingssamarbeidet frå EUs side, og me må fylgja opp med klare norske prioriteringar for dette samarbeidet og effektive verkemiddel for god norsk deltaking.

– Eg har spesielt merkt meg at mange meiner at deltaking medfører ei administrativ bør. Det er difor svært viktig å leggja best mogleg til rette for at forskarar og bedrifter kan delta, understreka statsråd Tora Aasland.

 

Emneord: Forskningspolitikk, EU Av Martin Toft
Publisert 12. jan. 2010 17:42 - Sist endra 17. jan. 2010 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere