– Forsking og utdanning gjer livet vårt rikare

– Den viktigaste verdien med forsking og høgare utdanning er at den gir menneska meir kunnskap og bidrar til å gjera livet vårt rikare. Det sa statsminister Jens Stoltenberg på Kunnskapsdepartementets kontaktkonferanse i Oslo i formiddag.  

SKAL FINANSIERA FORSKING: – Det offentlege skal finansiera forsking, men ikkje den forskinga som det private næringslivet uansett vil gjennomføra, sa statsminister Jens Stoltenberg på Kunnskapsdepartementets kontakfkonferanse tysdag 19. januar.

Foto: Ola Sæther

Statsminister Jens Stoltenberg åtvara mot berre å leggja vekt på økonomiske verdiar når ein skal grunngi behovet for forsking og høgare utdanning.

– Tendensen er at me seier at me treng forsking, fordi det vil gi Noreg auka produksjon og fleire arbeidsplassar. Og argumentet for satsinga på høgare utdanning er at me treng kvalifisert arbeidskraft, ikkje minst i helse- og omsorgsyrka.

– Sjølvsagt har eg all respekt for dei økonomiske argumenta, men forsking og høgare utdanning har også ein verdi i seg sjølv. Den gir oss alle høve til å få vita meir og skaffa oss meir kunnskap som er med på å gjera livet mykje rikare, meinte Stoltenberg.

– Berre Singapore brukar meir pengar

Sosialøkonomen Jens Stoltenberg innleidde likevel talen sin med å visa til økonomisk statistikk som viser at regjeringa han leier, satsar på forsking og høgare utdanning.

– Av OECD-landa er det berre Singapore som brukar meir offentlege pengar på forsking for kvar innbyggjar. Om me tar med den statlege investeringa i oljesektoren, ligg Noreg likevel på 7. plass av OECD-landa når det gjeld kor stor del av dei offentlege løyvingane som går til denne sektoren, peika Stoltenberg på.

Det er den privatfinansierte forskinga som gjer at Noreg kjem dårlegare ut samanlikna med land som USA, Sverige, Finland og Danmark.

– Men viss me overlet forskinga til marknaden, forskar me for lite. For dei private selskapa forskar for å koma fram til resultat som kan gi nye produkt. Den samfunnmessige gevinsten av forskinga må det vera fleire enn bedrifter som har glede av. Det offentlege skal finansiera forsking, men ikkje den forskinga som det private næringslivet uansett vil gjennomføra, presiserte han.

Farmasiselskapa prioriterer ikkje dei fattige

For å illustrera kva han sikta til, viste han til den internasjonale vaksinealliansen, som han har vore engasjert i saman med Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates.

– Farmasiselskapa er mest interesserte i å få fram medisinar som dei får gode inntekter frå i rike land. Dei er ikkje så interesserte i å forska på det som dei fattige i fattige land treng mest. Med pengar frå vaksinealliansen er mellom andre forskarar frå Haukeland universitetssjukehus i Bergen i ferd med å framstilla ein vaksine mot diaré og mot lungebetennelse. Det er dei vanlegaste sjukdomane barn døyr av i verda, slo han fast.

– Formidabel vekst

Statsministeren sa at regjeringa har satsa på forsking og vil halda fram med det.

– Det har vore ein formidabel vekst i løyvingane til forsking og utvikling sidan 2005. Veksten har vore på 27 prosent, medan veksten i kommunesektoren har vore på 15 prosent veksten i helsesektoren har vore på 10 prosent i den same perioden. Dessutan har det vore ein realvekst i løyvingane til høgare utdanning på seks prosent i det same tidsrommet, sa han.

Stoltenberg drog fram paradokset i at auka løyvingar til forsking vil gi fleire forskarar og fleire idear til gode prosjekt.

– Det er sant at forsking og høgare utdanning har behov for endå meir pengar. Regjeringa må derimot sjå på heilskapen. På sosialøkonomi har me forska oss fram til at det er farleg å bruka for mykje pengar. Det er ikkje eit omstridd syn i faget mitt. Me må heile tida avvega pengebruken i eit område i høve til eit anna område, presiserte Stoltenberg.

– Skeptisk til dei skråsikre

Og han vedgjekk at det var ein type argumentasjon han absolutt ikkje kunne ta for god fisk.

– Eg er alltid skeptisk til å snakka med folk som er skråsikre på kva Noreg skal leva av i framtida. Historia viser at ingen i fortida har klart å spå kva Noreg skal leva av i framtida. Ingen spådde at fossekrafta skulle bli drivkrafta i industrialiseringa av Noreg. I 1950-åra la Noregs geologiske undersøkingar (NGU) fram ein rapport som konkluderte med at det er ”utelukket at det fins hydrokarboner på norsk sokkel”, siterte Stoltenberg.

Og han heldt fram:

– Ingen klarte på 1970-talet å spå at oppdrettsnæringa 30 år seinare ville bli Noregs viktigaste eksportnæring etter olja. Då var det heller ingen som hadde trudd at det norske Televerket nokre tiår seinare ville utvikla seg til det suksessrike og multinasjonale telekommunikasjonsselskapet Telenor.

Stoltenberg såg ikkje bort frå at det kunne koma fleire statlege investeringar, også til forsking og høgare utdanning.

– Då er me avhengige av at dei som i dag står utanfor arbeidsmarknaden, anten fordi dei ikkje får arbeid eller fordi dei er langtidssjukmelde, kan få høve til å koma inn i arbeidsmarknaden igjen. Medan regjeringa har auka dei offentlege løyvingane til forsking og utvikling med fem milliardar sidan 2005, har trygdeutgiftene auka med ti milliardar kroner i den same perioden, konstaterte han.

Strekte ut ei hand

Regjeringssjefen strekte ut ei hand til representantar frå forskings- og utdanningssektoren og oppmoda dei til å ta kontakt med regjeringa i god tid før forslaget til statsbudsjett blir lagt fram.

– Med ei fleirtalsregjering vil dei aller fleste sakene vera avgjorde før dei kjem til Stortinget. Eg kan likevel ikkje avsløra kva forslaget til statsbudsjett for 2011 vil innehalda før til hausten.

Statsministeren drog også ein vits om skilnaden på økonomane frå Handelshøyskolen BI og økonomane frå samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo.

– Økonomane frå BI ser på skatt som ei utgift, medan me økonomar frå Blindern ser på skatt som ei inntekt, smilte han.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2010 15:27 - Sist endra 19. jan. 2010 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere