– Verdas beste skal velja UiO

UiO skal satsa endå meir på internasjonalisering. – Det kan betra omdømmet vårt som eit leiande, internasjonalt universitet, og det vil føra til at me kan trekkja til oss dei flinkaste forskarane og studentane, trur viserektor Doris Jorde, som er rektoratet sin ”utanriksminister”.  

FLINKARE: – Internasjonalisering begynner heime. Difor må UiO bli flinkare til å skapa treffstader der internasjonale studentar kan bli kjende med norske studentar, meiner viserektor Doris Jorde.

Foto: Ola Sæther

– Utfordringane er globale, og då tenkjer eg ikkje berre på klima og miljø, men også fred og konfliktar. Dette er globale tema der UiO har ei viktig rolle å spela i samfunnsdebatten. Målet vårt er ikkje berre å plassera UiO som eit synleg universitet i Noreg, men det skal i høgste grad også ha ein viktig plass i Europa og i resten av verda, peikar Doris Jorde på.

– Internasjonalisering på kartet

I dag har UiO 800 emne og 42 mastergradsprogram på engelsk. Elleve prosent av studentane er frå 130 land utanfor Noreg. Og det er 1700 studentutvekslingar i året mellom Universitetet i Oslo og andre universitet. Viserektoren vil likevel ha endå meir internasjonalisering.

– Me ynskjer å setja internasjonalisering på kartet og få det poda inn hos alle dei UiO-tilsette. Universitetet i Oslo skal vera med og konkurrera om dei flinkaste studentane og forskarane. For å arbeida vidare med dette har me sett ned eit eige utval på åtte medlemar med folk frå Studieavdelinga og Forskingsadministrativ avdeling, fortel Doris Jorde, som sjølv leier utvalet.

I budsjettet for 2010 har utvalet fått løyvd to millionar kroner til dette arbeidet. Dei møttest i førre veke.

– Det første me gjorde var å lata tilsette frå Forskingsadministrativ avdeling og Studieavdelinga fortelja om dei ulike internasjonale prosjekta dei var engasjerte i, seier ho. Rektoratet sin ”utanriksminister” vil gjerne at kompetansen til UiO skal bli brukt meir enn i dag på alt som har å gjera med internasjonalisering. Ho minner om at det også gjennomsyrer utkastet til strategisk plan.

Frå Berkeley til UiO-toppen

Viserektor Doris Jorde hadde sjølv doktorgrad frå Berkeley-universitetet før ho kom til UiO og blei professor i naturfagsdidaktikk.

– Og no er eg blitt med i rektoratet. Som forskar var eg opptatt av internasjonalisering, og den kunnskapen får eg no godt bruk for som viserektor for internasjonalisering. Eg synest det er flott for både meg og UiO at eg som amerikanar er blitt ein del av rektoratet ved UiO, seier Jorde.

Satsar på Minnesota

Difor synest ho det er flott at UiO no satsar stort på eit nært samarbeid med University of Minnesota i Minneapolis.

– Det ser eg fram til. Og den gode mottakinga me fekk då me var på besøk der borte under Science Week, tyder på at det samarbeidet kan bli svært godt. Tidlegare visepresident Walter Mondale hadde tett kontakt med rektor Ole Petter Ottersen, og begge er opptatt av å visa kor stort internasjonalt nettverk dei to universiteta har til saman. Og det kan me utnytta til beste for begge universiteta. Walter Mondale hadde god kunnskap om Den internasjonale sommarskulen ved UiO, som han meinte me kunne vera stolte av, minnest Jorde.

– No ynskjer me å utvikla samarbeidet med University of Minnesota vidare. Difor vil me ha meir utveksling på alle nivå, både bachelor, master og ph.d. Med gode bilaterale avtalar som denne, vil me kunna trekkja til oss dei beste kandidatane og få dei tidleg rekrutterte inn i forskinga. Det kan vera ein fordel for UiO, trur ho.

I dag har UiO 140 bilaterale avtalar med universitet over heile verda.

– Forskarar ved Universitetet i Oslo arbeider med forskarar frå heile verda. Utvalet ynskjer å samla den informasjonen, slik at me heile tida er klare til å gå inn i samarbeid i dei geografiske områda som blir prioriterte av Utanriksdepartementet, NORAD, Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av høgare utdanning. Eitt år kan det vera India som er i fokus, eit anna år kan det vera Latin-Amerika eller Sør-Afrika. Samtidig må me heile tida tenkja på kva som gagnar UiO sine interesser best, understrekar Jorde.

– Begynner heime

Men ho er også oppteken av andre delar av internasjonaliseringa.

– Internasjonalisering begynner heime. Difor må UiO bli flinkare til å skapa treffstader der internasjonale studentar kan bli kjende med norske studentar. Og det er også viktig å ta imot dei på ein god og positiv måte, synest ho. For Doris Jorde vil gjerne ha dei med på alle plan.

– I samband med 200-årsjubileet i 2011 har internasjonale studentar arbeidd med spørsmålet om korleis dei kan koma inn i jubileumsarbeidet. Dei vil samarbeida nært med ein del viktige partnarar når det gjeld dette spørsmålet.

– Og korleis skal de skapa interesse for dette temaet?

– Me skal få det med i møte i studiekomiteen og forskingskomiteen. Og eg skal ta det opp på dekanmøta, lovar viserektor Doris Jorde.

 

Emneord: Studentforhold, Forskningssamarbeid, Internasjonalisering, Strategisk plan Av Martin Toft
Publisert 3. des. 2009 10:29 - Sist endra 3. des. 2009 10:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere