UiO samarbeider med Noregs største sjukehus

Universitetet i Oslo og Oslo universitetssykehus (OUS) underskreiv i dag ein samarbeidsavtale. – Oslo universitetetssykehus er truleg vår aller viktigaste samarbeidspartnar, sa universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe før ho og OUS-direktør Siri Hatlen signerte avtalen.  

SIGNERER: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og adm.dir. Siri Hatlen signerer avtalen mellom UiO og OUS.

Foto: Ola Sæther

Frå nyttår vil Oslo universitetssykehus vera oppe og gå. Samtidig vil Det medisinske fakultetet ha blitt omorganisert frå ti til tre institutt.

Oslo universitetssykehus er resultatet av samanslåinga av Rikshospitalet/Radiumhospitalet, Ullevål og Aker sykehus. Samtidig er fakultetsdivisjonane på dei tre tidlegare sjølvstendige sjukehusa, saman med fakultetsdivisjonen ved Ahus og Institutt for psykiatri, gått inn i det nye Institutt for sjukehusmedisin på Det medisinske fakultetet. Omstruktureringa gjorde det naudsynt med ein ny samarbeidsavtale mellom Universitetet i Oslo og Oslo universitetssykehus.

– Klare i god tid før fristen

– Den framtidige samarbeidsavtalen mellom dei to institusjonane blei utan ein djupare diskusjon vedtatt av Universitetsstyret i novembermøtet. Dermed er me klare til å skriva under avtalen i god tid før fristen, sa rektor Ole Petter Ottersen.

Og administrerande direktør Siri Hatlen ved Oslo universitetssykehus fylgde opp.

– Det er viktig å få på plass denne avtalen i god tid før Oslo universitetssykehus har begynt å fungera frå 1. januar 2010. Så kunne universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe signera avtalen på vegner av UiO og administrerande direktør Siri Hatlen på vegner av Oslo universitetssykehus.

Samordning av ressursane

Samarbeidsavtalen legg til rette for ei god samordning av ressursane og for at UiOs og Oslo universitetssykehus’ lovpålagde forskings- og undervisningsplikter blir koordinerte og integrerte på ein best mogleg måte, slik at både forskinga og undervisninga held eit høgt fagleg nivå.
 

Også i framtida vil mesteparten av samarbeidet gå føre seg mellom universitetssjukehuset og Det medisinske fakultetet, i hovudsak Institutt for sjukehusmedisin. Men også Det odontologiske fakultetet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og SV-fakultetet samarbeider med sjukehuset.

Samarbeidsavtalen er ei overordna ramme for alle mindre avtalar mellom UiO og OUS. Supplerande avtalar vil regulera forholdet til universitetstilsette på helseføretaket, samarbeid om studentundervisning, samarbeid om medisinskteknisk utstyr og samarbeid om IT-tenester med meir, går det fram av teksten i samarbeidsavtalen.
 

Emneord: Universitetspolitikk, Medisin Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2009 15:28 - Sist endra 14. des. 2009 14:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere