UiO har Nordens beste IT-forsking

IT-forskinga ved Universitetet i Oslo kjem på førsteplass i Norden, sjetteplass i Europa og på 49.-plass i verda på den prestisjetunge rankinglista til Shanghai Jiao Tong-universitetet i Kina. – Dette er utruleg kjekt, seier Morten Dæhlen som leier Institutt for informatikk.

OPPOVER: – Eg trur innflyttinga i den nye informatikkbygningen neste år kan gi oss høve til å klatra oppover på rankinglista, seier instituttleiar Morten Dæhlen, som her står på taket av den nesten ferdige, nye informatikkbygningen.

Foto: Ola Sæther

I Europa er det berre universiteta i Oxford og Cambridge, dei to avdelingane av Swiss Federal Institute of Technology i Zürich og Lausanne og University of Manchester som gjer det betre i IT-forsking enn Universitetet i Oslo. På verdsbasis deler universiteta i München og Torino 49.-plassen med UiO.

– Fantastisk

– Dette er fantastisk og viser at me er på rett veg. IT-forskinga i München og Torino har høg prestisje, så det er utruleg å få den same plasseringa som dei. I dag har me ikkje ressursar nok til å nå opp til dei aller beste i Europa, som  til dømes universiteta i Oxford og Cambridge. Dei lever på eit heilt anna ressursnivå, seier instituttleiar Morten Dæhlen til Uniforum.

Stanford gjer det best

verdsrangeringa tar Stanford University i California førsteplassen,tett fylgd av Massachussets Institute of Technology (MIT) og Berkeley-universitetet. På denne lista kjem Harvard-universitetet først på ellevteplass, og må sjå seg slått av eit universitet som ikkje ligg i USA, nemleg University of Toronto som kjem på åttandeplass. Også to israelske universitet gjer det betre i IT-forsking enn det beste europeiske universitetet, altså University of Oxford.

– Håpar å klatra oppover

No håpar instituttleiar Morten Dæhlen at dei kan gjera det endå betre i framtida.

– Eg trur innflyttinga i den nye informatikkbygningen neste år kan gi oss høve til å klatra oppover på rankinglista. Samtidig må me vera litt audmjuke og vedgå at ei slik rankingliste ikkje fortel alt. Det er likevel kjekt å koma så godt ut nettopp på denne rangeringa, for den blir rekna som ei av dei to mest seriøse og prestisjetunge, understrekar Morten Dæhlen.

Københavns Universitet får ei plassering mellom nr. 52 og 75 på denne lista. Uppsala universitet hamnar mellom nummer 76 og 100 på rangeringa. Det er berre tre nordiske universitet mellom dei 100 beste.

Rankinglista blei offentleggjort 2. november, men då var det plasseringa til universiteta det blei mest merksemd rundt. Korleis universiteta gjorde det på ulike fagfelt, kom den gongen heilt i bakgrunnen. Som institusjon ligg Universitetet i Oslo på 65.-plass på verdsrangeringa for 2009.


 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 3. des. 2009 12:39 - Sist endra 4. des. 2009 09:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere