UiO får ny grafisk profil

Universitetet i Oslo kunne i dag presentera sin nye grafiske profil. – Apollonseglet frå 1835 er framleis med, men det er blitt raudt, og streken er gjort tydelegare slik at den er betre tilpassa webben, seier Hanne Utigard som er grafisk designar i Informasjonsavdelinga.  

NY GRAFISK PROFIL :  – Med den nye grafiske profilen kan UiO stå klart fram som ei eining, samtidig som det gir rom for mangfaldet, synest grafisk designar Hanne Utigard i Informasjonsavdelinga ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Dermed er den nye grafiske profilen til UiO klar i god tid før 200-årsjubileet i 2011.

– Dette er svært flott. Eg er veldig glad i rangeringar, og eg er viss på at den nye grafiske profilen vil posisjonera UiO så godt at det vil klatra endå fleire plassar oppover på listene, sa universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe då ho opna presentasjonen av den nye grafiske profilen til Universitetet i Oslo.

Det er byrået Rayon som har utvikla den nye grafiske profilen og det raude Apollon-seglet i nært samarbeid med assisterande kommunikasjonsdirektør Marina Tofting, grafisk designar Hanne Utigard og prosjektrådgjevar Lise Rogne.

– Kommuniserer dårleg digitalt

– Den gamle grafiske profilen støttar ikkje UiOs visjon om å bli eit forskingsuniversitet av god internasjonal standard. Den kommuniserer også dårleg i digitale kanalar, synest grafisk designar Hanne Utigard.

– Med den nye grafiske profilen kan UiO stå klart fram som ei eining, samtidig som det gir rom for mangfaldet. Difor er me glade for at me i dag kan visa fram resultatet av hard jobbing, legg ho til.

UiO :

I den nye grafiske profilen vil forkortinga UiO: gå igjen i alle skriv frå universitetet. Så kjem namnet på fakultetet, instituttet eller senteret til høgre, og namnet på den overordna eininga kjem på linja under. Den nye grafiske profilen og det nye, raude Apollon-seglet skal etter kvart inn på alt frå nettsider til doktoravhandlingar, skilt og visittkort på heile UiO.

– Betre profilering

 


 

NYE LOGOAR: Dette blir Universitetet i Oslos nye grafiske profil. (Foto: Ola Sæther)

 

– Det trur me gir plass for ei endå betre profilering av institutta og sentra, meinte kreativ leiar Henrik Haugan i Rayon. Poenget vårt var nettopp ikkje å visa heile styringslinja i alle logoane, sa dei.

Universitetsdirektøren trudde ikkje det skulle bli vanskeleg å få dei tilsette til å bruka den nye grafiske profilen. – Det skal skje gjennom naturleg avgang av den gamle grafiske profilen. Eg trur ikkje det skal bli noko stort problem å få til ein smertefri overgang til den nye grafiske profilen, meinte Bjørneboe.

Halv million kroner

Utviklinga av den grafiske profilen har kosta UiO ein halv million kroner.

– Eg er viss på at det er godt investerte pengar, konstaterte assisterande kommunikasjonsdirektør Marina Tofting, som har leidd utvalet som har deltatt i utviklinga av den nye grafiske profilen. Kommunikasjonsidirektør Siv Nordrum syntest ho fortente stor heider for det.

– Det gjer også grafisk designar Hanne Utigard og tidlegare grafisk ansvarleg Alv Reidar Dale, understreka ho. – Det er ein liten revolusjon å få laga ein ny grafisk profil for UiO. Og den skal avspegla at me alle saman no spelar på same lag, altså på UiO, slo kommunikasjonsdirektøren fast.

Tilgjengeleg for alle før jul

Alle som treng dei nye grafiske profilane kan få dei så snart dei er formelt godkjende av absolutt alle som har eit ord med i laget.

– Me vil tru at det skal vera mogleg å senda dei ut til fakulteta, institutta og sentra i god tid før jul. Og dei som det hastar mest for, kan venda seg til oss, slik at me kan få prioritert dei, sa Lise Rogne og Hanne Utigard. E-postadressa er grafisk-profil@admin.uio.no

– Så langt vil forkortinga UiO: også gå igjen på dei engelskspråklege breva, dokumenta, nettsidene og avhandlingane. Men den grafiske profilen på engelsk er me framleis i diskusjon om, sa Utigard.

Grafikarane i Rayon hadde hatt mykje moro med kolonet i UiO:

– Det kan vera to utgåver av Apollonseglet. I alle fall er kolonet det typografiske limet i den nye grafiske profilen, sa kreativ leiar Henrik Haugan i Rayon. 

Emneord: Grafisk profil, Informasjonsavdelinga Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2009 16:06 - Sist endra 7. des. 2009 13:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere