Sparkar i gang vitskapleg tidsskrift

UiO-professorane Ørjan Martinsen og Sverre Grimnes har starta verdas første og einaste vitskaplege tidsskrift for faget bioimpedans. Det elektroniske tidsskriftet Journal of Electrical Bioimpedance (JEB) publiserte sin første artikkel den 3. desember

HEILE VERDA: – Me håpar at dette vitskaplege tidsskriftet blir brukt av alle i heile verda som forskar på dette området, fortel forskarane   Sverre Grimnes (t.v.) og Ørjan Martinsen. Dei har starta Journal of Electrical Bioimpedance (JEB).

Foto: Ola Sæther

Bioimpedans handlar om elektriske eigenskapar i biologisk vev, og faget ligg i grenselandet mellom fysikk, medisin og ingeniørfag. No får faget sitt første spesialiserte, vitskaplege tidsskrift.

– Det var ein artikkel i Uniforum om kor mykje enklare det var å starta elektroniske tidsskrifter, som sette oss på tanken om å starta eit ope tilgjengeleg, elektronisk, fagfellevurdert tidsskrift for vårt fagområde. Og no har tanken blitt til røyndom, fortel UiO-professorane Ørjan Martinsen og Sverre Grimnes til Uniforum.

Den 3. desember kunne dei opna tidsskriftet med å publisera den aller første fagfellevurderte artikkelen i Journal of of Electrical Bioimpedance (JEB). Artikkelen er skriven av forskaren Donald P. Bernstein frå Palomar Medical Center, Escondido i California.

Første spesialtidsskrift

– Fram til no har det ikkje vore eit einaste spesialtidsskrift innanfor fagfeltet vårt. Me håpar difor at dette vitskaplege tidsskriftet blir brukt av alle i heile verda som forskar på dette området, fortel Martinsen. Dei to forskarane arbeider i forskingsprosjektet Oslo Bioimpedance Group på Fysisk institutt og Rikshospitalet. Sverre Grimnes er professor II ved Fysisk institutt, men arbeider også på Medisinsk-teknisk avdeling ved Rikshospitalet

– Gratis publisering

– Alle artiklane blir fagfellevurderte, men når dei er blitt det, tar det ikkje lang tid før dei blir publiserte og tilgjengelege for heile verda. Dessutan er det heilt gratis å få publisert artiklane sine i dette elekroniske tidsskriftet, understrekar Grimnes. Dei har no oppretta eit nettverk med 20 regionale redaktørar på fire kontinent. Dei tar ansvar for fagfellevurderinga av artiklane og sender dei til andre forskarar for å få ekspertuttaler. Det aller siste ordet er det hovudredaktørane Ørjan Martinsen og Sverre Grimnes som har.

– Fagfellevurderinga sikrar kvaliteten

– Kvaliteten er knytt til fagfellevurderinga. Viss me slepp til for mykje dårleg forsking, vil det gå ut over kvaliteten og truverdet til tidsskriftet. Men me tilbyd meir rettleiing til doktorstudentar. Dei får artiklane gjennom fleire rundar med fagfellevurdering, slik at dei får den kvaliteten dei må ha for å kunna bli publiserte i tidsskriftet, fortel dei.

Vil skapa blest om faget

Ørjan Martinsen og Sverre Grimnes tilhøyrer eit fagmiljø som er svært lite både nasjonalt og internasjonalt.

– Me håpar at eit slikt vitskapleg tidsskrift kan skapa meir blest om faget vårt. Difor vil me søkja om at den internasjonale databasen ISI tar tidsskriftet med blant dei som gir poeng til artikkelforfattarane. Dersom ein artikkel i gjennomsnitt blir sitert ofte i løpet av eitt år, vil tidsskriftet kunna få ein høg ”Impact factor” i ISI-databasen. Viss den blir høg nok, kan tidsskriftet bli rangert som eit nivå 2-tidsskrift i den nasjonale forskingsdatabasen Frida, fortel Martinsen.

Eit fag i grenseland

Faget bioimpedans er ganske ukjent for dei fleste. Faget kjem til nytte i i hjartemedisin, men også i måling av kjøtkvalitet og til utvikling av sensorar som måler fingeravtrykk. Grimnes fortel at det difor er eit svært viktig fag både for medisin, fysikk og ingeniørfag.

– Det er mange som er plaga av at dei sveittar for mykje. Det kan det vera både fysiske og psykiske årsaker til. På Rikshospitalet har fagmiljøet vårt klart å utvikla ein sveittemålar, som er basert på at me sender elektrisk straum gjennom vevet. Det kan føra til eit betre liv for desse personane, fortel han.

Dersom andre forskarar er i ferd med å gjera liknande funn i skjeringspunktet mellom desse faga, kan dei publisera ein vitskapleg artikkel om det i Journal of Electrical Bioimpedance.

– Me er heilt sikre på at det er behov for eit slikt vitskapleg tidsskrift, seier Grimnes og Martinsen til Uniforum.

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Fysikk Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2009 15:38 - Sist endra 18. des. 2009 15:55

Kunne journalisten ikke for god ordens skyld have nævnt at tidsskriftet er oprettet indenfor FRITT, som er en tjeneste UiO tilbyder alle fagmiljøer.

Se www.journals.uio.no

Morten Erlandsen - 5. jan. 2010 09:31

Det kunne sjølvsagt journalisten ha gjort. Men no har jo du vore så gild at du har kome med dei opplysningane som mangla. Då får alle den nødvendige informasjonen.

 

Martin Toft - 5. jan. 2010 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere