Medisin blir meir internasjonalt

– Å gi råd til forskarar som skal søkja pengar frå EU og å kartleggja alle dei internasjonale samarbeidsavtalane til fakultetet, blir dei viktigaste oppgåvene våre, fortel Julia Ferkis, som er tilsett som den første leiaren for Seksjon for internasjonalisering ved Det medisinske fakultetet.  

MANGLAR OVERSYN: – Det finst ikkje noko samla oversyn over kor mange avtalar fakultetet har med dei medisinske fagmiljøa i andre land, seier Julia Ferkis som leier Seksjon for internasjonalisering ved Det medisinske fakultetet.

Foto: Martin Toft

– For å få dette til er eg no i ferd med å besøkja alle institutta på Det medisinske fakultetet, slik at dei blir kjende med dei oppgåvene me kan hjelpa dei med. Då reknar eg med at dei ikkje sender den neste førespurnaden frå meg rett i papirkorga, seier Julia Ferkis til Uniforum.

Ho har tidlegare vore administrativ leiar for Russlandssenteret i Moskva og leiar for internasjonal avdeling ved Sunnaas sykehus. Ferkis har også vore administrativ leiar for SFF-senteret Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN)

– Manglar samla oversyn

Det medisinske fakultetet har mange samarbeidsavtalar med søsterfakultet over heile kloden, har ho oppdaga.

– Både samarbeidet med Kina og med Nordvest-Russland er svært stort. Også i ScandBalt-nettverket deltar Det medisinske fakultetet. Det finst likevel ikkje noko samla oversyn over kor mange forskingsavtalar fakultetet har med dei medisinske fagmiljøa i andre land.. Den opprydinga ynskjer eg no å gjera, slik at me etter kvart kan få eit fullstendig oversyn på ei eiga nettside, understrekar Ferkis.

– Me er svært stolte over vårt internasjonale studentutvekslingsprogram. Det niande semesteret på medisinstudiet går føre seg på engelsk, og det gjer det mogleg med ei reell utveksling med partnaruniversiteta våre, understrekar ho.

– Vil ha kontroll over institusjonsavtalane

– Vil det seia at alle forskarar må gå gjennom deg for å kunna snakka med forskarar frå utanlandske universitet?

– Nei, på ingen måte. Me skal ikkje blanda oss bort i forskar-til-forskar-samarbeidet. Det er berre dei reine institusjonsavtalane me gjerne vil ha kontroll over. På den måten blir det også lettare å visa studentar og forskarar kva fordelar dei vil ha ved å ta eit semester eller to ved eit utanlandsk universitet, og at det finst gunstige ordningar for dei forskarane og studentane som kjem hit frå eit samarbeidsuniversitet, konstaterer ho.

– Ynskjer betre mottaksapparat

I Internasjonal seksjon arbeider dei i dag med internasjonal studentutveksling og med internasjonalt forskingssamarbeid. Dei fire tilsette har også ei referansegruppe med representantar frå alle institutta.

– Me ynskjer også å få organisert mottaksapparatet for dei internasjonale studentane og forskarane endå betre. I dag er det for få gjesteforskarbustader. Eg har hatt eit møte med administrativ direktør Lisbeth Dyrberg i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) for å prøva å få gjort noko med det, fortel ho.

– Dessverre kan det ta fleire år før me når målet om å kunna tilby ein bustad frå UiO til alle gjesteforskarane som kjem til fakultetet vårt, legg ho til.

God innføring om pengestøtte frå EU

Julia Ferkis er godt nøgd med innføringa ho og medarbeidarane deira har fått i utarbeiding av søknader om EU-pengar.

– EU-rådgjevar Emanuel Babatunde i Forskingsadministrativ avdeling var svært flink, då han heldt eit kurs på fakultetet om korleis forskarane skulle gå fram for å senda inn søknader om økonomisk støtte frå EUs rammeprogram. Det trur eg kan vera med på å gjera terskelen for å senda inn søknader til EU endå lågare enn den er i dag, seier ho.

Julia Ferkis oppfordrar alle som har spørsmål om internasjonalt samarbeid, til å ta kontakt.

– Me skal prøva å svara på alt det dei lurer på, lovar ho.


 

Emneord: Internasjonalisering, Medisin Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2009 15:41 - Sist endra 8. des. 2009 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere