Kjempar for fridom i Iran

Studentar og akademikarar i Iran demonstrerer denne veka på nytt mot presteregimet. Dei blir møtte med tåregass og arrestasjonar. – Det er viktig at studentar og akademikarar i andre land viser solidaritet med dei, seier menneskerettsaktivisten og UiO-forskaren Mahmood Amiry-Moghaddam til Uniforum. 

”NED MED DIKTATOREN": – Medan demonstrantane i Iran tidlegare berre hadde ropt slagord mot den attvalde presidenten, Mahmoud Ahmadinejad, har dei no begynt å ropa ”Ned med diktatoren” og ”Slepp alle politiske fangar fri”, fortel menneskerettsaktivisten Mahmood Amiry-Moghaddam.

Foto: Ola Sæther

På måndag var det ei stille markering på Frederikkeplassen i solidaritet med dei protesterande studentane og akademikarane i Iran. Også UiO-rektor Ole Petter Ottersen kom dit for å halda ein appell til støtte for den akademiske fridomen i Iran.

– Det var ei fin markering fordi den viser at dei som protesterer i Iran ikkje står åleine, men får moralsk støtte frå folk i heile verda. Eg vil oppmoda både studentar og akademikarar på UiO om å delta i slike markeringar. Det kan vera at dei ikkje får visum neste gong dei vil reisa til Iran, men i Iran risikerer studentar og akademikarar livet for å kjempa for det dei trur på, fortel UiO-forskaren Mahmood Amiry-Moghaddam, som er sterkt engasjert i menneskerettssituasjonen i det opphavlege heimlandet sitt.

På universitet i Canada, USA og i Tyskland var det liknande støtteaksjonar denne veka.. For han er dei siste demonstrasjonane eit klart teikn på at dei iranske makthavarane, med president Mahmoud Ahmadinejad og den øvste leiaren Ali Khamenei i spissen, ikkje har lykkast med å undertrykkja protestrørsla som demonstrerte mot det offisielle resultatet av presidentvalet i juni.

– Slagord mot Ali Khamenei

– Medan dei tidlegare berre hadde ropt slagord mot den attvalde presidenten, Mahmoud Ahmadinejad, har dei no begynt å ropa ”Ned med diktatoren” og ”Slepp alle politiske fangar fri”. Ein ser også at dei brenner bilete av og ropar slagord mot den øvste leiaren, Ali Khamenei, noko dei aldri vågde å gjera tidlegare, har Amiry-Moghaddam registrert. Han har også inntrykk av at protestrørsla har endra taktikken for korleis dei kan oppnå reformer, demokrati og ytringsfridom.

– Før trudde mange at dei ville kunna klara å få det til gjennom reformer innanfrå det sitjande regimet, gjennom dei mest reformvennlege politikarane. No trur eg at dei har gitt opp dette synet, og er overtydde om at det ikkje blir reformer utan at dagens presteregime er borte. Samtidig blir dei reformvennlege politikarane som støtta motkandidaten til Ahmadinejad, Mir Hossein Mousavi, inviterte til å delta i protestane. Det tyder på at protestrørsla står på eigne bein. Eit teikn på det kan vera at presset mot både kvinneorganisasjonar, studentorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar aukar, konstaterer han.

– Over 40 studentar utviste

På universiteta er den tidlegare leiinga skifta ut med leiarar som er 100 prosent lojale mot regjeringa og Vaktarrådet. Det får konsekvensar for studentane.

– Sidan markeringa av 30-årsminnet for okkupasjonen av den amerikanske ambassaden tidlegare i haust har mellom 40 og 50 studentar blitt kasta ut av universiteta. Personleg kjenner eg ein som blei utvist frå det tekniske universitetet i Teheran etter vedtak i disiplinærnemnda. Årsaka var at han hadde spreidd nyhende om brot på menneskerettane i Iran. Og det er eit av dei vanskelegaste universiteta å koma inn på. Difor er det berre dei som har best karakterar som får ein plass på det universitetet, men det tar ikkje dagens universitetsleiing omsyn til, peikar han på.

– Ynskjer meir undervisning i islamsk ideologi

Makthavarane i dag ser med kritiske auge på universiteta.

– Tidlegare i haust kom den øvste leiaren Khamenei med eit utspel der han stilte seg kritisk til at over 70 prosent av dei iranske studentane tok humanistiske fag, med skriftene til filosofar som til dømes Hegel i fagkrinsen. Han tok til orde for at det burde vera meir undervisning i islamsk filosofi og ideologi og åndelege spørsmål. Dermed tok han opp igjen ein del av tråden frå kulturrevolusjonen til Khomeini, fortel han.

– Frykta er borte

Likevel er Den islamske revolusjonen i 1979 ei inspirasjonskjelde for dagens unge.

– Ja, det er klart. For den viser at det er mogleg å få til eit regimeskifte. På den tida kalla me sjahen for ”Kongenes konge” i aviser, radio og fjernsyn. Så byrja ei avis berre å kalla han for ”Kongen”, og då blei frykta for han og politiet hans også borte. Det er det same som har skjedd når det gjeld Ali Khamenei i dag. Når dei ropar ”Ned med diktatoren”, så er det han dei meiner. Frykta er borte, trur han.

Det var nettopp markeringa av drapet på tre studentar under protestane mot sjahen i 1953, som var utgangspunktet for demonstrasjonane denne veka.

– I 1953 protesterte studentane mot Storbritannias og USAs støtte til kuppet mot statsminister Mohammed Mosaddeq og dei påfylgjande avrettingane av fleire av statsrådane hans. Denne gongen markerer dei dette samtidig på seks universitet i Teheran og i mange byar utanfor hovudstaden. Dermed blir det vanskelegare for politistyrkane å få kontroll over alle dei som protesterer, samtidig som dei er flinke til å senda ut informasjon på mobil eller via Internett, fortel Amiry-Moghaddam.

To val

Han trur det iranske regimet no berre har to val.

– Regimet må gi etter for demonstrantane sine krav, eller så må dei knebla og undertrykkja dei endå meir enn i dag. Iran er i ein vanskeleg politisk og økonomisk situasjon og prøver fortvila å skaffa seg nye venner over heile verda. Difor reiser Ahmadinejad rundt i Latin-Amerika og i Asia og besøkjer Venezuelas president Hugo Chavez og opnar Iran-finansierte sjukehusavdelingar i Honduras.

 

Emneord: Iran, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2009 11:12 - Sist endra 9. des. 2009 11:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere