Ida mest populær i National Geographic

Oppdaginga og presentasjonen av apefossilet Ida var den mest populære saka hos lesarane til National Geograpic i 2009. Det melder nettutgåva til magasinet.

POPULÆR IDA: - Ida er blitt vårt "Skrik" og Madonna, seier førsteamanuensis Jørn Hurum ved Naturhistorisk museum, UiO.

Foto: Yngve Vogt

I konkurranse med funnet av ein 60 millionar år gammal slange som var lenger enn ein buss og funnet av ein fisk med gjennomsiktig hovud, kom omtalen av at apefossilet Ida var 47 millionar gammal og verdas eldste heile apeskjelett, på ein klar førsteplass.

– Naturfag når ut til folk

Det er førsteamanuensis Jørn Hurum på Naturhistorisk museum ved UiO svært nøgd med:

– Det er kjempemoro. Me har nok hatt toppen av publikumsbesøket i år, men Ida er blitt vårt ”Skrik” og ”Madonna”. Ida er også blant dei ti som kan bli årets namn i VG i konkurranse med mellom andre Alexander Rybak.Det viser at naturfag når ut til folk. Me klarte å laga eit evolusjonært ikon på berre nokre veker. Det er svært bra, seier Hurum til Uniforum.

– Kor viktig reknar du dette funnet som no?

– Det er vanskeleg å overdriva kor viktig funnet av verdas einaste heile apefossilet er. Det vil vera vårt beste tolkingspunkt for den evolusjonære ut utviklinga av tidlege primatar i lang tid framover, trur han.

Kjøpt i 2007

Fossilet blei kjøpt av Naturhistorisk museum i 2007 og presentert for verda i mai i år. Då blei dei ei verdshending som først blei presentert på ein pressekonferanse i New York,  før Jørrn Hurum kom til Noreg med verdas meste berømte apefossil. Då blei det ein ny pressekonferanse med norske massemedium på Naturhistorisk museum.

Apefossilet blei funne i Tyskland i 1983, men funnet blei halde hemmeleg fram til det blei lagt ut for sal. På nettsidene til Naturhistorisk museum står det kor viktig funnet av Ida er. ”Man har lenge håpet å finne et enda eldre fossil som kan knytte aper, mennesker og alle andre primater til de tidligste pattedyrene på planeten. Et slikt funn er Ida. Hun er det mest komplette primatfossilet som noensinne er funnet, og har trekk som plasserer henne ved roten av grenen som aper og mennesker sitter på”.

No er ho altså blitt berømt over heile verda, 47 millionar år etter at ho døydde.
 

Emneord: Naturhistorisk museum, Naturfag, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2009 17:02 - Sist endra 11. des. 2009 17:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere