Rommet Observatoriet skjulte

– Dette er eit av dei få intakte meridianromma i Europa, og det har lege skjult bak betong i Observatoriet i mange tiår. Det er både utruleg og heilt fantastisk, seier Bjørn Vidar Johansen, frå Museum for universitets- og vitskapshistorie ved Universitetet i Oslo.  

MERIDIANROMMET: – Dette er det lenge skjulte meridianrommet der Christopher Hansteen hadde stjernekikkerten sin og gjorde dei naudsynte utrekningane for å plassera Noreg på verdskartet, peikar og fortel Bjørn Vidar Johansen frå Museum for universitets- og vitskapshistorie.  

Foto: Ola Sæther

Rundt årsskiftet skal både Henrik Ibsens skrifter og Senter for Ibsen-studiar ut av Observatoriet i Observatoriegata 1 ved Solli plass. Då skal den gamle observatoriebygningen gjerast klar til å ta imot 6000 sjuandeklassingar i året. Frå og med hausten 2011 skal alle få tilbod om ”En dag på Observatoriet”, der elevane får ei innføring i ”alt mellom himmel og jord”.

Det går fram av eit forslag frå ei arbeidsgruppe leidd av universitetslektor Nils Voje Johansen ved Matematisk institutt. I gruppa sit også Bjørn Ragnvald Pettersen frå Universitetet for miljø og biovitskap og forskar Vidar Enebakk frå Forum for universitetshistorie ved UiO. 
 

Christopher Hansteens hus:

Observatoriet i Christiania var nært knytt til Christopher Hansteen (1784 -1873) Han var professor i bruksretta matematikk og budde i Observatoriet, som også var ein viktig møtestad for kultureliten i Christiania. Hansteen stod bak den geografiske oppmålinga av Noreg, utgjevinga av den offisielle Almanakken, vêrobservasjonar og standardisering av tid og av mål og vekt. På den måten var bygningen starten på institusjonar som Statens kartverk, Justervesenet og Meteorologisk institutt. Observatoriet husa også Norsk Polarinstitutt frå 1934 til 1965.

Under arbeidet med å gjera klar observatoriebygningen til å bli eit senter for formidling av naturfag og vitskapshistorie, har arkitekt Ragna Weider i Teknisk avdeling leidd ei gruppe sett saman av blant andre Bjørn Vidar Johansen, bygningsarkeolog Jens Treider og ein representant for Riksantikvaren. Dei har mellom anna arbeidd med å kartleggja alle dei bygningstekniske sidene ved bygningen. Og dei oppdaga stadig nye ting om og i Observatoriet.
 

Eit loft med snorer

Bjørn Vidar Johansen tar oss først med inn på eit rom som ber preg av at oppussinga er i gang.

– Det var eit av Christopher Hansteens forskingsrom. Her målte han jordmagnetismen frå og med 1840-åra og difor måtte rommet vera heilt nøytralisert, slik at ingenting kunne forstyrra desse målingane. Under arbeidet vårt oppdaga me at det var eit eige loft rett over dette rommet.

– Då me opna det, fann me eit heilt intakt snorsystem som Christopher Hansteen hadde brukt for å trekkja ei tidlegare spalte i taket til side. Systemet er frå 1833, og det finst knapt andre observatorium i Europa som har tatt vare på noko liknande, fortel han. Riksantikvaren har vore svært entusiastisk over dette funnet. Men stort sett vil me lata dette tidlegare forskingsrommet vera som det er, slik at det i framtida blir eit utstillingssrom, legg han til.
 

Inngangsportalen til vitskapsnasjonen Noreg

 

FØRSTE UNIVERSITETSBYGNING: Observatoriet var nært knytt til Christopher Hansteen (1784 -1873) . Han var professor i bruksretta matematikk og budde i Observatoriet som var den første originale universitetsbygningen. Det ligg på eit av dei få områda i Oslo med grunnfjell.(Foto:Ola Sæther)

Omvisaren vår fører oss ut av rommet og inn i inngangsportalen som ber namnet Rotunden.

– Rommet går frå golvet og to etasjar oppover, til det endar opp i ein kuppel. Dei originale zodiac-figurane er framleis som på teikningane til arkitekt Christian Grosch, men me hadde også håpa at den blå himmelen med gule stjerner på i takkuppelen også var slik dei var på originalteikningane hans. Det var dei ikkje, derimot var kuppelen heilt kvitkalka. Årsaka er truleg at rommet måtte reflektera mest mogleg lys, fortel Johansen.

– Gamle bilete viser at det også var ein kakkelomn midt på veggen. Rommet skulle nok gi inntrykk av at det var inngangsportalen til vitskapsnasjonen Noreg. Det var her viktige gjester frå inn- og utland kom for å helsa på sjølvaste vitskapsgeneralen, herr Christopher Hansteen.

Omvisaren vår peikar oppover mot ein mur som er slått sund i kuppelen. Innanfor er det eit tomt hol.

– Dette var ei av dei seks naturlege lyskjeldene som seinare blei murte igjen. Frå gluggane fall lyset ned på midten av Rotunden. Meir lys ville ikkje Christopher Hansteen ha, rommet skulle ha ein så konstant temperatur som mogleg for ikkje å gjera målingane unøyaktige. Det er også grunnen til at Observatoriet vender mot nord, og ikkje mot sør. Det skil Observatoriet frå andre observatorium. Det var den himmelretninga som hadde den mest stabile temperaturen, seier han.
 

Batteri

Så bøyer han seg brått ned mot golvet og prøver å dra opp ei luke i golvet. Etter fleire mislukka forsøk, lykkast han. – Sjå der nede, utbryt han, og me bøyer oss for å få auge på det han peikar på.

– Dei keramikkhylsene de ser der nede, blei brukte som batteri til telegrafen som kom i 1870-åra. Keramikkhylsene blei fylte med ei kjemisk blanding, som gav nok energi til at telegrafen kunne fungera. Det var universitetslektor Nils Voje Johansen som klarte å finna ut det etter at han hadde funne gamle dokument og utklipp i gamle arkiv.

Det skjulte rommet

Indrefileten i Observatoriet gøymer likevel Bjørn Vidar Johansen nesten heilt til slutt. Me går gjennom ein liten korridor og forbi eit modernisert toalett og stansar framfor ei provisorisk dør.

– Fram til for rundt to år sidan stod det ei kvelvdør av jern her. Det var eit rom som var bygd ut som eit eldsikkert kvelv. Det viktigaste rommet i heile Observtoriet skjulte seg bak denne døra; meridianrommet der Christopher Hansteen klarte å setja Noreg og Christiania på verdskartet. Det blei seinare kapsla inn i betong. Heldigvis var det meste intakt då betongen vart fjerna, men det var det ingen som kunne vita, seier Johansen, som brått blir svært løyndomsfull, og han legg inn ein lang kunstpause.

– Bygningsarkeolog Jens Treider såg litt nærare på veggen i trappa og oppdaga noko han syntest likna ei luke. Han undersøkte den litt nærare og fann snart ut at nokon hadde skrive årstalet 1833 innanfor luka. Då fekk han blod på tann og klarte å krypa inn over det sekundære betongdekket. Over han var det skuvbare taket frå Christopher Hansteens originale meridianrom intakt. Til og med den originale skitenrosa målinga på veggen er slik den var på Hansteens tid i bygningen. Observatoriet i Oslo er mellom dei svært få observatoria i Europa som har eit så originalt meridianrom, er Johansen viss på.

Ein viktig liggjestol

Så peikar han på tydelege spor i betonggolvet.

– Det er spora etter ein liggjestol som Hansteen og dei som forska saman med han, nytta for å koma under stjernekikkerten dei brukte for å observera stjernehimmelen etter at spalta i taket var trekt til side. Dei utførde observasjonar gjennom meir enn ti år og brukte dei i kompliserte utrekningar for å finna koordinatane for Oslo, som den gongen heitte Christiania. Fram til då fanst det inga nøyaktig plassering av byen eller Noreg på kartet. Dagens GPS-målingar viser at utrekningane var imponerande.

 – Viss de ser endå betre etter, ser de også fotspora etter dei der dei tok sats for å trekkja liggjestolen inn under hovudinstrumentet. På den tida hang det ein stjernekikkert i messing, ein meridiansirkel midt mellom to marmorsøyler. Midt under var nullmeridianen markert med ein kvikksølvspegel. Det blei brukt til å kalibrera instrumentet, forklarar Johansen.

Håpet hans er no å få restaurert rommet slik det var og få tilbake den originale meridiansirkelen, som i dag er i Norsk Teknisk Museum. – Og snorsystemet som me fann over det andre forskingsrommet til Christopher Hansteen, vil me kopiera for å bruka i skyvetaket her, slik at også det originale vitskaplege utstyret dei hadde på den tida, blir så autentisk som mogleg.

Tidssignalet

Klatreturen opp i tårnet i observatoriet går raskt. Med ei sveiv kan me få taket til å gå rundt. Det er likevel noko heilt anna han vil visa oss denne gongen. Han tar oss med ut på ein liten avsats nedanfor taket. Oppe på taket står det ei lang stong med ei slags kule på.

(

UTSYN: Frå tårnet frå Observatoriet har Bjørn Vidar Johansen oversyn over heile Oslo.(Foto: Ola Sæther)

– Det er det originale norske tidssignalet. Kvar onsdag og laurdag klokka 12 sleppte dei ned ein sylinder av seglduk frå den stonga. Då visste alle som såg opp mot Observatoriet at den offisielle tida var 12. Det blei ikkje minst brukt av båtar i hamna som skulle kontrollera kronometra sine.

Bjørn Vidar Johansen ser fram til at Observatoriet skal bli eit senter for formidling av naturfag og vitskapshistorie.

– Kunnskapen om det som skjedde her, vil få dagens ungdom til å forstå si eiga tid betre, og korleis den forskinga som blei utført her, i dag er blitt utvikla til moderne kommunikasjonssystem som til dømes GPS.

Teknisk museum har rekna ut at det vil kosta rundt ein million kroner å setja i stand dei orignale instrumenta og føra dei tilbake til bygningen.

– Bygningen treng ei ordentleg restaurering med økonomisk støtte frå dei løyvande styresmaktene. Teknisk avdeling startar no med å setja forskingsfløyen i stand. Det kan bli eit viktig løft for både landet og Universitetet i Oslo. Noreg bør ta seg råd til det for å visa fram denne kultur- og forskingsskatten midt i Oslo sentrum, synest Bjørn Vidar Johansen.
 

 

 

 


 

Emneord: Observatoriet, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2009 13:50 - Sist endra 9. nov. 2009 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere