– Bygdøy best for Kulturhistorisk museum
– Eg synest det var heilt rett å konkludera med at eit nytt kulturhistorisk museum bør byggjast på Bygdøy. Det seier tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan i ein kommentar til rådet Metier og Møreforsking gav Kunnskapsdepartementet i førre veke. – Me vil at både Bygdøy og Bjørvika skal greiast ut, seier museumsdirektør Egil Mikkelsen.
MUSEUMSTOMT: – Her kan museet byggjast, midt mellom Vikingskipshuset og Norsk Folkemuseum, meiner tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan.
Det var måndag 26. oktober konsulentselskapet Metier og Møreforsking på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kunne leggja fram ein rapport som konkluderte med at eit samla kulturhistorisk museum på Bygdøy vil bli 220 millionar kroner billegare enn Bjørvika. Den peikar samtidig på at det vil eliminera risikoen for at vikingskipa og dei andre gjenstandane blir øydelagde i samband med ei flytting til Bjørvika.
Ein som er nøgd med denne rapporten, er professor i kulturhistorie, Bjarne Rogan, som både har leidd Universitetsmuseumsutvalet og som har vore dekan for Det humanistiske fakultetet ved UiO.
– Konklusjonen utelukkar for all framtid at vikingskipa blir flytta frå Vikingskipshuset på Bygdøy. Museumsdirektør Egil Mikkelsen vil gjerne ha utgreidd ei mogleg delt løysing mellom Bjørvika og Vikingskipshuset, men det er eit forslag som er dømt til å mislukkast, trur han.
Etterlyser fleire faglege stemmer
– No håpar eg at fleire faglege stemmer tar del i debatten om kva eit nytt kulturhistorisk museum på Bygdøy bør innehalda. Det har altfor lenge berre vore Kulturhistorisk museums eine røyst som har vore framme i denne debatten, konstaterer Rogan.
Han viser til at universitetsmuseumsutvalet som han leidde i 2006, tok opp spørsmålet om eit nærare samarbeid mellom Kulturhistorisk museum og Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
– Folkemuseet er gode på formidling og Kulturhistorisk museum er gode på forsking. Difor bør dei kunna samarbeida nært på desse områda utan at eg vil ta til orde for ei samanslåing, presiserer han.
– Må diskutera innhaldet i museet
Rogan tykkjer også at eit nytt kulturhistorisk museum på Bygdøy kan bli eit spennande museum for kulturhistorie.
– Altfor lenge har planane om eit nytt kulturhistorisk museum likna mest på eit arkeologisk museum. Eg vil difor oppfordra antropologane til å koma på bana når det gjeld kva eit nytt museum bør innehalda, på same måten som pensjonert antropologiprofessor Arne Martin Klausen gjorde det i ein kronikk i Aftenposten i 2004.
– Både Kulturhistorisk museum og Norsk Folkemuseum kunne ha tatt på alvor synspunktet til fleirtalet i universitets-museumsutvalet som peika på at eit nytt museum for kulturhistorie kunne bryta det faglege skiljet ved reformasjonen og arbeida med heile den historiske aksen fram til notida og på tvers av kulturar, synest han.
Kulturhistorieprofessoren viser til at Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum i dag eit godt stykke på veg held på med det same.
– Gått ut på dato
– Arkeologane til Kulturhistorisk museum stengjer ikkje lenger døra for nyare tid. Kulturhistorikarane til Folkemuseet går langt bakover i mellomalderen, både når det gjeld folketru, kyrkjekunst og byggjeskikk. Dei arbeider også med kulturen til innvandrarane og samane, nett som antropologane gjer. Formidling og utforsking av norsk kulturhistorie er plikta vår. Men skiljet ved reformasjonen er gått ut på dato, skriv Bjarne Rogan i debattinnlegget Uniforum publiserer i dag.
Han viser også til at den kulturhistoria det i dag blir forska på og undervist i på universitetet, verken er definert geografisk eller tidsmessig.
– Dagens forskarar er opptatt av konstruksjon av nasjonale og andre kulturelle identitetar, av kulturmøte og tverrnasjonale prosessar, rett og slett av konsekvensane av globaliseringa, slår han fast.
– Menneska i Noreg i dag har langt meir til felles med dei nordmennene som kjem frå andre land og kulturar enn med dei vikingane som styrte i Noreg i vikingtida. Difor synest eg Folkemuseet gir eit godt døme på det gjennom samarbeidet med museum i Pakistan og ved å ha engasjert ein doktorstudent som ser på den pakistanske kulturhistoria, peikar han på.
– Men kan det ikkje bli store plassproblem om det blir bygd eit nytt kulturhistorisk museum på Bygdøy?
– Nei, det er eg heilt viss på at det ikkje blir. Folkemuseet har stilt både lagertomta si og andre areal til disposisjon for eit nytt museum, og når det blir bygt saman med dei andre områda rundt Vikingskipshuset, er eg trygg på at det ikkje skal vera plassproblem. Dei som likevel hevdar det, meiner eg gjer det fordi dei ikkje vil lytta til tilbodet om tomteplass frå leiinga ved Folkemuseet.
– Trur du at regjeringa vil fylgja tilrådinga i rapporten?
– Eg trur at regjeringa vil ta rapporten alvorleg. Det som er heilt sikkert, er at det no vil verta heilt umogleg å flytta vikingskipa frå Bygdøy.
– Romprogrammet ikkje tatt nok på alvor
–Tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan støttar rådet om å byggja eit nytt kulturhistorisk museum på Bygdøy og at no bør fleire faglege stemmer delta i ein debatt om kva museet skal innehalda. Kva kommentar har du til det, direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum?
– Min kommentar til det er at me først må få klart kva høve me har til nybygg på Bygdøy. Bygningsplanen for Bjørvika er allereie klar, i tett samarbeid med Statsbygg og Oslo kommune. Me har heile tida vore redde for det ikkje har vore plass nok der ute.
– Teknisk avdeling laga for nokre år sidan ei slags skisse til eit tilbygg på 20 000 kvadratmeter under og over bakken ved Vikingskipshuset på Bygdøy. Det blei avvist av Oslo kommune den gongen. Romprogrammet til det nye museet er nær dobbelt så stort, og det er ikkje tatt nok på alvor i rapporten frå Metier og Møreforsking.
– Har jobba i ti år med innhaldet i museet
– Å snakka om innhaldet i eit museum før me veit om det er nok plass til det på Bygdøy, føler me er ei feil rekkjefylgje å ta saka i. Bortsett frå det, har me jobba i ti år med kva innhaldet i museet skal vera. Me har ein heilt annan visjon for vårt museum enn det Bjarne Rogan har.
– I fjor starta diskusjonen om eit Bygdøy-alternativ. No får me avklara med Oslo kommune og finna ut om dette let seg gjera. Me vil difor at både Bygdøy og Bjørvika skal greiast ut, slik at det blir mogleg å samanlikna dei to alternativa, presiserer museumsdirektør Egil Mikkelsen.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.