Alle Oslo-elevar kan få ein dag på Observatoriet

Frå hausten 2011 skal Observatoriet kunna brukast som eit klasserom i naturvitskap og vitskapshistorie for alle sjuandeklassingar i Oslo. Det foreslår ei arbeidsgruppe leiidd av universitetslektor Nils Voje Johansen. Universitetsstyret tar endeleg stilling til saka.  

OBSERVATORIET: Inngangspartiet til Observatoriet sett ovanfrå.

Foto: Ola Sæther

Frå årsskiftet skal både Henrik Ibsens skrifter og Senter for Ibsen-studiar ut av Observatoriet i Observatorieveien 1 ved Solli plass. Då skal den gamle observatoriebygningen gjerast klar til å ta imot 6000 sjuandeklassingar i året. Alle sjuandeklassingar i Oslo skal få tilbod om ”En dag på Observatoriet”, der elevane får ei innføring i ”alt mellom himmel og jord”.

Det går fram av eit forslag frå ei arbeidsgruppe leidd av universitetslektor Nils Voje Johansen ved Matematisk institutt. I gruppa sit også Bjørn Ragnvald Pettersen frå Universitetet for miljø og biovitskap og forskar Vidar Enebakk frå Forum for universitetshistorie ved UiO.
 

Det var universitetsdirektøren som 24. juni i år oppnemnde Nils Voje Johansen til å leia ei arbeidsgruppe som skulle koma med eit forslag til eit fagleg og pedagogisk opplegg i Observatoriet for 7. klassetrinn. Rapporten er no klar og har fått namnet ”En dag på Observatoriet.”

– Me har også hatt møte med Astrid Søgnen, som er direktør for utdanningsetaten i Oslo for å få til eit samarbeid med Oslo-skulen. Det trur me skal gå fint, seier Nils Voje Johansen.

Undervisningsopplegget tar utgangspunkt i historia til bygningen og læreplanane for grunnskulen og legg opp til eit samspel både mellom fortid og notid og mellom teori og praksis, går det fram av rapporten . Kvart einskild tema skal ta til i den vitskaplege tverrfløyen, som då vil vera ført tilbake til Christopher Hansteens tid, og blir ført vidare i langfløyen som er innreidd og tilrettelagt for praktiske oppgåver.

Tid og rom

Universitetslektor Nils Voje Johansen fortel gjerne om korleis dei tenkjer seg eit opplegg for kvar 7. klasse som kjem dit.

– Skuleklassen blir delt i to grupper som samtidig skal delta i to ulike opplegg knytte til himmel og jord. I løpet av dagen skal elevane læra om tid og rom, solsystemet, magnetisme og nordlyd og kart og oppmåling. Det vil også vera tilgang til digitale læremiddel i alle elevaktvitetane, fortel han.

Meininga er at elevane også skal gjera oppgåver både før og etter at dei har vore på Observatoriet.

– Dei skal jobba med relevante emne både før og etter besøket. Det skal også utviklast eit eige undervisningsopplegg og digitale ressursar for lærarar. Dette skal gjerast tilgjengeleg som PDF-filar via ei nettside knytt til Observatoriet. Både kulturhistorie og vitskapshistorie får ein sentral plass i forarbeidet, fortel Voje Johansen.

Han trur dette kjem til å setja faga inn i ein historisk og kulturell samanheng, og det meiner han kan opna for eit nærare samarbeid på tvers av fag.

Arbeidsgruppa har også gått gjennom innhaldet av vitskaplege instrument i Observatoriet, slik det var då vitskapsmannen Christopher Hansteen både buddde og forska i bygningen.

– Me legg fram eit forslag til kvar dei ulike instrumenta skal plasserast rundt omkring i romma i tverrfløyen i Observatoriet. I dag finst mesteparten av dei aktuelle instrumenta på Universitetet i Oslo, men det finst også ein del instrument på Norsk Teknisk Museum og ved Statens kartverk, fortel Voje Johansen.

Ein million kroner

Norsk Teknisk Museum har gått gjennom dei ulike instrumenta og har funne ut kor mykje oppussinga, istandsetjinga og konserveringa vil kosta. Dessutan har dei også vurdert kostnadane når det gjeld klima- og sikringstiltak i utstillingslokalet. Totalt vil det koma på litt over ein million kroner, står det i rapporten frå arbeidsgruppa.

Universitetslektor Nils Voje Johansen ser føre seg at det bør vera eit fast mannskap på fire personar frå Universitetet i Oslo som kan ta seg av desse elevane.

– Desse fire personane bør dela to faste heiltidsstillingar. På den måten vil det bli meir fleksibelt og heile korthuset vil ikkje ramla saman om ein person blir borte i kortare eller lengre tid. Så det håpar eg me skal klara å få til, seier han.

Unik oppleving

Og han trur elevane vil lika dagen på Observatoriet.

– Målet er å gi elevane ei oppleving dei ikkje kan få nokon annan stad i Noreg. Dei får eit møte med eit historisk observatorium og ei forståing av kor viktig denne bygningen var både for den nye nasjonen og for hovudstaden Christiania. Sidan Christopher Hansteen budde her med heile familen sin, klarte bygningen å binda saman det profesjonelle med det private. Det var ein familieheim, ei arkitektonisk perle, ein vitskapleg institusjon, eit nasjonalt nøkkelpunkt og eit vindauge mot den internasjonale, vitskaplege fellesskapen, understrekar han..

Det er ikkje tilfeldig at dei planlegg å setja i gang undervisnings- og formidlingsopplegget i jubileumsåret 2011.

– Både universitetet og samfunnet vil ha auka merksemd om realfag, og difor bør jubileet brukast til å skapa interesse for matematikk, naturfag og teknologi. Dette gir oss høve til å utvikla eit heilt spesielt undervisningsopplegg i den første vitskaplege bygningen til universitetet, seier han engasjert.

Blir presentert på Hansteen-symposiet

I dag blir også årets Hansteen-symposium skipa til i auditoriet til Nasjonalbiblioteket, nabobygningen til Observatoriet. Då blir rapporten for første gong presentert offentleg.

– Det er viktig å vera klar over at Observatoriet i Christiania var nært knytt til Christopher Hansteen (1784-1873) Han var professor i bruksretta matematikk og budde altså i Observatoriet, som også var ein viktig møtestad for kultureliten i Christiania. Hansteen stod bak den geografiske oppmålinga av Noreg, utgjevinga av den offisielle Almanakken, vêrobservasjonar og standardisering av tid og av mål og vekt. På den måten var bygningen starten på institusjonar som Statens kartverk, Justervesenet og Meteorologisk institutt. Observatoriet husa også Norsk Polarinstitutt frå 1934 til 1965, slår han fast. 

 

Emneord: Naturfag, Observatoriet Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2009 12:16 - Sist endra 26. okt. 2009 12:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere