Tre bibliotek blir eitt på Tøyen

Dei tre biblioteka til Naturhistorisk museum skal flytta saman i eit felles Naturhistorisk museumsbibliotek i Geologisk museum på Tøyen. Denne veka byrja arbeidet med å byggja om det gamle lokalet til eit moderne bibliotek. Prosjektleiar Heidi Rustad (t.h.) og bibliotekleiar Wenche Hafsahl Johansen flyttar ut den siste bokvogna.

GLER SEG: Bibliotekleiar Wenche Hafsahl Johansen og prosjektleiar Heidi Rustad gler seg til den dagen eit felles museumsbibliotek kan flytta inn i desse lokala i Geologisk museum på Tøyen.  

Foto: Ola Sæther

– Dette kjem til å bli ei perle, er prosjektleiar Heidi Rustad på Universitetsbiblioteket overtydd om.

– Og så kan brukarane våre få hjelp av fleire bibliotekarar på ein gong, fortel bibliotekleiar Wenche Hafsahl Johansen ved Naturhistorisk museumsbibliotek.

I dag er det heilt tomt for både bøker og bokhyller i lokalet som frå neste vår skal bli eit felles bibliotek for Naturhistorisk museum på Tøyen. Det ligg i 1. etasje, like ved den faste utstillinga i Geologisk museum. Alle som skal dit ,må difor passera Tyrannosaurus Rex.

– Det skal bli eit bibliotek der det blir trådlaus tilgang for dei som tar med seg dei berbare PC-ane sine hit, lovar Heidi Rustad. Men dei tradisjonelle bøkene blir heller ikkje gløymde.

Vil vera ope for publikum

– I samråd med forskarane har me kome fram til kva bøker som bør stå framme og vera lett tilgjengelege, seier Wenche Hafsahl Johansen.

– Det nye museumsbiblioteket vil også vera ope for eksterne brukarar i opningstida til museet, altså frå klokka 10.00 til 16.00. Alle forskarane og dei andre tilsette har naturleg nok  tilgang til biblioteket også utanom opningstidene, legg ho til.

– Trange og lite tenlege lokale

Teknisk avdeling har sett av 10 millionar kroner til restaureringa av Geologisk museum på Tøyen, opplyser seniorarkitekt Synnøve Haugen til Uniforum. Summen inkluderer også moderniseringa og samanslåinga av dei tre biblioteka til eit felles bibliotek.

Fram til no har det vore eit bibliotek i Zoologisk museum, eit i Botanisk museum og eit i Geologisk museum. Forholda for biblioteka ved Naturhistorisk museum har ikkje vore mykje å skryta av.

– Det har vore ganske trange og lite tenlege lokale. Så livet i biblioteket blir noko heilt anna når dette lokalet står ferdig. Eg trur også det kan vera med på å sveisa dei tilsette endå meir saman. Sjølv har eg vore tilsett her sidan 1975, og fram til samanslåinga av dei tre musea til eitt museum i 1999, hadde eg knapt snakka med dei som arbeidde ved dei andre musea, minnest Hafsahl Johansen.

– Digitaliserer blomsterteikningar

Ho synest det er viktig at museumsbiblioteket også vil kunna delta i digitaliseringa av kjende verk.

– I samarbeid med Universitetsbiblioteket sentralt er me no i ferd med å digitalisera blomsterteikningane til Dagny Tande Lid. Då vil dei snart vera tilgjengelege for alle via Internett, understrekar ho.

– Biblioteket skal romma 1250 hyllemeter med bøker og tidsskrifter. Og me ser fram til å sjå resultatet av arbeidet som arkitektfirmaet NAV AS ved sivilarkitekt Per Arne Bjørnstad gjer for å gjera lokalet om til eit moderne bibliotek, som samtidig vil ha den same stilen som resten av bygningen, fortel Rustad.

Så tar ho og Wenche Hafsahl Johansen godt tak i den siste bokvogna og trillar den ut av lokalet og bort til lageret. Fram til det felles museumsbiblioteket står klart, skal det vera mogleg å få låna desse bøkene i biblioteket i Zoologisk museum.

 

Emneord: Universitetsbiblioteket, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 9. sep. 2009 10:09 - Sist endra 9. sep. 2009 11:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere