– Saknar kunnskap om politiske despotar

– Eg saknar meir kunnskap om årsakene til at nokre politiske leiarar, som Adolf Hitler og Robert Mugabe blir despotar som bryt menneskerettane for å halda på makta. Konsekvensane av torturen dei har påført motstandarane sine veit me i dag mykje om, synest psykiatriprofessor Nils Johan Lavik. Han er tildelt UiOs menneskerettspris for 2009.  

IKKJE NOKO TILBOD: – Me undersøkte flykningane og fann ut at dei hadde lidingar som det den gongen ikkje fanst noko behandlingstilbod for i Noreg, fortel Nils Johan Lavik, årets vinnar av UiOs menneskerettspris.  

Foto: Ola Sæther

Nils Johan Lavik får tildelt UiOs menneskerettspris for å vera ein av dei første som forska på traume hos flyktningar i Noreg. Lavik har dei siste 11 åra hatt diagnosen Parkinson. Det gjer at fingrane og taleorgana hans blir stive, og det svekkar kommunikasjonsevna hans. Det hindrar likevel ikkje den snart 78 år gamle professoren i å ta turen til kontoret ved Vinderen psykiatriske fleire gonger i veka.

Det var på 1980-talet han for alvor blei engasjert i arbeidet med flyktningar i Noreg. Då kom det stadig fleire flyktningar til Noreg frå Latin-Amerika, Vietnam og Midtausten. Mange av dei hadde lidd mykje under krig, medan andre hadde opplevd mishandling og tortur frå autoritære regime. Sosialdepartementet danna eit mellombels team som skulle samla røynsler om desse flyktningane. Edvard Hauff leidde dette arbeidet.

– Me undersøkte dei og fann ut at dei hadde lidingar som det den gongen ikkje fanst noko behandlingstilbod for i Noreg. Og dei som hadde det aller verst, var dei som hadde blitt torturerte, seier Lavik til Uniforum.

Med menneskerettane som rettesnor

Resultatet av prosjektet var at det blei bestemt at det skulle opprettast eit eige utgreiings- og behandlingssenter for flyktningar, knytt til Institutt for psykiatri ved Universitetet i Oslo. Senteret fekk namnet Psykososialt senter for flyktningar og asylsøkjarar, og Nils Johan Lavik blei utnemnd til leiar. Rettesnora for senteret blei dei internasjonale menneskerettane.

– Det var dåverande rektor Inge Lønning som på sparket tende på ideen min om å leggja senteret under Universitetet i Oslo. Først blei det lagt direkte under Kollegiet, før senteret blei formelt knytt til Det medisinske fakultetet. Senteret blei dermed ein universitetsklinikk som også dreiv med undervisning og forsking.

– For meg var det viktig å trekkja inn folk frå ulike fag i senteret. Difor hadde me fagfolk som hadde forska på politisk vald og migrasjon, og sosialantropologi, i tillegg til medisinske forskarar på senteret. Fem doktoravhandlingar var resultatet av forskinga på senteret, fortel han.

– Fekk stipend til Chile

– Korleis byrja engasjementet ditt for flyktningar og asylsøkjarar? – Det er eigentleg heilt tilfeldig. Men eg er så gammal at eg framleis hugsar biletet av krigsfangane i Noreg under Den andre verdskrigen. I 1989 fekk eg stipend for å dra til Chile like etter at diktatoren Augusto Pinochet hadde måtta gå av etter at folket sa nei til han i ei folkerøysting. Då møtte eg legen og psykiateren Paz Rojas Baeza. Ho hadde behandla politiske fangar som hadde blitt utsette for tortur og mishandling i fengsla til den chilenske militærjuntaen. Då eg kom tilbake til Noreg fekk eg ansvaret for å byggja opp eit behandlingstilbod for traumatiserte flyktningar og asylsøkjarar.

– Dei torturerte hadde det vanskelegast

– Kva røynsler gjorde du deg då?

– Det var nokre pasientar me kunne fylgja over tid. Me delte dei inn i to ulike grupper. Den første gruppa var krigsflyktningar frå Balkan, medan den andre gruppa var fengsla og torturerte flyktningar frå Iran, Irak, Chile, Afrikas horn, Etiopia og Eritrea. Det var ei blanding av skilnader og det særeigne. Det særeigne var kulturen dei kom frå og situasjonen dei hadde opplevd.

– Det var dei torturerte som hadde det aller vanskelegast. Det var eit fellestrekk uansett kvar dei kom ifrå. Det viste også stipendiaten Birgit Lie i doktorgraden sin. Ho hadde intervjua flyktningar som hadde fått høve til å dra tilbake til heimlandet sitt. Dei torturerte ville ikkje takka ja til tilbodet om å dra dit dei hadde opplevd å bli torturerte. Det var eit for inntrengjande traume som bryt ned kroppen og sinnet sine grenser. Det er heller ikkje dei som er dei mest taletrengte. Kvar gong journalistar har ringt meg for å få snakka med ein som er blitt torturert, har eg alltid svara nei.

– Diagnostiserte Hitler som psykopat i 1934

– Trur du at dette er meir kjent blant folk flest enn tidlegare?

– Ja, heilt klart. For me hadde kurs for helsepersonell frå heile landet. Dessutan gav me ut tidsskriftet ”Linjer”, der me publiserte artiklar om fagfeltet vårt. Sjølv hadde eg ansvaret for spalta ”Det historiske hjørnet”. Der kunne eg blant anna skriva om den norske psykiateren Johan Schraffenberg, som i 1934 skreiv ein artikkel om korleis Hitler var i ferd med å bli diktator. I artikkelen diagnostiserte han Hitler som paranoid psykopat, profet på grensa til sinnssjukdom. Han skreiv lange og omstendelege artiklar i Arbeiderbladet, men han skreiv på norsk, og blei ikkje kjend utanfor Noregs grenser.

– Får flyktningar som kjem til Noreg den behandlinga dei bør få i dag?

– Både og. Det er klart at det finst flyktningar som ikkje får den behandlinga dei har krav på å få. Samtidig er det lett å gløyma at Noreg ikkje har hatt erfaring med innvandring frå andre verdsdelar lenger enn frå byrjinga av 1970-talet.

– USA og Chile har 11. september som ein minnedag for to store tragediar. I 2002 foreslo du at dagen burde bli ein felles, internasjonal minnedag for offera for diktatura og terrorismen. Kva var reaksjonen på det utspelet?

– Nei, eg fekk aldri nokon respons på det forslaget. Eg viste til at 3000 menneske mista livet på ein dag i USA, medan 3000 menneske mista livet i fengsla til det chilenske diktaturet. Begge tilfella var like store tragediar.

– Utviklinga etter 11. september 2001 har vel ikkje akkurat blitt betre?

– USA har prøvd å legitimera brutale avhøyrsmetodar, som tidlegare ville blitt kalla for tortur. Spesielt på Guantanamo var dette tilfellet. Det ser ut til at Barack Obama vil endra på den politikken. Verda går langsamt framover.

– Og kva synest du om at du no får tildelt UiOs menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris?

– Eg er veldig glad for det, men det var uventa. Sjølv var eg med på å foreslå Paz Rojas Baeza til denne prisen i 1998. Eg har stor respekt for Leo Eitinger og det arbeidet han gjorde for norsk psykiatri og medisin. Han representerte noko heilt nytt. Eitinger hadde ei god vitskapleg haldning til ting han sjølv hadde opplevd.

Nils Johan Lavik får utdelt UiOs menneskerettspris måndag 19. oktober kl. 17.00 i Gamle Festsal.

Emneord: Menneskerettar, Priser Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2009 10:09 - Sist endra 29. sep. 2009 16:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere