Aktøren og observatøren

– Eg brukar å seia at eg er på sikker, usikker plass, spøker Janne Haaland Matlary. Ho er andrekandidat på stortingslista til Oslo KrF. – Stortingsvalet blir svært spennande fordi det framleis er heilt ope kva parti som vil danna regjering etterpå, seier Hanne Marthe Narud, som kommenterer valkampen. Den eine er politisk aktør og den andre politisk observatør. Begge er professorar i statsvitskap ved UiO.  

POLITISK KOMMENTATOR OG POLITIKAR : Dei er begge professorar i statsvitskap.Men i årets stortingsvalkamp spelar dei ulike roller. Hanne Marthe Narud er politisk kommentator i aviser, radio og fjernsyn, medan  Janne Haaland Matlary er andrekandidat på stortingslista til Oslo KrF.  

Foto: Ola Sæther

– Eg synest det er moro å vera politisk kommentator, seier professor i statsvitskap, Hanne Marthe Narud.

Måndag den 14. september skal ho kommentera Stortingsvalet for TV 2.

– Det var dei som spurde meg først, difor skal eg sitja hos dei. Då vil eg først kommentera ei valdagsmåling, så den første valprognosen frå Statistisk sentralbyrå, før eg kan kommentera dei første valresultata frå dei minste kommunane i landet. Valresultatet er truleg først klart i Raumskog i Østfold, trur ho.

Hanne Marthe Narud føler ikkje at rolla hennar som politisk kommentator går ut over jobben som forelesar i val og politikk ved Institutt for statsvitskap.

– Eg har tatt første delen av forelesingsserien, og så vil ein kollega ta den andre delen. Då får eg tid til å gi dei litt fagleg fordjuping. Så driv eg med rettleiing av master- og doktorstudentar.

– Morosamt å kommentera regjeringsspørsmålet

– Kva er det som er mest interessant med å vera politisk kommentator?

– Det som er mest morosamt, er å kommentera kva moglege regjeringar det kan koma ut av dette stortingsvalet. Medan dei fleste meiningsmålingane fram til ut i august gav fleirtal for dei borgarlege partia, byrjar no dei raudgrøne partia å få større oppslutnad, slik at det er fullt mogleg at dei kan halda fram i regjering. Og i motsetning til det som har skjedd før tidlegare val, har oppslutnaden om regjeringa gått i bylgjedalar. Før finanskrisa var oppslutnaden om Arbeidarpartiet på eit lågmål. Etter finanskrisa gjekk støtta i veret, medan den gjekk tilbake etter hijab-saka. Då tok derimot Framstegspartiet ordentleg av medan Høgre gjekk tilbake, konstaterer ho.

– FrP må svara på kva dei vil 

Og det er nettopp rolla til Framstegspartiet ho har bite seg mest merke i.

–Tidlegare spelte det alltid opposisjonsrolla. No har partileiarane sagt klart ifrå at dei gjerne vil i regjering. Då må FrP svara på kva dei vil gjera i ei regjering. Eg synest likevel Siv Jensen har takla det godt, samtidig som ho har moderert retorikken sin litt. Ho har også trekt seg på ein del punkt som partiprogrammet har vore klarare på.

– Kva synest du om fjernsynsdebattane?

– Eg vedgår gjerne at eg var svært skeptisk til at det skulle vera så mange Jens-og Jensen-debattar. Men det ser likevel ut til at dei andre partia også har fått sleppa til både med kommentarar til dei duellane og med eigne saker. Og det har vore lurt av fjernsynskanalane å gjenoppliva partileiardebattane. Dei har vore til å bli kloke av.

– Saknar du ikkje den politiske ideologidebatten?

– Nei, på så kort tid dei har til disposisjon, så er det ikkje mogleg å få inn lange resonnement om den politiske ideologien. Den må dei heller ta i eit meir akademisk debattforum. Men det er fint å kunna kommentera politikk i program som Dagsnytt Atten og Politisk kvarter, der ein har betre tid på seg.

Gir aldri terningskast

– Er det noko du ikkje kommenterer?

– Eg vil ikkje kommentera enkeltutspel eller gi politikarar terningkast etter ein fjernsynsdebatt. Samtidig er det fagleg spennande fordi eg kan kommentera val og regjering, som eg også skriv akademiske artiklar om. Alle aviser og medieredaksjonar har eigne politiske avdelingar, og politikk vil aldri gå av mote. Difor blir eg som politisk kommentator aldri forelda.

– Korleis følest det å bli sett på som valekspert Henry Valens etterfylgjar?

– Det er berre hyggeleg, men eg er i tilfelle ikkje åleine om det. Bernt Aardal var også student hos han.

– Professorkollegaen din, Janne Haaland Matlary, er andrekandidat på stortingslista til KrF. Kva meiner du om det?

– Ho har heile tida vore klar på at ho er KrF-medlem og det er heilt greitt så lenge ho er open om det. Det hadde vore heilt feil om ingen vitskaplege tilsette i statsvitskap skulle kunna delta i partipolitikk, meiner ho.

– Og du sjølv?

–Viss eg ikkje hadde vore i den posisjonen eg er i no, kunne det nok ha hendt. Eg har stor respekt for det harde arbeidet politikarar gjer for å få ei sak til å gå i ei bestemt retning. Men eg ville ha mista truverdet mitt om eg hadde engasjert meg i politikken no.
 

– Vil du tippa valresultatet?

– Nei!

 

– På sikker, usikker plass!

– Eg brukar å seia at eg er på sikker, usikker plass, smiler professor i statsvitskap, Janne Haaland Matlary. Ho er andrekandidat på stortingslista til Oslo KrF. Men partiet får i beste fall inn førstekandidaten.

Janne Haaland Matlary er ikkje ukjend med partipolitikk. Frå 1997 til 2000 var ho statssekretær i Utanriksdepartementet. Ho er kritisk til utviklinga av kampen om røystene.

– Valkampen er blitt ei rein utdeling av overbod. Det er synd at Noreg er så rikt at ein trur at oppgjerets time aldri vil koma, synest politikaren Janne Haaland Matlary. – Det er usunt at staten skal vera så mektig.

– Ein motreaksjon

Til dagleg er ho professor i internasjonal politikk ved Institutt for statsvitskap ved UiO og ved Forsvarets høgskule.

– Dei lettvinte utspela fører til ein motreaksjon hos meg. Eg skal berre tala om det eg kan noko om og ikkje underslå at det meste er komplekst og at politikken ikkje kan gi svar på alt. Difor deltar eg mest berre i debattar som handlar om utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikk. Eg gir aldri enkle svar, for dei finst ikkje.

– Demokrati tyder at borgaren sjølv tar ansvaret for samfunnet. Det krev mykje av han eller henne. Det er det motsette av å selja ein bodskap på same måten som ein sel såpe. Men det finst nokre arenaer for seriøs debatt, som debatten med utanriksminister Jonas Gahr Støre i regi av Muslimsk Studentsamfunn denne veka, fortel ho til Uniforum.

Ein telefon under ein ambassademiddag

Medan me samtalar med henne, vil ho gjerne fortelja om årsaka til at ho hamna i Kristeleg Folkeparti.

– Eg var på ein middag i Den tyske ambassaden, og så får eg brått ei melding frå den tyske ambassadøren om at ein ”Herr Follebãk” altså herr Vollebæk, ville snakka med meg. Eg tar telefonen og Knut Vollebæk presenterer seg som Noregs utanriksminister. Så spør han meg om eg kan tenkja meg å bli statssekretær for han. Men eg måtte bestemma meg fort, for dagen etter klokka sju om morgonen ville han reisa til Kina. Eg takka ja. Men først må du melda deg inn i Kristeleg Folkeparti, sa han. Det gjorde eg. Kort tid etter fekk eg i oppgåve å leia eit utval som skulle gjera partiet til eit meir ideologisk, europeisk, kristelegdemokratisk parti, minnest ho.

Det var først rett før nominasjonsmøtet til Oslo Kristeleg Folkeparti i 2009 at ho fekk høyra at ho var aktuell som stortingskandidat.

– Nokre av dei tidlegare studentane mine er aktive i Kristeleg Folkepartis Ungdom. Dei hadde i det stille jobba for at eg skulle bli nominert. Då er det vanskeleg å seia nei, fordi det er ei borgarplikt å delta i politikken, synest ho,

Valkampen hindrar henne ikkje i å halda forelesingar i internasjonal politikk.

– Denne månaden har eg modulundervisning på første semester i masterutdanninga og eitt anna kurs, så det er ikkje tid til mykje anna.

– Fører til populisme

Janne Haaland Matlary peikar og på at person- og konfliktfokus øydelegg politikken. Ho siterer vennen Lars Roar Langslet som på spøk seier at at han prøver å halda seg minst mogleg orientert.

– Dramaturgien i media er slik at det er motsetningane som er det viktigaste. Dess større konflikt, dess meir interessant. Dette fører til populisme. Og ein slik konflik får ein gjennom konfrontasjonen Jens-Jensen. Dei mindre partia kjem ikkje til. Norsk politikk kan difor risikera å enda opp med to blokker. For meg handlar politikk om politisk ideologi. Det finst klare ideologiske skilnader mellom, til dømes sosialisme, liberalisme og kristendemokrati.

– Sjå til Frankrike

Janne Haaland Matlary gir medierådgjevarane ”The Spin Doctors” noko av skulda.

– Me er vitne til at politikaren bli si eige merkevare. Det er om å gjera å få inn sin eigen hovudbodskap og helst unngå å svara på spørsmåla frå journalistane. Det er også akseptert norm å avbryta mest mogleg. Men det må ikkje vera slik. Sjå til dømes på debatten mellom dei franske presidentkandidatane Nicolas Sarkozy og Segolene Royal. Dei fekk god tid til å fullføra resonnementa sine og venta høfleg på å svara kvarandre.

–Så debattane var betre før?.

– J a, det synest eg. Eg hugsar Gro- og Kåre-debattane. Det var mykje lettare å resonnera då. Som professor i statsvitskap uroar dette meg. Politikk er noko heilt anna enn kjøp og sal.

– Som professor møter du deg sjølv i døra som politikar?

– Nei, eg har ikkje noko personleg behov for å bli vald og er ikkje avhengig av politikken. Ein politikar skal representera ein ideologi, ikkje trengja å bli vald, og heller ikkje forveksla politikk med ein jobb. Politikk skal vera ei samfunnsteneste, ikkje ein karriere. Fasitten blir at ein politikar ikkje skal vera avhengig av politikken. 



 

Emneord: Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2009 09:09 - Sist endra 4. sep. 2009 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere