– Set ikkje bom for museumsutbygging på Bygdøy

Riksantikvar Nils Marstein ser inga hindring i eit tettare samarbeid mellom Vikingskipshuset og Folkemuseet på Bygdøy. – Kulturmiljøfredinga på Bygdøy set ikkje bom for utvikling og utbygging av desse musea, seier han til Uniforum. Han går imot forslaga om å lokalisera ein utstillingsbygning for Kulturhistorisk museum på begge sider av Bispegata. – Ein gamaldags vernepolitikk, meiner museumsdirektør Egil Mikkelsen.

INGEN KONFLIKT: – Kulturmiljøfredinga på Bygdøy vil ikkje koma i konflikt med ei utviding og utvikling av Vikingskipshuset og Norsk Folkemuseum, meiner riksantikvar Nils Marstein.

Foto: Ola Sæther

Riksantikvaren har enno ikkje bestemt om Vikingskipshuset og alt det inneheld skal fredast. Dersom Riksantikvaren vedtar å freda Vikingskipshuset med vikingskipa og alle dei andre gjenstandane frå mellom anna Osebergfunnet, Gokstadfunnet og Tunefunnet, vil planane om eit nytt Kulturhistorisk museum på Sørenga truleg få eit kraftig skot for baugen. 

Enno ikkje avgjort

– Den prosessen er ikkje komen så langt at me kan seia at me kjem til å vedta freding. Tidlegare har eg sagt at det vil bli avgjort i løpet av hausten, men mange andre viktige saker har gjort at handsaminga av ei eventuell freding av Vikingskipshuset har tatt lengre tid enn me hadde rekna med, seier Nils Marstein til Uniforum.

Denne veka går han av som riksantikvar, og han overlet til andre å ta den endelege avgjerda i denne saka. Han avviser at avgjerda om å setja i gang ei utgreiing for å vurdera freding av Vikingskipshuset blei tatt fordi Universitetsstyret ved UiO i 2006 vedtok at vikingskipa kunne flyttast frå Vikingskipshuset til eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika.

– Det stemmer ikkje. Etter at Riksantikvaren var ferdig med å freda viktige bygningar frå 1870- og 1880-åra var det viktig for oss å gjera ein real gjennomgang av bygningar som blei bygde i tida like før den andre verdskrigen. Då peika Vikingskipshuset seg ut sidan det var ein av dei viktigaste bygningane til den framifrå norske arkitekten Arnstein Arneberg. For oss var det viktig å gå inn tidleg med å setja i gang ei utgreiing om bygningen skulle fredast, før planane var komne så langt at ein ny bygning allereie var skreddarsydd for vikingskipa og andre gjenstandar i eit nytt kulturhistorisk museum på Sørenga, understrekar han.

–Viktig å koma inn tidleg

– Det er viktig for oss å koma tidleg inn med ein slik prosess for bygningar me veit det kan bli konflikt om. Eit døme på det er Vestbanebygningen, der me avklarte dei antikvariske verdiane og freda bygningen tidleg i diskusjonen om lokalisering av operaen. Ingen klagde på at me freda den bygningen. Forslaget om å oppheva den fredinga, har kome no i ettertid, slår han fast.

Går imot utstillingsbygning i Middelalderparken

Riksantikvaren står fast på motstanden sin mot dei mest omfattande planane for eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika. I ei motsegn frå 7. juli i år punkterer Riksantikvaren forslaga om å lokalisera ein utstillingsbygning for Kulturhistorisk museum på begge sider av Bispegata.I grunngjevinga for vedtaket heiter det mellom anna at ein slik utstillingsbygning inne i Middelalderparken vil koma i konflikt med kulturminnet ”Middelalderbyen Oslo” ”fordi bygget i uakseptabel grad vil gripe inn i dette nasjonalt viktige kulturminnet og skape barrierer i det historiefortellende landskapet, og dessuten fordi bygget vil være i direkte konflikt med bevarte kulturlag”.

– Ein tankekross

– Eg synest det er ein tankekross at eit arkeologisk museum skal øydeleggja arkeologiske objekt. Difor ynskjer me ikkje at det nye kulturhistoriske museet skal byggjast på sørsida av Bispegata eller den framtidige Dronning Eufemias gate, seier Marstein.I den siste motsegna frå Riksantikvaren blir det også presisert at området berre skal regulerast til nytt kulturhistorisk museum, og ikkje til noko anna museum. Riksantikvaren føreset at utomhusplanen både for felta nord for Bispegata og dei inne i Middelalderparken blir utarbeidde i samråd med kulturminnestyresmaktene, slik at det ikkje blir planlagt tiltak som kan koma i konflikt med dei verna kulturlaga eller dei verna ruinane, og at dette må slåast fast i reguleringspunkta for planen.

I løpet av sommaren har både direktøren for Norsk Folkemuseum, Olav Aaraas og tidlegare rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo, Peter Butenschøn tatt til orde for at Vikingskipshuset og Norsk Folkemuseum bør inngå eit tett museumsamarbeid på Bygdøy. Riksantikvar Nils Marstein synest ikkje det er eit dårleg forslag.

– Kulturmiljøfredinga på Bygdøy vil ikkje koma i konflikt med ei utviding og utvikling av desse musea. For oss er det viktig å ta vare på Vikingskipshuset, og den opphavelege tanken til Arnstein Arneberg var også å utvida bygningen med ein ny bygning rundt dagens krossbygning.

– Vil du seia at dette er ei av perlene til Arnstein Arneberg?

– Ja, det er det. Det mest interessante er at bygningen blei noko heilt anna enn det museumsleiinga hadde tenkt seg. Difor blei den bygd bitvis over lang tid på grunn av pengemangel og ei rad andre årsaker, konstaterer han. Og hovudgjenstandane i bygningen kan han ikkje få prist høgt nok.

–Vikingskipa er våre viktigaste bidrag til verdskulturen, seier Nils Marstein.
 

Overraska museumsdirektør

– Eg er svært overraska over at Riksantikaren framleis står fast på motstanden mot å byggja ein utstillingsbygning i Middelalderparken, seier direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum til Uniforum. Han fekk tvert imot eit heilt anna inntrykk under eit møte med Riksantikaren og Oslo kommune tidlegare i sommar.

– Gamaldags vernepolitikk

– Det blir no peika på at ein bygning vil øydeleggja verna kulturlag. Desse kulturlaga er i hovudsak restar av bein, keramikk, lær og tre. Mykje av dette vil uansett bli brote ned og forsvinna for godt. Det må vera betre å ta vare på det i samlingane våre, slik at dei blir tilgjengelege for forsking og formidling til publikum. Heile området er dessutan perforert av jerbaneskjener og vegar frå før. Difor meiner eg dette er ein gamaldags vernepolitikk, understrekar han.

– Kvifor vil området få eit betre vern dersom det blir bygd ein utstillingsbygning der?

– Planen vår er å visa fram både vikingtid og mellomalder i det nye museet. Og alle tinga frå Kongsgården og Mariakirka finst i samlingane våre. Når det gjeld opparbeiding av parken og overbygging av jernbanespor, som ligg der i dag, er det inkludert i kostnadskalkylane til Statsbygg for eit nytt kulturhistorisk museum. Ved Akropolis er det nettopp opna eit nytt og fantastisk museum. Det har heilt sikkert gått med ein del verna kulturlag under byggjearbeidet der. Det viser at Riksantikaren i dag har ein vernepolitikk som ikkje vil vera levekraftig i framtida, meiner Egil Mikkelsen.
 


 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2009 15:36 - Sist endra 19. aug. 2009 16:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere