Tar eit tak for handballen

– Sju av dei som deltar i handballgruppa til Bedriftsidrettslaget, var aktive på førstelaget til Oslostudentenes idrettsforening (OSI) på 1970-talet. To av dei mest aktive er over 60 år, fortel gruppeleiar Steinar Skogheim, som i august vil bli blant dei over 60.

VENNER MED BALLEN: Bak f.v. Nicolas Tourasse, Jamal Bajja, Atle Bersvendsen, Ragnar Waldahl. Framme f v. Steinar Skogheim og Per Schwarze.

Foto: Martin Toft

I dag klarer dei å samla 14 stykke på trening, viss alle kan. Men for 20 år sidan var situasjonen annleis.

– På 1980-talet hadde me to fulle lag med i bedriftsserien. Nokre av dei som er med i dag, er på bileta av dei to laga. I dag er berre ein i 30-åra og ein i 40-åra. Difor ynskjer me at fleire yngre menn får lyst til å delta i handballgruppa. Problemet med dei gamle kroppane på over 60 og 50 år, er at det tar tid før dei kjem seg igjen etter ein idrettsskade, fortel Skogheim.

– Dei som berre vil trena, men ikkje spela kampar, kan også få lov til det, legg han til. Handballgruppa trenar i Domus Athletica kvar tysdag frå kl. 16.00 til 17.30. Då trenar dei ofte saman med handballgruppa for kvinnene.

– Dei er endå færre enn oss, men dei kan også delta på laget vårt når me spelar kamp, for å styrkja laget med yngre krefter, seier Skogheim.

I fjor gjekk det dårleg med laget i 2. divisjon i bedriftsserien. Men i Universitetsleikane håpar han at handballgruppa kan forsvara dei stolte tradisjonane sine.

– Me har vunne handballturneringa 15 gonger på dei siste 20 åra, slår han fast. Alle som har lyst til å bli med i handballgruppa kan ta kontakt med Steinar Skogheim på e-postadresse. steinar.skogheim@usit.uio.no
 

 
 

 

Emneord: Bedriftsidretten Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2009 10:52 - Sist endra 7. mai 2009 11:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere