Sju kandidatar kjempar om to plassar

Dei sju kandidatane som kjempar om dei to plassane for dei fast vitskaplege tilsette i Universitetsstyret, snakka alle entusiastisk om Universitetet i Oslo på valmøtet i Sophus Bugges hus torsdag 14. mai. Men berre 25 tilhøyrarar dukka opp.

VIL INN I UNIVERSITETSTYRET: Debattleiar Marina Tofting instruerer dei sju kandidatane som vil inn i Universitetsstyret om korleis debatten skal skje.

Foto: Martin Toft

Det er jussprofessor Kirsti Strøm Bull, professor i statsvitskap, Tom Christensen, professor i  molekylærbiologi, Kristian Gundersen, biologiprofessor Dag Hessen, psykologiprofessor Hanne Haavind, jussprofessor Asbjørn Kjønstad og professor i lingvistikk, Hanne Gram Simonsen som no vonar at deira argument vil vinna dei ein av dei to plassane for dei fast vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

- God personalpolitikk

Det var personalpolitikk, rekruttering, akademisk fridom, forskingsfinansiering og likestilling som var stikkorda under valdebatten mellom dei sju kandidatane til dei to plassane for dei fast vitskaplege tilsette i Universitetetsstyret. Første kandidat ut var jusprofessor Kirsti Strøm Bull:

– God forsking og god undervisning krev ein god personalpolitikk. Eg vil spesielt peika på behovet for ein betre balanse mellom talet på fast vitskaplege tilsette og talet på mellombels vitskaplege tilsette. Dei som i dag sit i mellombelse stillingar utfører svært viktig forsking og er ein ressurs som universitetet altfor ofte ikkje får halda på på grunn av mangel på trygge arbeidsforhold og fordi dei ikkje veit kor lenge dei har jobb, peika Strøm Bull på.

Og ho la til:

– Det er også viktig å vera klar over at UiO kjem svært dårleg ut av dagens finansieringsordning, og er det universitetet

 

Garantist mot endring av tilknytingsform

Professor i statsvitskap, Tom Christensen var opptatt av å understreka at om han blir vald inn, så vil Universitetsstyret få inn ein fagmann.

– Som statsvitar og forskar på reformer i forskingsinstitusjonar, vil eg vera godt kvalifisert som medlem i Universitetsstyret. Dersom eg kjem inn, vil eg også vera ein garantist for at det ikkje blir noko endring av tilknytingsforma, om det skulle bli eit regjeringsskiftet etter stortingsvalet. For meg er det viktig at dei som styrer universitetet ikkje hentar førebiletet sitt frå næringslivet, slo han fast.

Christensen var heller ikkje særleg glad for dei faglege prioriteringane frå dagens universitetsstyre.

– Det verkar som om dei aller fleste er misnøgde med dei. I gamle dagar var det ein gjennomløpande organisasjonsstruktur. Det er det ikkje lenger. Difor har ikkje dei vitskaplege tilsette noko eigarforhold til dei faglege prioriteringane. Viss eg hadde fått bestemt, ville eg ha organisert dei faglege prioriteringane nedifrå, understreka han.

– Ingen sundagsskule

Etter å ha vore ute av Universitetsstyret i ein valperiode, vil no professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen inn igjen i varmen.

– Universitetsstyret er ingen sundagsskule, spesielt ikkje etter at talet på representantar for dei vitskaplege tilsette blei redusert etter den siste endringa av styreforma til universiteta. Eg veit det er store konfliktar i dagens styre. Mi røynsle er at det finst to måtar å sjå på UiO på. Den første går ut på å sjå på den same styringsstrukturen som i næringslivet. Det andre måten er min eigen måte, og det er å sjå på universitetet som ein arena der lærarar og studentar kan utfalda kreativiteten sin. Det heile kokar ned til akademisk fridom og fritt temaval innanfor forsking, sa Gundersen.

– UiO må ikkje bli eit nytt programmert forskingsråd slik Forskingsrådet er blitt. Det må vera høve for individuelle forskarar til å skaffa seg forskingspengar også.

Då debattleiar Marina Tofting ville ha han til å svara på om han meinte all forsking var relevant, kom han med eit sitat frå tidlegare forskingsminister Gudmund Hernes.

– God forsking er alltid relevant, smilte han.

– Reformkritisk, men ikkje bakstreversk

Men Kristian Gundersen får konkurranse frå ein annan kandidat frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Biologiprofessor Dag Hessen vil gjerne også ha eit ord med i laget i kampen om dei to plassane i Universitetsstyret.

– Eg er reformkritisk, men ikkje bakstreversk. Heile tida har eg eg halde fast på dei humboldtske ideala for universitetet, som altså inneber ein stor grad av sjølvstyre. Det aller viktigaste er å leggja vekt på kvalitet framfor kvantitet i forskinga. Difor bør me satsa mykje meir enn i dag på nyfikendriven forsking. Diverre har staten ei departementsvis inndeling av finansieringa av forsking. Difor er forskinga altfor ofte programstyrt, meinte Hessen.

– Eg vil også oppmoda regjeringa til å revitalisera forskingsutvalet sitt. Dessutan vil eg ta initiativ til at det blir oppretta eit felles organ mellom UiO og Stortinget. Målet er å få skapt eit tettare nettverk mellom UiO og styresmaktene. Det er nemleg svært viktig at rektoratet er på bana, meinte Hessen.

– Betre planlegging av generasjonsskiftet

Psykologiprofessor Hanne Haavind trudde ikkje ho var interessert i universitetspolitikk før ho hadde tatt ein periode som prodekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

– Det gav meg lyst til å driva med forskings- og universitetspolitikk. Alle er einige om at forskinga er grunnpilaren til universitetet. Eg har ikkje eit nostalgisk forhold til universitetet som det var, men er meir oppteken av korleis det skal bli. UiO står overfor store utfordringar når det gjeld rekruttering og generasjonsskifte. Det er heilt naudsynt med ei betre planlegging av den generasjonsoverføringa som UiO står overfor dei neste ti åra. Den kan brukast til å få fleire kvinner inn i faste vitskaplege stillingar, håpa ho.

Haavind støtte prosess fagleg prioritering, men ho var oppteken av at den ikkje blir for firkanta.

– I vedtaket frå Universitetsstyret står det at den skal evaluerast etter to år. Eg meiner den bør evaluerast frå første dag den er sett i verk. Eg meiner at dei faglege prioriteringane er det beste UiO har klart å få til, var ho overtydd om.

Foreslår handkasse på 100 000 kroner

Jussprofessor Asbjørn Kjønstad har ein karriere bak seg både som dekan og medlem i det akademiske kollegium. No vil han tilbake igjen til UiOs høgaste styringsorgan.

– Den akademiske fridomen er eit grunnleggjande prinsipp som no også er nedfelt i FNs menneskerettserklæring. For meg er det viktig at forskarane får nok handlingsrom for ideane sine. Dei må få sleppa å skriva alle dei små søknadane sine. Som medlem av Walløe-utvalet til Vitskapsakademiet, støtta eg eit framlegg om å lata kvar forskar få 100 000 kroner i ein handkasse som dei kan bruka til reiser og innkjøp av bøker. UiO må bruka 200-årsjubileet i 2011 til å få samfunnet til å bera arvesølvet vidare og til å revitalisera UiOs posisjon i samfunnet, tykte han.

På direkte spørsmål frå debattleiar Marina Tofting vedgjekk han at han ikkje var svært oppglødd for sentra for framifrå forsking. 

– Sentra for framifrå forsking passar ikkje for alle typar forsking. Eg vil difor prioritera den forskinga som i dag går føre seg på institutta, sa han.

– Viktig med forskingsnær undervisning

Professor i lingvistikk, Hanne Gram Simonsen er den einaste kandidaten frå Det humanistiske fakultetet. Ho har nettopp avslutta ein seks år lang periode som instituttleiar for Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) Det har gitt henne meirsmak. 

 – Det har gitt meg mange viktige røynsler som eg kan byggja vidare på. Eg har lært kva som er godt og dårleg og eg har lært av mine eigne feil. Det er viktig med rekruttering for fornying. Eg synest difor at dei faglege prioriteringane må leggjast til grunn for den rekrutteringspolitikken som blir ført. For Universitetet i Oslo er det viktig med forskingsnær undervisning for å skilja det frå høgskulane. Det er dei som blir tilsette no, som vil prega universitetet i mange år framover. Det er av den grunn heilt rett å dela ut startpakkar og tildela stipendiatar til nytilsette vitskaplege tilsette, var ho viss på.

Ho kom også med eit forslag som ho meinte UiO burde ha tatt meir alvorleg langt tidlegare. 

– Karriereplanlegging for dei vitskaplege tilsette er vegen å gå. Det er nesten noko heilt nytt ved UiO. Eg fekk tilbod om det etter at eg hadde fylt 60 år, og det er i seinaste laget, synest eg, la ho til.

Ynskjer språksenter ved UiO

Gram-Simonsen kom også inn på forslaga i språkmeldinga til Helge Hveem. 

 – Det er viktig å publisera på internasjonale språk, men forskarane må få opplæring i akademisk språkbruk både på engelsk, fransk og spansk. Men det er viktig at den same artikkelen også blir publisert på norsk. Eg støttar difor tanken frå Hveem-utvalet om å oppretta eit eige språksenter ved UiO, sa ho.

 

Emneord: Styrevalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 17. mai 2009 15:21 - Sist endra 17. mai 2009 16:05

Uniforums referat av det jeg sa på valgmøtet 14. mai er ikke helt korrekt. Generelt er jeg meget positiv til Sentre for fremragende forskning, men det er også mange mindre forskermiljøer og enkeltforskere som det er viktig å gi støtte til. Dette er et hovedsyn i utredningen fra Videnskaps-Akademiet "Evne til forskning. Norsk forskning sett innenfra", som jeg var med på. Alle aktivt publiserende forskere må gis økonomisk handlingsrom for sin kreativitet, og ikke måtte bruke en masse tid til å søke om mindre beløp. Historien har vist ny viten og innsikt ofte har kommet fra mindre miljøer og enkeltforskere. Asbjørn Kjønstad

asbjornk - 18. mai 2009 17:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere