– Reknar med fullfinansiering

– Eg synest det er flott at sektoren får fleire studieplassar i samband med finanskrisa. No reknar me med at regjeringa fylgjer opp med løyvingar, slik at studieplassane blir fullfinansierte, seier rektor Geir Ellingsrud i ein kommentar til det reviderte nasjonalbudsjettet.

KLOKT: – Det er klokt å auka talet på studieplassar i ei krisetid, meiner UiO-rektor Geir Ellingsrud, som trur det kan vera med på å få ned arbeidsløysa. Han er likevel ikkje nøgd med pengesummen UiO får i det reviderte nasjonalbudsjettet. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Universitetet i Oslo har no 26 500 studentar og i løpet av dei siste åra har dei fått ein dårlegare kvalitet på studia på grunn av dagens finansieringssystem.

Ein milliard i eigendelar

– Hovudproblemet vårt er eigendelar på eksternt finansierte prosjekt og til stipendiatar som no er oppe i over ein milliard kroner. Desse pengane må me ta frå andre aktivitetar, ikkje minst frå undervisninga, seier Ellingsrud.

Medan regjeringa meiner at kvar studieplass i gjennomsnitt kostar 110 000 kroner, meiner UiO-rektor Ellingsrud at summen må vera 30 prosent høgare på grunn av eigendelane.

– Det er klokt å auka talet på studieplassar i ei krisetid, meiner Ellingsrud, som trur det kan vera med på å få ned arbeidsløysa. – Utdanning gir svært høg omstillingsevne, og det er nettopp det samfunnet vårt treng i krisetider, seier han.

Auken på 14 millionar kroner til basisløyvinga til UiO, synest han ikkje er særleg imponerande.

– Det er berre ein fjerdedel av den lønnssmellen me gjekk på i fjor og som me ikkje fekk kompensert fullt ut. Eg er spesielt vonbroten over at me ikkje får tilført meir pengar enn dette. Det hadde me faktisk rekna med, vedgår han.

Nye bygg er sett på plankartet

Derimot er han svært nøgd med ein liten sum på 400 000 kroner som regjeringa løyvde til UiO i revidert nasjonalbudsjett.

– Dette er pengar som skal gå til utgreiing av nytt kulturhistorisk museum, nytt klinikkbygg for odontologi og nytt forskings- og undervisningsanlegg for kjemi, farmasi og biomedisin, det vil altså seia det planlagde Life Science-bygget. Det er me svært glade for, for det tyder på at me er i gang med verkeleggjeringa av svært viktige byggjeprosjekt, understrekar Ellingsrud.

57,2 mill. kr. til IFI II

Det eg også klart at den nye informatikkbygningen får   57,2 millionar kroner for å dekkja kostnadoverskridingar.

– Eg er svært tilfreds med at Kunnskapsdepartementet no tar ansvar for å få bygningen klar i samsvar med planen, seier teknisk direktør Frode Meinich.
 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2009 15:20 - Sist endra 15. mai 2009 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere