Feminismens mor

Mary Wollstonecraft fekk barn utanfor ekteskap, prøvde å ta sjølvmord to gonger og forsvarte både Den franske revolusjonen og kvinnene sine rettar. I 1795 blei ho send på forretningsreise til Norden av elskaren sin. Resultatet blei boka ”Min nordiske reise.”  

PORTRETT: Dette er det mest berømte portrettet av Mary Wollstonecraft, måla av John Opie i 1791. (Copyright: Tate Britain)

I år er det 250 år sidan Mary Wollstonecraft blei fødd i heller beskjedne kår i Storbritannia. I dei 39 åra ho levde, blei ho kjent som både feminist, debattant og skribent. Det var først etter at mannen hennar ,William Godwin hadde gitt ut memoarane hennar at ho blei uglesett av det strenge britiske samfunnet på grunn av det livet ho hadde ført. Då ho var 31 år var ho mellom dei mest berømte intellektuelle i Storbritannia.

Ho skreiv sitt mest berømte verk ”Eit forsvar for kvinnene sine rettar”, 1792, som eit svar på Thomas Paines bok, ”Mennesket sine rettar,” 1791. ^Året etter drog ho til Paris, like før Ludvig den 16. blei avretta i giljotinen. Seinare skreiv ho boka ”A Hictorical and Moral View of the French Revolution,” 1794.

Kjærleiksreise til Skandinavia

– Det var nettopp rett etter Den franske revolusjonen ho møtte den amerikanske eventyraren, forretningsmannen og forfattaren, Gilbert Imlay, fortel forskar Tone Brekke ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, UiO. Ho har redigert ei bok om Mary Wollstonecrafts nordiske reise, som er gitt ut på Oxford University Press. – Imlay blei den store kjærleiken hennar og forholdet førte til at Mary Wollstonecraft blei gravid og fødde ei dotter. Imlay avviste henne, og då ho kom tilbake til England og forstod dette, prøvde ho å ta livet av seg, fortel Brekke. Likevel fann ho eit lite halmstrå som ho skulle bruka for å vinna han tilbake.

– Imlay hadde gjort forretningar med den norske skipsreiaren Peder Ellefsen i Arendal. Han hadde handla sølv med han, men på grunn av dårleg ver kom det aldri til England. Han var interessert i å få det tilbake. Difor sende han Mary Wollstonecraft dit som sin juridiske representant saman med dottera si og ei barnejente. Reisa hennar byrjar sør for Göteborg før ho drar vidare mot Oslo, Tønsberg, Risør og Arendal. I løpet av denne turen får ho tid til å observera folk ho treffer og ho skildrar det norske samfunnet på både ein estetisk og antropologisk, men samtidig veldig personleg måte, fortel Brekke.

Og det var ikkje berre hyggelege ting ho kunne fortelja om i dei breva ho sende til Gilbert Imlay frå denne turen.

 
 FORNUFT OG KJENSLER: – Mary Wollstonecraft klarte å smelta saman fornuft og kjensler og viste at det eine ikkje utelukkar det andre, seier postdoktor Tone Brekke ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, UiO. (Foto: Ola Sæther)
 

– Dei mest primitive folka

– Nei, ho skildrar nordmennene som dei mest primitive folka i heile Skandinavia. Difor meinte ho også at dei var ukorrumperte. Ho ser Noreg som ein samfunnsmodell som ho ynskjer å utforska fordi det blir nesten som eit Utopia for henne. Då ho var i Oslo besøkte ho familiane Anker og Collett og budde på Bogstad gård. Der skal det visst også vera ein hyttevegg ho har skrive namnet sittt på, utan at nokon har lykkast med å finna den. Hos desse familiane fekk ho klart inntrykk av at nordmennene lengta etter å bli fri frå Danmark og få sitt eige universitet, seier Brekke. Det er desse tekstane frå Noreg og resten av Skandinavia som står igjen som ein viktig del av arven etter henne.

– Frie nordmenn

– Dei fortel om bondesamfunnet Noreg og korleis kvinnene oppfører seg i høve til mennene. Det norske samfunnet blir på mange måtar ein modell for henne, fordi det enno ikkje har mista uskylda si. Nordmennene er frie, fordi det er mindre hierarki og fordi dei er primitive. Wollstonecraft slår likevel fast at det er naudsynt med utdanning for å kunna utvikla ei kritisk tenking. Ho kjem med filosofiske tankar om kvinnene sine rettar i dette samfunnet, og utviklar seg som ein filosofisk tenkjar. Reiseskildringa blir hennar subjektive oppleving av det norske samfunnet og kan knytast til feminisme i ein multitekstuell samanheng. Det er denne teksten som har fått best kritikk av alt det ho har skrive, meiner Brekke. I Noreg er historia om Mary Wollstonecraft ukjend for dei fleste.Det var den også for Tone Brekke.

– Fornuft og kjensler

– Eg oppdaga henne då eg var doktorstudent ved UC Davis i California. Då las eg tekstane hennar om Den franske revolusjonen. Som skribent uttrykkjer ho seg svært subjektivt, men tekstane er likevel utruleg kompliserte. Ho klarte å smelta saman fornuft og kjensler og viste at det eine ikkje utelukkar det andre. Det er svært imponerande for meg at ho klarte å slå gjennom som skribent, forfattar og intellektuell på 1700-talet i Storbritannia.

– Og med tanke på det livet ho levde, er det vanskeleg å forestilla seg at ho levde på den tida. På den andre sida er det verdt å ta med seg at livet for kvinnene i Storbritannia blei endå strengare i åra etterpå, ikkje minst med puritanismen i victoriatida. Men også i samtida hennar var det mange som var sjokkerte over henne. I det konservative tidsskriftet ”Anti-Jacobine” var Mary Wollstonecraft sett under P i registeret deira. P-en stod for prostitute, peikar ho på.

– Feminismen kan læra

Tone Brekke meiner dagens feminisme har noko å læra av Mary Wollstonecraft.

– Feminismen må tenkja historisk og ikkje berre ta utgangspunkt i samtida. Det var kvinner som gjekk i bresjen for kampen mot slaveriet, nettopp fordi dei kjende seg igjen som personar utan juridiske rettar i ekteskapet, meiner ho.

Og kva skjedde med Mary Wollstonecraft etter Skandinavia-turen? Då drog ho tilbake til England og gifta seg med vennen William Godwin. Han hadde lese ”Min nordiske reise” og blitt forelska i forfattaren. I august 1797 fødde ho dottera Mary. Ein månad seinare døydde ho av blodforgifting. Dottera blei verdskjend som Mary Shelley, forfattar av skrekkromanen ”Frankenstein”.

 (Kjelder: Wikipedia og Tone Brekke) 

Emneord: Kvinne- og kjønnsforskning Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2009 14:34 - Sist endra 6. mai 2009 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere