Ekstern gransking av rektorvalet i Bergen

Avviklinga av rektorvalet skal granskast eksternt. Tidlegare rektorkandidat Rolf Reed og prorektorkandidat Ernst Nordtveit har i eit brev reagert på at valet har vore overvaka, skriv På Høyden. Sigmund Grønmo blei attvald som rektor under valet 2. april.

GRANSKING: Rektor Sigmund Grønmo (biletet)blei attvald under rektorvalet i Bergen 2. april. No krev motkandidat Rolf Reed ei ekstern gransking på grunn av at valet har vore overvaka.

Foto: uib

Som På Høyden skreiv dagen etter rektorvalet vart ni røyster, leverte av i alt fire studentar, forkasta ved valet. To av desse studentane hadde medvite gått inn for å levera falske røyster.

Då På Høyden skreiv om saka kom det fram at somme personar hadde høve til å overvåka avviklinga av valet, som føregår digitalt. Sekretær i valstyret sa at han oppdaga jukset då han fulgte med på røystegjevinga. IT-avdelinga vart kontakta, og dei spora røystene tilbake til dei som hadde avgitt dei. Til saman tre personar har vore inne og overvaka valet.

– Ei prinsippsak

Tidlegare rektorkandidat Rolf Reed og prorektorkandidat Ernst Nordtveit har i eit brev reagert på at valet har vorte overvåka.

– I brevet skildra me vår overrasking over at nokon kunne følgja valet og logga røystegjevinga dagleg. Det er eit viktig prinsipp at valurna skal vera lukka til valet er over, seier Rolf Reed til På Høyden.

I brevet ba ein om ein uavhengig  gjennomgang av valet. Kravet har ført til ei gjennomføring av ein ekstern revisjon, utført av revisjons- og rådgjevingsfirmaet Ernst & Young. Universitetsstyret vart orientert om dette i førre veke, og truleg vert Ernst & Young sin rapport klar i løpet av mai.

– Vasstett valsystem

Reed er glad for at valet no skal granskast.

– Dette er ei god handtering frå universitetet si side. Det er viktig å påpeika at me bør ha eit valsystem som er vasstett, både i forhold til dette valet og framtidige val, seier han.

Ernst & Young utfører granskinga

 No skal valet gjennomgå ein ekstern revisjon, utført av konsulentfirmaet Ernst & Young, noko Universitetsstyret vart orientert om i førre veke. Truleg vert Ernst & Young sin rapport klar i løpet av mai.

Superbrukarar kan spora røyster

Gunnar Grendstad, leiar i det sentrale valstyret, understreka overfor På Høyden i april at ingen i valstyret kan spora røyster tilbake til namngjevne personar. Det kan derimot såkalla superbrukarar på IT-avdelinga ved UiB. Etter instruks gjekk dei inn i protokollane og fann dei irregulære røystene ved valet.

– Det er godt at våre rutinar fanga dette opp, og at det ikkje fekk nokon påverknad på sjølve valresultatet, sa Grendstad til På Høyden i april.

Treng tillit

Rolf Reed vil ikkje spekulera i om det kan verta aktuelt med eit omval.

– Det har me ikkje tatt opp. Moglege uregelmessige ting kan slå begge vegar. Det som er viktig er å få sett lys på valavviklinga, slik at me kan få tillit til denne.

(Oppdatert kl. 13.02)

 


 

Emneord: Universitetspolitikk Av Jens H. Ådnanes i På Høyden
Publisert 8. mai 2009 10:16 - Sist endra 16. juni 2009 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere