300 nye studieplassar til UiO

Universitetet i Oslo får tildelt 300 nye studieplassar og får auka basisløyvinga med 14 millionar kroner i det reviderte nasjonalbudsjettet som blei lagt fram i dag. – Dette er eit viktig tiltak for å gjera UiO i stand til å ta imot fleire studentar enn tidlegare, seier forskingsminister Tora Aasland til Uniforum.

FLEIRE STUDENTAR: - No kan mange fleire få høve til å ta seg høgare utdanning. Søkinga til høgare utdanning har auka ganske mykje i 2009, og regjeringa fylgjer no opp dette med løyvingar til fleire studieplassar, seier forskingsminister Tora Aasland. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

120 av dei nye studieplassane går til lærarutdanninga ved UiO. 65 går til realfag, 10 til helsefag og 65 til andre prioriterte fag. Til saman opprettar regjeringa 3800 nye studieplassar ved universitet og høgskular over heile landet. 1000 plassar går til lærarutdanningane, 850 til helse- og sosialfaglege utdanningar medan 550 går til matematiske og teknologiske fag. 600 studieplassar kan utdanningsinstitusjonane sjølve få bestemma over kva fag dei skal leggjast til.

I tillegg blir talet på studieplassar på desentraliserte utdanningar og etter- og vidareutdanning auka med 800.

– Gledeleg

Til saman blir basisløyvingane til universiteta og høgskulane auka med 80 millionar kroner.

– Det synest eg er gledeleg, seier forskingsminister Tora Aasland til Uniforum. Ho er også nøgd med at UiO får auka basisløyvinga med 14 millionar kroner.

–  Denne gongen får UiO tildelt 300 nye studieplassar medan Høgskolen i Oslo får 350 nye studieplassar. Grunnen til det er at me satsar spesielt på å auka talet på studentar på lærarutdanninga, helse- og sosialutdanninga og ingeniørfaga. Og det er det Høgskoleni Oslo er størst på. Når det gjeld auken i basisløyvinga får Høgskolen i Oslo 3, 8 millionar, medan UiO får ein auke som er i samsvar med den vanlege fordelingsnøkkelen, altså 14 millionar kroner, understrekar Aasland.

Inga løyving til bygningar

– De har ikkje løyvd pengar til nye bygningar som til dømes til nytt veksthus på Tøyen i revidert budsjett?
– Nei, det kom ei fin løyving på 8 millionar kroner til dette prosjektet i tiltakspakka i januar. Pengar til nye bygningar vil eventuelt koma på forslaget til statsbudsjett for 2010 i oktober.

– Er du nøgd?
– Ja, det er eg. No kan mange fleire få høve til å ta seg høgare utdanning. Søkinga til høgare utdanning har auka ganske mykje i 2009, og regjeringa fylgjer no opp dette med løyvingar til fleire studieplassar. Noreg har behov for fleire unge med høgare utdanning, og dette er spesielt viktig i ein periode med ein vanskeleg arbeidsmarkad, seier Aasland.

Fryktar underfinansierte studieplassar

Ei storsatsing på nye studieplassar må ikkje føra til ei vidare svekking av arbeidsvilkåra for dei som skal undervisa og forska, poengterer Forskarforbundet i ei pressemelding. – Forskerforbundet er uvisse på om dei nye studieplassane er fullfinansierte, fordi dei blir oppretta innanfor kostnadskrevjande fagområde. Underfinansierte studieplassar vil forverra dagens situasjon endå meir og mange fagmiljø må dermed undervisa endå meir for endå færre ressursar. Dette vil svekka både undervisningskvaliteten og arbeidsvilkåra til forskarane, uttaler Bjarne Hodne, som er leiar for Forskarforbundet.

I ei undersøking mellom Forskarforbundets medlemar seier 79 % at dei ikkje får tid til å forska innanfor ordinær arbeidstid, og 75 % seier at dei brukar meir av fritida til å forska enn det dei meiner er ynskjeleg.
 

– Glade for at regjeringa har lytta

– Me er glade for at regjeringa har lytta til innspela våre om studieplassar, seier Jarle Aarbakke, leiar av Universitets- og høgskulerådet. – Me melde inn behovet for å styrkja basisløyvinga med 405 millionar kroner for 2009 på grunn av den manglande finansieringa av sektoren for 2009. Dei 80 millionar kronene som kjem i revidert nasjonalbudsjett for 2009 er vesentleg lågare enn innspelet vårt og dette er me svært lite nøgde med, seier Jarle Aarbakke.

 Ber om kunnskapsmilliard

– Det trengs framleis meir for å heva kvaliteten i utdanningane, peikar leiar av Norsk Studentunion, Ingvild Reymert og leiar av Studentenes Landsforbund, Øistein Svelle på i ei pressemelding.

I pressemeldinga viser dei til at studentane i løpet av dei siste åra har opplevd jamlege kutt i utdanningskvaliteten. Samtidig har auka lønnsutgifter og kostnader til utstyr tyngd universiteta og høgskulane. Ein samla sektor har difor sett fram krav til regjeringa om å styrkja sektoren med ein milliard i frie midlar til universitet og høgskular i 2010-budsjettet.

– No håpar me at regjeringa legg inn kunnskapsmilliarden i statsbudsjettet for 2010, uttalar dei to studentleiarane.

 

 

Emneord: Økonomi, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2009 12:05 - Sist endra 15. mai 2009 12:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere