Vil ha stortingsmelding om menneskerettar

Det er på tide med ei ny stortingsmelding om menneskerettar. Det går fram av Norsk senter for menneskerettar si årbok for 2008. I ein menneskerettsdebatt med politikarar frå alle stortingspartia utanom Senterpartiet, fekk senteret full støtte for dette kravet.    

 Støttar politikarane ein ny stortingsmelding om menneskerettar? Det spør smålet måtte både Vidar Karlsen (FrP) Janne Haaland Matlary (KrF), Akthar Chaudry (SV),Vidar Bjørnstad (Ap), Olemic Thommesen (H) og Ola Elvestuen (V) svara på under debatten i Frukostkjellaren.

Foto: Ola Sæther

Norsk senter for menneskerettar meiner altså at tida er inne for ein ny handlingsplan om menneskerettar i Noreg. Ein slik handlingsplan vil kunna bidra til jamt fokus på menneskerettar i maktutøvinga, auka kunnskapen og merksemda om menneskerettane og bidra til betre koordinering mellom ulike maktnivå.

Senteret meiner handlingsplanen må fokusera spesielt på realisering av rettar. Ein handlingsplan om menneskerettar bør innehalda oppfylging av kommentarar og tilrådingar til Noreg frå internasjonale overvakingsorgan, meiner menneskerettssenteret.

Open, offentleg debatt

På den måten trur det at handlingsplanen kan letta arbeidet til styresmaktene i samband med Noregs statursrapportar til ulike internasjonale organ. Forslaget går ut på at planarbeidet blir innleia med ein open, offentleg debatt, der det blir klart kva område som bør prioriterast. Dei to siste gongene det blei lagd fram ei stortingsmelding om norsk menneskerettspolitikk var i 1977 og i 1999.

MENNESKERETTSDEBATT: Stortingsrepresentant Olemic Thommessen synest det hadde vore nyttig med ein årleg menneskerettsdebatt i Stortinget. (Foto: Ola Sæther)

Fekk politisk støtte

På ein debatt mellom representantar frå alle stortingspartia utanom Senterpartiet, fekk Norsk senter for menneskerettar støtte for forslaget om få ei ny menneskerettsmelding. – Det hadde vore nyttig om Stortinget kvart år kunna ha ein eigen menneskerettsdebatt i tilknyting til årsrapporten frå Norsk senter for menneskerettar på same måte som me har ein debatt om personvernomsyn og om nynorsk kvar gong Datatilsynet og Språkrådet legg fram sine årsmeldingar, sa Høgres Olemic Thommessen.

 

–Til stor hjelp

Og han fekk fylgje av Framstegspartiets justispolitiske rådgjevar Vidar Karlsen. 

– Det kan vera til stor hjelp for å få eit oversyn over kva dei internasjonale konvensjonane forpliktar Noreg til å gjera for å fylgja opp menneskerettane på heimebane. Samtidig synest eg ikkje at avisoppslaget som det tidlegare Big Brother-paret gjekk til Den europeiske menneskeretttsdomstolen med og fekk medhald i, er mellom dei sakene det er viktig å få ei prinsipiell avgjerd i, meinte han.

Kamp mellom relativisme og fundamentalisme

Janne Haaland Matlary er andrekandidat på stortingslista til Kristeleg Folkeparti i Oslo, og ho uttrykte glede over at menneskerettane og ytringsfridomen hadde fått meir og meir å seia i heile verda sidan 1990. – Fundamentalistane har også oppdaga kor viktig verdi ytringsfridomen er. Difor står kampen i dag mellom relativismen og fundamentalismen, var ho viss på.

– Orden i eige hus

Sosialisitisk Venstrepartis stortingsrepresentant Akthar Chaudry tok utgangspunkt i pensjonert jusprofessor Carsten Smiths definisjon av kva hovudinnhaldet i menneskerettane er.

– ”Menneskerettane gir vern for mindretalet og avgrensar kva fleirtalet kan gjera av ting som går utover mindretalet.” Ingen vil gi frå seg makta. Difor er det viktig at menneskerettane skal vera ein slags himmel over alt dette, peika han på.

– Internasjonalt har Noreg eit godt ord på seg når det gjeld å respektera menneskerettane. Men skal Noreg ha truverd, må landet også halda orden i eige hus. Så kva skal ein då seia når politikarar og media brått la debatten om løyve til bruk av skaut i politiet heilt død. Trass i at Likestillings- og diskrimineringsombodet hadde tatt opp den saka, viste Chaudry til.

– Felles politisk grunnlag

Arbeidarpartiets Vidar Bjørnstad var einig med Akthar Chaudry i at det var viktig først å halda orden i eige hus.

– Menneskerettane er eit felles politisk grunnlag for alle dei viktigaste partia i Noreg. Utviklinga av internasjonale standardar i menneskerettane er ein hjørnestein i arbeid med å få til ein internasjonal rettsorden. Regjeringa arbeider for å få til ein del forbetringar av etterlevinga av ein del internasjonale konvensjonar. Entusiasmen for å lata dei bli ein del av norsk rett har ikkje gått tilbake i regjeringa. Sjølv om landa som i dag er med i FNs menneskerettsråd har ulik definisjon av menneskerettar, vil me kjempa for at Noreg skal bli medlem i FNs menneskerettsråd og at vårt syn på menneskerettar skal bli det leiande synet, slo han fast.

– Noreg fengslar barn under 18

Venstres andre nestleiar Ola Elvestuen konstaterte at Noreg ikkje var så flink som landet burde vera til å respektera alle konvensjonane det har skrive under på.

– Noreg fengslar framleis barn under 18 år. I Oslo bystyre har eg vore med på å realisera arbeidet med ein ny sentral arrest etter at me fekk kritikk frå den europeiske menneskerettskommisjonen for forholda i den gamle. Den største faren for menneskerettane er at det skjer ei relativisering. Debatten om blasfemiparagraf og hijab-diskusjonen viser at den internasjonale diskusjonen også er til stades i Noreg, peika han på. 

Rundt 100 personar var til stades under debatten i Frukostkjellaren på Det juridiske fakultetet. Debattleiar var kommentatoren og journalisten Aslak Bonde.


 

Emneord: Menneskerettar Av Martin Toft:
Publisert 23. apr. 2009 16:32 - Sist endra 28. apr. 2009 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere