Ole Petter Ottersen vann rektorvalet

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved Universitetet i Oslo. Det blei klart etter at oppteljinga frå den elektroniske røystinga viser at han fekk 65 prosent av røystene. Motkandidat Trygve Wyller fekk 35 prosent. – Dette er eit flott universitet, og eg vil gjerne gjera noko ekstra for det, sa Ottersen straks valresultatet blei kunngjort.  

SIGERSGLISET: Medisinprofessor Ole Petter Ottersen vann rektorvalet ved UiO med 65 prosent av røystene.

Foto: Ola Sæther

I valet mellom teologidekan Trygve Wylller  og medisinprofessor Ole Petter Ottersen valde altså fleirtalet av dei røysteføre på UiO medisinprofessoren.  Han fekk til saman 65 prosent av stemmene. Valdeltakinga var også høgare enn ved noko anna val tidlegare ved UiO, sa leiar for valstyret, Harald Baldersheim, då han kunngjorde resultatet.  Det var langt føre teologidekan Trygve Wyller som fekk 35 prosent av stemmene.  

Oppteljinga viser at Ole Petter Ottersen fekk flest stemmer frå både dei vitskapleg tilsette, studentane og dei teknisk/adminsitrative tilsette. 

Takka alle

Ole Petter Ottersen måtte opp på ein stol for at heile den talrike forsamlinga skulle sjå han og få høyra sigerstalen hans. 

- Eg vil takka det fantastiske laget mitt Inga Bostad, Ragnhild Hennum og Doris Jorde. Dessutan vil eg takka motkandidaten min Trygve Wyller. Utan at han hadde stilt opp, hadde det ikkje blitt noko val. Tusen takk for ein valkamp som aldri blei ureieleg.Utan denne valkampen ville UiO ha vore fattigare og mindre synleg. Hjarteleg takk for alle som har stilt opp for oss og for alle støttespelarane våre, og takk til alle som deltok i valet. 

- Eg vil spesielt trekkja fram Studentparlamentet og leiaren Heine Skipenes som har ført ein utrøyteleg valkamp og som heile tida har klart å halda seg nøytral. Dessutan vil eg takka media, både Aftenposten og NRK som har fylgd med på heile valkampen. Og eg vil også takka Uniforum og Universitas for deira dekning av valkampen. Det har vore ein lærerik valkamp og me har blitt endå betre kjend med universitetet, sa Ottersen.

Wyller gratulerte

Den tapande rektorkandidaten Trygve Wyller gratulerte Ole Petter Ottersen med sigeren. 

 - Gratulerer og lykke til med fire år som rektor.UiO får ein klar og flott rektor. Eg vil også takka Guro Valen og Arne Bugge Amundsen og dei andre støttespelarane mine. Eg vil også nemna Lise Kjølsrud som tok initiativet til vårt kandidatur. Rektorvalet viser i alle fall at 35 prosent av universitetssamfunnet støttar våre saker og vårt valprogram. No går me alle saman tilbake til våre roller, sa Wyller. I morgon drar han til Bohuslân for å slappa av saman med kona. 

- Fin valkamp

Fram til 1. august vil rektor Geir Ellingsrud vera rektor for Universitetet i Oslo.

- Eg gratulerer Ole Petter Ottersen med valresultatet og gratulerer begge kandidatane med ein fin valkamp, som var langt meir fair og ryddig enn då eg blei vald til rektor i 2005. Viss de treng gode råd, så kom gjerne til oss, oppfordra han.

Så måtte Ole Petter Ottersen i studioet til Dagsnytt Atten og heile forsamlinga på Klubben på rundt 100 personar løyste seg opp og alle gjekk kvar til sitt etter at dei hadde venta på valresultatet frå kl. 16.00 til klokka 18.15.

Høg valdeltaking

Valstyret melder at valdeltakinga til saman var på 24,5 %,  60,7 prosent for dei vitskapleg tilsette, 51,6 prosent for dei teknisk-administrative tilsette og 16,9 prosent blant studentane. Det er altså den høgaste deltakinga det har vore ved noko val på Universitetet i Oslo, opplyste leiar for valstyret, Harald Baldersheim. 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 2. apr. 2009 14:40 - Sist endra 20. apr. 2009 15:56

Kjaere Ole Petter Ottersen, jeg vil gjerne faa gratulere deg med valget og önsker deg og ditt team lykke til som rektor ved UiO de neste 4 aarene. Det har vaert en interessant valgkamp der synspunkter og staasteder har blitt avklart for mange personer i de forskjellige miljöene ved UiO. Personlig haaper derfor at vi tidlig faar se at forskningsfinansieringen blir bedret ved deg ved roret. Uansett hvilken finansieringsmodell du vil legge til grunn. Og vi er mange som vil avventer begivenhetenes gang med stor interesse. Jeg haaper ogsaa at du vil ta i mot mine franske kolleger ved INSERM og UM1 fra Montpellier, som önsker aa vaere med paa en brobygging mellom UiO og UM1 hva gjelder forskning paa stamceller innenfor feltene chondrogenese, osteoarthritt, immunologi og cancer. Jeg ble anbefalt av Haakon benestad om aa vente til den nye rektor ble inaugurert, og herved sendes stafettpinnen til deg. Vi fra Montpellier er i alle fall klar til en liten foredragsserie i Norge og et möte med det nye rektoratet naar det maatte passe utover hösten. Nok en gang, gratulerer med en klar valgseier. Med vennlig hilsen, Jan Oxholm Gordeladze, professor, IMB, Avd. for Biokjemi

Jan Oxholm Gordeladze - 3. apr. 2009 08:54

Gratulerer til Ole Petter Ottersen, Inga Bostad, Ragnhild Hennum og Doris Jorde med en overveldende seier. Jeg ønsker dere lykke til i jobben i den kommende 4-årsperioden. Dere bør ha alle forutsetninger for å klare dette på en utmerket måte. Som nyansatt registrerer jeg at valgdeltagelsen er den høyeste noensinne ved tilsvarende valg på UiO. Dette er for meg uforståelig. 24,5 %!! Dette er i alle fall etter min oppfatning elendig og spesielt studentenes valgdeltagelse. Den må jo være katastrofalt dårlig? Hadde de allerede reist på påskeferie?

Ola Bratseth - 3. apr. 2009 09:37

Gratulerer! Vi (studentene) gleder oss, og først som sist: Hennum: åpningstidene på pc- og lesesalene ved juridisk fakultet er ikke tilfredsstillende. Vi ber om å få utvidede åpningstider, spesielt for oppgaveskrivende mastergradsstudenter i helger og ikke minst påskeferien. Håper på endring i tråd med målsettingen om å heve fagkunnskapene blandt studentene.

sigrunva@uio.no - 3. apr. 2009 13:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere