-Treprosentmålet dårleg styringsverktøy

– Målet om at forsking skal utgjera tre prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt , står framleis fast, men som ein langsiktig målestokk og ikkje som eit styringsverktøy i forskingspolitikken. Det slo forskingsminister Tora Aasland fast då ho presenterte den nye forskingsmeldinga "Klima for forskning" i ettermiddag. 

OLJEPRISEN: - Forskingspolitikken skal ikkje gjerast til eit produkt av oljeprisen, understreka statsråd Tora Aasland då ho la fram forskingsmeldinga "Klima for forskning" i dag.

Foto: Ola Sæther

–Treprosentmålet har vist seg å vera dårleg eigna som kortsiktig styringsverktøy i forskingspolitikken. Om me har ein god forskingspolitikk skal avhengja av om me når dei forskingspolitiske måla. Den skal ikkje gjerast til eit produkt av oljeprisen, understreka Aasland. På pressekonferansen poengterte ho dette med å illustrera dei økonomiske utsyna for åra framover.

- I 2009 og kanskje 2010, kan det sjå ut som om utviklinga av bruttonasjonalproduktet blir negativ. Då kan Noreg koma mykje nærare treprosentmålet utan at løyvingane blir styrkte, varsla ho.

I den nye forskingsmeldinga "Klima for forskning" blir det sett opp ni klare forskingsmål utan at det blir peika ut nye satsingsområde for forskingspolititikken. Mantraet til statsråden er at regjeringa vil leggja meir vekt på kvalitet og resultat enn på innsats i forskinga.

Globale utfordringar

Norsk forskingspolitikk skal hjelpa til med løysa dei store globale utfordringane innanfor klima, energi, miljø, hav og mattryggleik, skriv Kunnskapsdepartementet i pressemeldinga om den nye forskingsmeldinga. Difor vil regjeringa i samsvar med Klimaforliket styrkja forskinga på fornybar energi og karbonfangst og karbonlagring. Statsråd Aasland lovar også å leggja fram ein opptrappingsplan for klimaforskinga. I den vidare satsinga på nordområda vil forsking stå sentralt. Regjeringa kjem til å føra vidare satsinga på polarforskinga og vil mellom anna etablera eit eige senter for is, klima og økosystem (ICE) ved Norsk polarinstitutt og styrkja forskingsinfrastrukturen i nord. Som ein del av utviklingshjelpa vil regjeringa også styrkja forskingskapastiteten i dei aktuelle samarbeidslanda.

Medisin og helse

Regjeringa lovar å halda fram med å prioritera forsking innanfor medisin og helse, og viser til at det er det fagområdet som har vakse raskast i Noreg etter 2003. Derimot skal helseforskinga no koordinerast betre med den breie velferdsforskinga og bidra til å utjamna dei sosiale helseskilnadene.

– Det er eit paradoks at det er så stor skilnad på den gjennomsnittlege levealderen mellom Oslo aust og Oslo vest, peika Aasland på. I forskingsmeldinga går ho inn for at det blir lagt til rette for meir innovasjon i helse- og omsorgssektoren. Omsorgssektoren og aldersforskinga skal trappast opp.

Velferd og forskingsbasert profesjonsutøving

Forsking som bidrar til gode utdannings- og velferdsordningar skal prioriterast, og store reformer på velferdsområdet skal fylgjast opp av forsking. Det er spesielt innanfor innanfor yrke som har å gjera med helse-, sosial- og skulesektoren dette blir mest aktuelt.

Kunnskapsbasert næringsliv

Regjeringa vil møta den økonomiske nedgangen med langsiktig satsing på forsking og utdanning. I heile landet vil regjeringa leggja til rette for eit betre samspel mellom kunnskapssinstitusjonane og næringslivet. –Skattefunnordninga er evaluert og utvida og skal førast vidare. Talet på nærings-ph.d.-gradar er staten betaler 50 prosent av kostnadene og bedrifta resten, skal trappast opp kunne Aasland lova.

Næringsrelevant forsking

Eit anna mål er at norsk forsking skal bidra til næringsrelevant forsking på område som mat, marin, maritim, reiseliv, energi, miljø, bioteknologi, IKT og nye materialar/nanoteknologi.

Meir pengar til frie prosjekt

Tora Aasland varsla også at dei ville prioritera fri prosjektstøtte til nyfikendriven grunnforsking. Men ho kunne ikkje lova kor mykje regjeringa ville auka denne potten med i høve til i dag.

– Den er i alle fall for låg i dag. Eg skal etter kvart setja meg ned saman med Forskingsrådet for å finna ut kor stor den bør bli, sa Aasland. Sjølv om ho ikkje kom med den varsla rekrutteringsmeldinga i fjor, så hadde ho likevel eit svar til aksjonistane i ”Lausungane.”

– Det skal bli færre tilfelle av lange mellombelse stillingsforhold. Verken aksjonistane i ”Lausungane” eller eg har tenkt at alle i rekrutteringsstillingar skal tilsetjast ved forskingsinstitusjonar. Både næringslivet og andre delar av samfunnslivet treng dei, slo ho fast. Aasland kunne heller ikkje lova fullfinansiering av framtidige stipendiatstillinga, slik Universitetet i Oslo har kravd.


Rekruttering av kvinner

Regjeringa vil vurdera ei eiga insentivordning for å auka talet på kvinner innanfor matematikk, naturvitskaplege fag og teknologi og greia ut nye kvalifiseringstiltak. Aasland hadde lagt merke til at Institutt for teoretiske astrofysikk ved UiO, ikkje hadde tilsett ei einaste kvinne i fast vitskapleg stilling i løpet av dei 75 åra det har eksistert.
– Eg seier meg lei for at EU-reglar hindrar at me kan øyremerka vitskaplege stillingar til kvinner. Men me vil likevel lova å gi stimuleringspengar til fagmiljø som arbeider for å få tilsett fleire kvinner i faste vitskaplege stillingar, presiserte Aasland.

Offentleg tilgjengelege forskingsresultat

Forskingsresultata skal i størst mogleg grad gjerast offentleg tilgjengeleg, går det fram av meldinga. Regjeringa vil ha mest mogleg opne tilgjengelege forskingsresultat. Difor bør talet på tidsskriftssartiklar som blir tilgjengelege for alle, aukast i høve til i dag. Statsråden og regjeringa vil difor auka tilgangen til offentleg finansierte forskingsdata. Eit viktig tiltak vil difor bli etableringa av Norsk vitskapsindeks (NVI). Regjeringa vil setja ned eit utval som skal fylgja opp dette.
Tora Aasland kunne også fortelja at Kunnskapsdepartementet planlegg å evaluera Noregs forskingsråd for å finna ut korleis dagens forskingsfinansiering fungerer. 
 

-Tar ikkje naudsynte nasjonale grep

– Det er positivt at regjeringa ynskjer å møta dei globale utfordringane og satsar på at Noreg skal gi sjølvstendige bidrag innanfor forskinga, seier rektor Geir Ellingsrud ved Universitetet i Oslo. Men forskingsmeldinga tar ikkje dei naudsynte nasjonale grepa som skal til for at Noreg skal kunna klara å hevda seg i den internasjonale konkurransen om forskingsresultat, meiner han.

– Men me er spente på korleis dette vil bli fylgd opp, seier rektor Ellingsrud på grunnlag av at meldinga ikkje inneheld noko om  ein framtidig finansieringsmodell for forsking. Det vil først bli kjend  i statsbudsjettet for 2010. Meldinga tar likevel ikkje dristige grep og er noko prega av å vera ein forsvarstale for det regjeringa har utretta. Ei rekkje tiltak er overlate til framtidig analyse og utgreiingar.

– Eg er svært uroa over at dei humanistiske faga og bioteknologien er lågt prioritert i meldinga Dei blir behandla som stebarn.

– Eg etterlyser også ein tydelegare profil i arbeidet med å rekruttera vitskaplege tilsette. Me venta på ei rekrutteringsmelding som aldri kom og trudde at forskingsmeldinga skulle svara på nokre av dei utfordringane som må handterast for å dekkja behovet for fleire og betre forskarar. Desse spørsmåla har me ikkje fått svar på, synest Ellingsrud.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2009 16:09 - Sist endra 5. mai 2009 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere