Sigerherren

Barndomsheltane hans var fysikarane Niels Bohr og Max Planck. I dag er han ein av verdas leiande hjerneforskarar. Første august byrjar Ole Petter Ottersen som rektor ved Universitetet i Oslo.  

HUMOR: - Humor må ein ha for å takla utfordringane på universitetet, er Ole Petter Ottersen viss på.

Foto: Ola Sæther

I eit standsmessig husvære på Skillebekk held medisinprofessor Ole Petter Ottersen til saman med kona Reidun Torp. I den eine stova er veggane dekka av måleri, medan dei har fått plass til ei stor boksamling i den andre stova. Boksamlinga aukar kvar gong han har vore ute på ei tenestereise.

– Eg har hatt nokre av dei mest interessante lesaropplevingane mine på den måten. Kvar gong eg reiser, kjøper eg ein ny bok på flyplassen og så skriv eg straks opp i boka når og kvar eg kjøpte ho. På den måten får eg eit eige minne om kvar tur, fortel han.

Jordskjelv

Den siste tenestereisa hans gjekk til Roma.

– Den natta det var jordskjelv, vakna eg og merka at det svinga. Det var ein svært tøff start på opphaldet i Roma, sjølv om episenteret for jordskjelvet var 10 mil borte. Det var sjokkerande å få vita at over 300 personar hadde mista livet i skjelvet.

Men også på den turen fekk han tid til å lesa andre bøker enn faglitteratur. Ottersen trekkjer fram Jonas Gahr Støres bok ” Å gjøre en forskjell” og boka ”Outliers” av Malcolm Cladwell.

– Den siste boka er eit godt apropos til diskusjonen om danning. Fagkunnskap er ikkje nok, ein treng noko meir enn det. Og det kan vera at du må vita kva du skal seia når og til kven og korleis du skal menga deg i nettverket ditt. Det er eigentleg kunnskap som du tar for opplagt, til dømes å sjå ei problemstilling frå forskjellige vinklar. Innhaldet i den boka står difor i direkte relevans til eit breiddeuniversitet. Det er viktig å ha spisskompetanse på sitt eige fagfelt, men samtidig er det viktig å ha kunnskap om eit breiare felt.

No er han blitt ivrig, og tar i same slengen for seg boka til Jonas Gahr Støre.

– Der skriv han at fordi Noreg er så rikt, så må Noreg yta meir i bistand og i fredsarbeid enn det storleiken skulle seia. Eg meiner at det same moralske imperativet må gjelda for forsking og utdanning. Nettopp fordi Noreg er eit så rikt land, bør Noreg bruka meir pengar på det området. Me må bidra etter evne til kunnskapsallmenningen og ikkje satsa på å kopiera kunnskap som er utvikla i mindre privilegerte land. Det har eg lyst til å fortelja han, om eg får han på tomannshand.

Tarjei Vesaas

Mellom dei skjønnlitterære forfattarane, er det ein som står i ei særstilling hos han.

– Tarjei Vesaas er favoritten min. Det er heilt utruleg kor mykje han klarer å seia med få ord. Han blei eg først introdusert for då eg gjekk på Orkanger landsgymnas. Og bøkene hans har eg alltid vendt tilbake til seinare.

– Og når du har litt fritid igjen, kva gjer du då?
– Eg er glad i å gå på teater, konsertar og kunstutstillingar. Så synest eg det er viktig å halda meg i form. Difor har eg faste joggeturar. Og eg går tur i skog og mark, så ofte eg kan. Arbeidsdagen min byrjar klokka seks, og eg veit aldri kor lenge den varer. Då er det viktig å halda seg i form.

Nils Bohr og Max Planck

I barndommen var det likevel ikkje idretts- og popstjerner som var dei største idola hans.

– Niels Bohr og Max Planck var dei store heltane mine. Eg laga til og med ei portretteikning av Niels Bohr, hugsar han.

Då han var ferdig på Orkanger landsgymnas, søkte han og kom inn både på teknisk fysikk ved NTH og på medisinstudiet ved UiO. Ottersen takka ja til plassen på medisinstudiet.

– Det er vanskeleg å seia kvifor eg valde som eg gjorde, men eg følte vel at medisinstudiet var det som gav meg flest opne karrierevegar.

Hjerneforskaren

Medisinstudenten blei til slutt medisinprofessor og ein av verdas leiande hjerneforskarar, og i dag leier han Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN) ved Universitetet i Oslo og Rikshospitalet.

– Medisinfaget er utgangspunkt for veldig mykje. Det gjeld spesielt når me kjem inn på nevrologien og hjernen, som er spesialområdet mitt. I hjerneforskinga er me inne på både filosofi, estetikk og kunst. På den måten blir fleire av interessene mine foreina i fagfeltet mitt.

I fjor haust blei han tildelt Anders Jahres store medisinske pris for forskinga si på signalmolekyla og vasskanalane i hjernen. Det er likevel ikkje den personlege suksessen han er mest stolt av.

– Eg meiner at det eg har mest grunn til å vera stolt av, er at dei studentane eg har rettleia både på grunnivå og på doktorgradsnivå får prov på at dei gjer det godt og viser at dei har lykkast. Så når min tidlegare doktorstudent og noverande kollega Mahmood Amiry-Moghaddan får tildelt Jahreprisen for yngre forskarar, så er det eit godt døme på at den kunnskapen eg har formidla og den rettleiinga eg har gitt, har ført til gode resultat. Det er eg svært kry over.

- Tillitsvotum

– Den 2. april vann du rektorvalet ved UiO med 65 prosent av stemmene,medan motkandidat Trygve Wyller fekk 35 prosent. Korleis var det å bli vald til rektor?
– For meg var det eit viktig tillitsvotum at laget mitt fekk så stort fleirtal hos alle grupper. Eg kjenner meg oppløfta av tanken om å ta til. Eg ser fram til å arbeida saman med den gode administrasjonen til universitetet og det fantastiske rektorlaget mitt med Inga Bostad som prorektor og Doris Jorde og Ragnhild Hennum som viserektorar. Som person likar eg betre å jobba saman med andre, enn åleine.

 

FILOSOFI OG KUNST: -  I hjerneforskinga er me inne på både filosofi, estetikk og kunst. På den måten blir fleire av interessene mine foreina i fagfeltet mitt, synest Ole Petter Ottersen. (Foto: Ola Sæther)

- Humor

– Kva eigenskapar har du som du vil ta med deg inn i rektorrolla?

– Eg trur eg har evna til å koma med fleire ulike innfallsvinklar når me drøftar ei sak eller eit problem. Dessutan deler eg den filosofien som seier at ein alltid skal sjå etter om den mest uventa innfallsvinkelen kan løysa eit problem. Som resten av rektorlaget har eg ein godt utvikla humoristisk sans. Og humor må ein ha for å takla utfordringane på universitetet, det er han viss på.

– Når bestemte du deg for å bli rektor?

– Den første gongen eg reflekterte over det, var då eg dreiv på med evalueringa av UiO i 2001. Då kom tanken om at det hadde vore fint å ha eit universitetspolitisk verv. I haust fekk eg mange dytt frå kollegaer som ville at eg skulle stilla som rektorkandidat. Mange av dei kom frå andre fakultet enn det medisinske, og det var utslagsgjevande for at eg kom fram til at eg ville stilla.

– Kva vil de prioritera å gjera først?
– Me vil saman med fakulteta finn ut korleis me kan sikra god oppfylging av studentane og ta vare på seminarundervisninga. Eitt av måla våre er å syta for at studentane får eit postivt første møte med universitetet. Så vil me sjå kva me kan gjera for å retta opp skeivfordelinga i finansieringa av forskinga ved UiO. Den skuldast i hovudsak kvileskjeret, men også manglande oppfylging av den siste forskingsmeldinga. Forskarar som publiserer godt, må ikkje stå utan driftsmidlar.

– Eg drøymer om eit engasjert universitet. Oslo er staden der Nobels fredspris blir delt ut. Difor må UiO utnytta dette potensialet for alt det er verdt, slik at det kan bli endå meir internasjonalt, med vekt på kjerneverdiar som menneskerettar og fredsarbeid. Alle dei kontaktane me har over heile verda kan nyttast på ein positiv måte i dei krisetidene me opplever no.

– Kva er det som gjer deg mest opprørt?
– Brot på menneskerettar over heile verda. Og her heime: når Noreg som nasjon skuslar bort talenta sine. Det fører til at UiO mister unge forskartalent fordi universitetet ikkje har nok pengar. Me sit i verdas rikaste land, og trass i all vår rikdom så får dei ikkje det utviklingsrommet som dei fortener. Noreg kan bli ein kunnskapsleiiande nasjon i verda om landet satsar pengar på forskinga. Det må vera like naturleg som å vera verdsmeister i bistand og i fredsdiplomati.

- Sterkare lut må til

– Du var prodekan for forsking ved Det medisinske fakultetet medan Stein A. Evensen var dekan. Er du nøgd med det de fekk til av likestillingstiltak i den perioden?

– Nei, det må nok langt sterkare lut til enn det me brukte der. Det at eg har innsett dette blir reflektert i samansetjinga av rektorlaget mitt. Me har god kompetanse til å få gjort noko med ambisjonane våre om å få endå større likestilling mellom mann og kvinne på UiO. I alle fall i den grad EFTAs overvakingsorgan ESA gir oss handlingsrom til det.

– Når du blir rektor, må du leggja forskinga på hylla. Korleis blir det?
– Eg har drive med forsking ved UiO i 35 år, heilt sidan studietida i 1974. Men eg vil halda fram den uformelle kontakten med forskingsmiljøet. Det er viktig for legitimiteten til ein rektor. Dessutan vil dette gi dei yngre forskarane høve til å skaffa seg større ansvar. Eg er berre 54 år, og om eg ikkje blir attvald, så vil eg framleis ha mange år igjen som forskar.

– Har du vore på besøk på Universitetsdirektørens kontor og hos dagens rektorat etter at du blei vald?
– Jau, eg var der tidlegare i veka, og så skal eg ein tur dit seinare i dag.

– Så du har med andre ord byrja å innstilla deg på det nye tilværet som rektor?
– Ja, i påska brukte eg ein del tid på hytta ved Randsfjorden til å laga eit utkast til strategi for rektoratet vårt. Planen må vera klar i god tid før me tar til i jobben. Og kalendaren min byrjar allereie å bli fylt opp av møte med politikarar og andre sentrale personar. Men eg vil ikkje avsløra med kven, enno.

  

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2009 16:10 - Sist endra 28. apr. 2009 08:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere