– Noreg er mest avhengig av EU

– EØS-avtalen er avgjerande for Noreg. Den sikrar oss stabilitet i Europa og stadfestar vår samhandling med Europa. Eg trur ikkje det finst noko land som er meir avhengig av EU enn Noreg, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre, då han heldt ARENA-forelesinga på Blindern 16. april.  

UTANFOR EU:: – Eg brukar å seia at alle innbyggjarane i Noreg kan sova trygt om natta fordi dei aller fleste landa i Europa gjorde eit anna val enn det Noreg gjorde, understreka utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Martin Toft

Rundt 300 tilhøyrara, med rektor Geir Ellingsrud i spissen, møtte fram i Sophus Lies auditorium på Blindern for å høyra kva svar utanriksminister Jonas Gahr Støre ville gi på spørsmålet: Europa – kva no?

Støre la ikkje skjul på at han sjølv var ein svoren EU-tilhengjar, men han var samtidig oppteken av at fleirtalet av innbyggjarane i Noreg ikkje deler synet hans på det spørsmålet.

– Søv trygt

– Eg brukar likevel å seia at alle innbyggjarane i Noreg kan sova trygt om natta fordi dei aller fleste landa i Europa gjorde eit anna val enn det Noreg gjorde, understreka han. Støre tykte også at det talar til Europas fordel at kontinentet stadig diskuterte det varige spørsmålet om kvar Europa går.

– Det har blitt stilt gjennom 1000 år. Og det har handla om korleis ein definerer Europa og om kva som er yttergrensene til Europa. Det sentrale er at me spør oss sjølve om det, og at me gir svar på det. Europa – kva no? kan også omskrivast til EU -kva no? eller NATO-  kva no? Europa har faktisk klart å finna fram til unike felles løysingar. Gode døme på det er Organisasjonen for samarbeid og sikring i Europa (OSSE), Nordisk Råd og Barentsregion-samarbeidet. På den måten har Europa vore normgjevande i det internasjonale systemet. Landa avgir suverenitet for å få noko større tilbake, peika han på.

– Som eit årsmøte i Fiskarlaget

Så blinka han ut den største av desse organisasjonane, EU, og gjekk tilbake til Noregs forhandlingar om EU-medlemskap på byrjinga av 1990-talet.

– Då deltok eg saman med dåverande fiskeriminister Jan Henry T. Olsen. Eg la merke til kor roleg og avbalansert han var, sjølv om han aldri hadde vore med på forhandlingar på internasjonalt topplan tidlegare. Eg spurde han om det, og han svara at dette var ikkje noko særleg annleis enn på årsmøta i Fiskarlaget. Det var diskusjonar og møte og eting og drikking til langt på natt, og så til slutt kom dei fram til konsensus. I løpet av denne øvinga gjekk han frå å bli ein nei-mann til å bli ein ja-mann, poengterte Støre.

– Konsensus

Og han viste til at alle desse organisasjonane hadde eit fellestrekk.

– Alle arbeider seg fram til konsensus. I Europa har me også eit ansvar for å balansera mellom stat og individ. Finanskrisa og klimakrisa fører til debatt om demokrati og menneskerettar som universelle rettar. Då hamnar me midt i debatten rundt FNs konferanse om rasisme. Mange av dei landa som deltar, har heilt andre tradisjonar enn dei europeiske, men samtidig heller land som Indonesia, Brasil og Sør-Afrika seg mot Europa i staden for mot synspunkta til landa i Den islamske konferansen. Eg meiner det er viktig at Europa deltar i denne debatten og at me vinn den, understreka han.

Støre stod fast på at Noreg måtte oppretthalda kandidaturet til FNs menneskerettsråd.

– Eg hadde nyleg eit møte med USAs utanriksminister Hillary Clinton, og me blei einige om at Noreg og USA skal arbeida tett for å stå saman i dei debattane.

– Må byta ut gamle, mentale kart

Han kom også inn på forholdet til Noregs store nabo i nord.

– Når det gjeld forholdet til Russland er det viktig at me byter ut våre gamle, mentale kart. Den kalde krigen er over, men det er ikkje sikkert at det som tar over, er betre. Det går mykje på Russlands identitet som nasjonalsymbolet til landet viser på ein god måte. Det er ørna som ser begge vegar samtidig. Dei gamle landa i Aust-Europa er stort sett med i EU eller NATO eller i begge organisasjonane.

– I finanskrisa er det tydeleg kva land som har robuste politiske system og kva land som ikkje har det. Hos dei landa som ikkje har ein sosial velferdsmodell, blir krisa mykje større og meir alvorleg enn hos dei andre. Det er spesielt tydeleg når det gjeld fleire av dei gamle kommuniststatane i Aust-Europa. I festleg lag med politikarar frå Russland brukar eg å seia at nettopp fordi fleirtalet av desse landa no er med i NATO og EU, er det positivt for Russland, fordi det har hindra at dei har fått ein masse ustabile regime rundt grensene sine. Det ville ha blitt langt fleire tilfelle av det som skjer i Moldova i dag, meinte han.

– Ottomansk identitet

I Tyrkia hadde han observert eit identitetsskifte etter at EU førebels har slått igjen døra for medlemskap.

– Eg har notert meg at dei har fått ein meir ottomansk enn ein europeisk identitet. Dei vender merksemda meir mot dei sentralasiatiske republikkane og Midtausten enn mot Europa, sa Støre, som også var nøgd med at Arktis er på veg oppover på agendaen til dei fleste land no.

– Vanlegvis blir Noreg spurt om tre ting når me har møte med andre land. Det er energi, Russland og den finansielle situasjonen. Det er gledeleg at Arktis også er med blant dei sakene dei vil diskutera med oss. Tenk om det blir mogleg å segla via nordområda og Sibir til Asia. Det vil i alle fall vera færre piratar der enn utanfor Somalia, håpar eg. Nordområda må difor bli eit prioritert område for ei kvar norsk regjering, slo han fast. 

InterMedia ved Universitetet i Oslo gjorde opptak av heile ARENA-forelesinga til Jonas Gahr Støre. Eit utdrag på 57 minuttar blir sendt på NRK 2 laurdag 2. mai klokka 16.30.  Programmet får tittelen  Europa - hva nå?


 

Emneord: Eu, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 17. apr. 2009 16:21 - Sist endra 21. apr. 2009 12:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere