Internasjonale studentar er flinkast

Utvekslingsstudentar ved UiO produserte i snitt 23 studiepoeng kvart semester i 2008. Det er 3 studiepoeng meir enn dei norske studentane, syner tal frå Studieavdelinga ved UiO. Rådgjevar Gøril Mellem (t.h.) er imponert over Sylta Cornils frå Tyskland og dei andre internasjonale studentane.

BEST: Internasjonale utvekslingsstudentar tar flest studiepoeng ved UiO. Utvekslingsstudent Sylta Cornils (t.v.) frå Tyskland er overraska, medan rådgjevar Gøril Mellem i Studieavdelinga meiner dei er idealstudentar som gjer det dei skal.  

Foto: Ola Sæther

– Dette viser at det lønner seg å ta imot internasjonale studentar, seier seksjonssjef Guri Vestad og rådgjevar Gøril Mellem i Studieavdelinga.

Dei som skårar aller høgast er Erasmus-studentane og dei studentane som er på UiO som ein del av ein bilateral avtale med eit anna universitet. Vårsemesteret 2008 produserte Erasmus-studenten i gjennomsnitt 22,9 studiepoeng, medan den bilaterale studenten produserte 23 studiepoeng. Hausten 2008 produserte dei to studentgruppene i snitt 24,8 og 28,2 studiepoeng.

Statistikken viser også at NORAD- og kvotestudentane får mange studiepoeng i vårsemesteret, men ein god del mindre i haustsemesteret. Årsaka til det er at dei i hovudsak er mastergradsstudentar som etter planen leverer masteroppgåve med mange studiepoeng i vårsemesteret. 

– Idealstudentar

Verken Guri Vestad eller Gøril Mellem trur at dei norske studentane er dårlegare enn dei utanlandske.

– Grunnen til denne skilnaden kan vera at ingen av dei internasjonale studentane fell frå i løpet av studietida. Dei er idealstudentar som gjer det dei skal. Mange av dei er også svært unge, og dei har verken familie eller ein jobb ved sida av studia, seier Mellem og Vestad. Begge peikar på at Universitetet i Oslo tenar på internasjonal studentutveksling.

– Universitetet får 6300 kroner i mobilitetstilskot for kvar student det tar imot og for kvar student det sender ut. Sidan UiO tar imot fleire enn det sender ut,og fordi dei produserer så mange studiepoeng, tener UiO godt på det, seier Mellem.

Fleire gjesteforskarar

Dei meiner at den internasjonale studentutvekslinga som UiO driv, er heilt i samsvar med det Kunnskapsdepartementet ynskjer og kjem med forslag om i stortingsmeldinga om internasjonalisering av studium.

– Det viktigaste kriteriet er at det skal vera ein del av eit studium ved moderuniversitetet og utgjera ein del av ein bachelor- eller mastergrad, understrekar Vestad. Ho håpar at det skal vera mogleg å få sett i gang tiltak som gjer at fleire vitskaplege tilsette nyttar seg av høvet til å få stipend for å undervisa ved eit utanlandsk universitet. Då vil UiO kunna få ein vitskapleg tilsett frå det utanlandske universitetet til å koma hit.

– Dette semesteret skal franskprofessor Chantal Lyche reisa til den franske øya Reuniòn i Karibia, medan førsteamanuensis i nordisk språk og litteratur, Unn Røyneland har undervist ved Universitetet i Vilnius i Litauen. På den måten håpar me at me kan få fleire gjesteforskarar hit til UiO, seier Mellem og Vestad.

Internasjonalisering heime

I kjølvatnet av Internasjonaliseringsmeldinga til Kunnskapsdepartementet, blir det no arbeidd med ein ny handlingsplan for internasjonalisering av studia ved UiO.

– Eit av hovudtiltaka i planen er internasjonalisering heime. Ikkje alle studentar har høve til å tilbringa eit semester eller to ute. For å sikra at også desse studentane får sjansen til å nyta godt av eit internasjonalt læringsmiljø og at dei blir godt førebudde på eit stadig meir fleirkulturelt og internasjonalt arbeidsliv, vil møte med utanlandske lærarar og studentar vera eit sentralt verkemiddel, fortel Mellem. 

Lærarmobilitet

Gjensidig lærarmobilitet er ein av dei tinga som blir aktuelle.

– Auka bruk av utanlandske gjesteforelesarar gir gode høve til å knyta og halda kontakt med utanlandske kollegaer og lærestader. Lærarmobilitet fremjar utveksling av pedagogisk ekspertise og røynsle, og det kan også inspirera til å utvida og utvikla vidare kursinnhald og utval av emne som fagmiljøa våre tilbyd. Sist, men ikkje minst, vil innreisande lærarar kunna bidra til at lokale studentar i aukande grad let seg freista til delstudium ute, trur Mellem.

Vil ha språksenter

I høyringsfråsegna til regjeringa si internasjonaliseringsmelding vil Studieavdelinga også gå inn for fleire viktige tiltak ved UiO.

– Eit anna forslag som er med i planen og som me støttar er framlegget om å oppretta eit språk- og kompetansesenter ved UiO der tilsette får trening i fleirkulturelle spørsmål og opplæring i språk, medan norske studentar etter kvart kanskje kan få grunnopplæring i fransk og tysk før dei drar på eit lengre utvekslingsopphald, seier Vestad.

– Studerer ikkje heile tida

Sylta Cornils er 22 år og bilateral utvekslingsstudent frå Universitetet i Tübingen i Sør-Tyskland. Ho studerer samfunnsøkonomi på andre semester ved Universitetet i Oslo. I haust tok ho 35 studiepoeng og i vår planlegg ho å ta 40 studiepoeng i fem ulike kurs. Til saman har ho tatt 15 studiepoeng meir enn gjennomsnittsstudenten.

– Det visste eg ikkje, seier ho svært overraska på norsk. Forklaringa på kvifor dei utanlandske studentane gjer det så bra samanlikna med dei norske studentane, synest ho heller ikkje er opplagt.

Med i Radio Nova

– Me reiser masse rundt i heile Noreg og blir godt kjent med norsk kultur og på same måten som norske studentar deltar me i masse fritidsaktivitetar. Eg er med og lagar eit internasjonalt program på engelsk på Radio Nova. Det stemmer ikkje at eg sit inne og studerer heile dagen., seier ho.

Når våremesteret er slutt, drar ho tilbake til Tübingen. Der lærte ho seg norsk, før ho kom.

– Eg trivst svært godt, og eg har ikkje angra på det året eg har tatt ved UiO, fortel ho.

 

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2009 20:38 - Sist endra 22. apr. 2009 21:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere