Bjørn Haugstad ny forskingsdirektør ved UiO

Sivilingeniør og doktor Bjørn Haugstad (40) er tilsett som ny forskingsdirektør ved Universitetet i Oslo. Det bestemte Universitetsstyret i går. Frå 2001 til 2005 var Bjørn Haugstad statssekretær i Utdannings- og forskingsdepartementet. Dei siste åra har Bjørn Haugstad vore forskingsleiar for innovasjon og virksomhetsutvikling ved SINTEF Teknologi og samfunn.  

FORSKINGSDIREKTØR: Tidlegare statssekretær Bjørn Haugstad er tilsett som ny forskingsdirektør ved UiO. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

- Bjørn Haugstad, gratulerer med jobben som forskingsdirektør ved Universitetet i Oslo!

- Mange takk for det!

- Nærmare verdiskapinga

- Kvifor søkte du den stillinga?
- Det er ei stilling som passar meg som hand i hanske og ein sjanse som eg ikkje kunna lata gå frå meg. Eg har drive både med politikk og med forsking på kunnskap i forskingsintensive organisasjonar. I denne stillinga vil eg få god bruk for den politiske røynsla mi. UiO er den tyngste kunnskapsorganisasjonen her i landet. Der får eg også høve til å koma nærmare verdiskapinga enn det eg kunne som statssekretær. Det er i tillegg mogleg å driva meir praktisk arbeid enn det eg kunne som politikar. På mange måtar blir det ei anna rolle inn mot det same målet.

- Betre forskingsuniversitet

– Kva ynskjer du å gjera når du tar til?
– Forskingsdirektøren skal vera med på å få universitetet til å bli eit endå betre forskingsuniversitet. Skal ein døma etter det  dei vitskaplege tilsette seier,  ved UiO og andre universitet, opplever ein ofte avstanden mellom sentraladministrasjonen og dei som driv med forsking, som stor. Men ei Forskingsadministrativ avdeling er der nettopp for å ha ein servicefunksjon for dei forskingsutøvande delane av universitetet. Eg trur at eg sjølv har eit godt grunnlag for å koma i god dialog med dei forskingsutøvande miljøa. For meg blir det viktig for å få folk til å gjera ein god jobb.

- Ingen planar om å skifta jobb

- Kvifor søkte du deg til eit universitet og ikkje til eit forskingsinstitutt denne gongen?
- Det var eit val der eg hadde sjansen til å vera med på å gjera universitetet til ein endå betre forskingsorganisasjon. Er det mogleg å seia nei til dette, når eg med bakgrunn som statssekretær og forskar kan få høve til å ha ei slik stilling? Eigentleg hadde eg ingen planar om å skifta jobb, då dette høvet dukka opp. Så fekk eg teikn som viste at ein søknad frå meg ville vera av interesse.

Haugstad er utdanna sivilingeniør frå NTNU i Trondheim, der han også har tatt eit mellomfag i økonomi. Dei siste åra har Bjørn Haugstad vore forskingsleiar for innovasjon og virksomhetsutvikling ved SINTEF Teknologi og samfunn, samtidig som han har avslutta doktoravhandlinga si.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 28. apr. 2009 23:30 - Sist endra 29. apr. 2009 11:44

Velkomen! Det verkar lovande, ser fram til godt samarbeid! Helsing, Jon Storm-Mathisen

Jon Storm-Mathisen - 30. apr. 2009 01:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere