- Rektor skal ha ei sterk røyst i samfunnsdebatten

Rektorkandidat Ole Petter Ottersen lovar at rektor skal ha ei sterk røyst i samfunnsdebatten om han blir vald til Universitetet i Oslos neste rektor. – Trygve Wyller har ein politikk som kan verka splittande på universitetet vårt og som kan truga det som er ein av kjerneverdiane til universitetet, kvalitet, hevdar han om motkandidaten sin.  

GRØNT UNIVERSITET: - UiO skal bli eit ”grønt universitet” ved at me satsar endå sterkare enn i dag på å spara straum, papir og reiseutgifter, seier rektorkandidat Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

– Korleis vil politikken til rektoratet ditt skilja seg frå rektoratet til dagens rektor, Geir Ellingsrud?

– Me skal bli eit svært synleg rektorat. Rektor skal ha ei sterk røyst i samfunnsdebatten og me skal leggja stor vekt på ein strategi som blir retta inn mot å auka budsjettrammene våre. Rektor er og bør vera Universitetet i Oslos ansikt i samfunnet. Rektorlaget mitt ynskjer også å trekkja vekslar på den store, synlege rolla som andre på laget vårt har hatt, som til dømes Inga Bostad i saker som handlar om danning og likestilling. Me ynskjer ein synergieffekt ved å knyta rektoratet endå sterkare til Informasjonsavdelinga og dei som arbeider med samfunnskontakt. Dessutan vil me ha skrivegrupper i beredskap, slik at forskarar innanfor sitt fagområde, straks kan skriva noko, når det skjer noko i verda som har å gjera med deira fagfelt. For oss er formidling svært viktig, og difor vil me også ha fleire insentiv for dei som driv med det.

Må vera lova å ha ambisjonar

– Kva er det viktigaste skiljet mellom deg og motkandidat Trygve Wyller?

– Trygve Wyller har etter vår meining ein politikk som kan verka splittande på universitetet vårt og som kan truga det som er ein av kjerneverdiane til universitetet, kvalitet. Slik me oppfattar politikken hans vil han omfordela ressursar frå dei forskingsmiljøa som har oppnådd ekstern finansiering etter fagfellevurdering. Me meiner at det vil bli vanskeleg å motivera forskarane til å søkja om ekstern finansiering, dersom dei blir møtte med krav om omfordeling når søknaden er godkjent. Fagfellevurdering er eit kvalitetssikrande system og dersom dette systemet blir underminert kan kvaliteten ved universitetet bli truga.

– Det må vera lov å ha ambisjonar om å få eksterne løyvingar og institusjonen bør ynskja slike løyvingar velkomne. Me er svært opptekne av at kvaliteten ved UiO ikkje må trugast. UiOs eksistensrett er at me kan visa til kvalitet både i forsking og utdanning. Viss me ikkje leverer høg kvalitet på begge delar, kan me tapa kampen om auka budsjettmidlar. Mange av dei utfordringane me står overfor i framtida, krev eit vidt spekter av kunnskap frå den samfunnsvitskaplege, humanistiske og den naturvitskaplege delen av universitetet vårt. Difor har me ikkje noko anna val enn å halda på høg kvalitet over ei stor fagleg breidde.
 

– Du argumenterer for at universitetet må få betre økonomiske rammevilkår, medan motkandidat Trygve Wyller har signalisert at han også vil omfordela midlar internt, slik at det blir meir pengar til studentoppfylging og godt publiserande forskarar. Vil du også omfordela midlar?

– Eit rektorat har ansvaret for å bruka dei tilgjengelege ressursane på ein måte som best mogleg tar vare på dei tre hovudoppgåvene universitetet har: forsking, undervisning og formidling. Men me kan ikkje omfordela midlar ved å ”ta” frå dei som har fått eksterne løyvingar, slik Wyller foreslår. Dette vil som nemnt skapa splitting på universitetet og underminera kvaliteten. Sidan eg sit som leiar for eit senter for framifrå forsking, har Wyller blinka ut desse sentra som dei primære offera for omfordeling. Men diverre er det ein myte at det er mykje å henta ved omfordeling frå desse sentra. Kvart av desse sentra får to millionar i direkte tilskot frå UiO sentralt. Det tilsvarar totalt 16 millionar kroner, som er promillar av UiOs budsjett.
 

– Me meiner som Wyller at det er mogleg å finna pengar innanfor noverande budsjett som kan nyttast til å styrkja utdanning og forsking. Me har foreslått at UiO skal bli eit ”grønt universitet” ved at me satsar endå sterkare enn i dag på å spara straum, papir og reiseutgifter. Det siste vil me få til ved å nytta det utstyret som allereie er kjøpt inn, for å halda videokonferansar. Dessutan er det mogleg å spara inn ein god del ved å betra innkjøpsordninga. Den dyktige tekniske og administrative staben ved UiO arbeider allereie med desse problemstillingane. Dei midlane som blir frigjorde på denne måten, vil me fordela til undervisning. Konkret har me sagt at me vil øyremerkja ressursar slik at seminarundervisninga kan bli oppretthalde. Dessutan vil me oppretthalda og styrkja Småforsk-ordninga. Viss me blir valde, vil me med ein gong ta initiativ til møte med leiinga for kvart einskilt fakultet for å sjå korleis ein kan sikra driftsmidlar til alle aktive universitetsforskarar, dersom det kan dokumenterast ein rimeleg publiseringsaktivitet.

 

INTELLEKTUELL INFRASTRUKTUR: - Den aller største utfordringa er å få regjeringa til å innsjå at dei må ta eit tak i etterslepet på den intellektuelle infrastrukturen, meiner Ole Petter Ottersen. (Foto: Ola Sæther)

Lagspel

– Korleis meiner du at den ideelle arbeidsdelinga mellom rektor og universitetsdirektør bør vera?

– Stikkordet er lagspel. Det skal ikkje vera tvil om at rektor er universitetet sin leiar både internt og eksternt. Men den administrative og faglege linja må samhandla, kanskje endå betre enn i dag. Universitetsadministrasjonen har svært høg kompentanse, og ein betre dialog mellom rektoratet og administrasjonen trur me vil styrkja universitetet.

– Korleis har du opplevd rektorvalkampen til no?

– Det mest positive er læringselementet. Me har lært mykje om universitetet og alt det positive som skjer her. Det som er synd er at ikkje fleire engasjerer seg i rektorvalkampen. Rektorlaget mitt er sterkt for at universitetet skal vera prega av medverknad og engasjement. Det er viktig, dersom me skal klara å oppretthalda universitetsdemokratiet. Alle møta med studentane på alle fakulteta har vore svært positive.

– Kva blir dei største utfordringane for universitetet i neste rektorperiode?

– Den aller største utfordringa er å få regjeringa til å innsjå at dei må ta eit tak i etterslepet på den intellektuelle infrastrukturen. Regjeringa har vist at den kan gjera det innanfor samferdsel, men no er det viktig å få gjenoppretta balansen mellom den fysiske og intellektuelle infrastrukturen. Landet kan ikkje møta utfordringane i framtida utan at me har ein høg kvalitet i breidda, på utdanning og på forsking.

– Kvifor er du betre eigna til å møta desse utfordringane enn motkandidaten din?

– Om eg er betre eigna til det enn motkandidaten min, overlet eg til veljarane å avgjera. Eg er viss på at før dei stemmer vil dei samanlikna dei to laga med omsyn til kompetanse, fagleg breidde, gjennomføringsevne og nasjonal og internasjonal kontaktflate. Den høgaste prioriteten for oss vil vera å sikra at alle aktive forskarar får midlar til å forska for og at kvaliteten på undervisninga blir styrkt mellom anna ved tettare lærarkontakt og oppfylging tidleg i studiet. Dette er ein viktig del av oppskrifta for eit breiddeuniversitet av høg kvalitet.

 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2009 14:20 - Sist endra 25. mars 2009 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere