Matematikkprofessor tildelt 16 millionar frå EU

Matematikkprofessor Bernt Øksendal er som einaste norske forskar i realfag tildelt Det europeiske forskingsrådets pris, ERC Advanced Grant. Summen er på 16 millionar kroner over fem år. – Det er gjævt både for meg og for heile miljøet ved Centre of Mathematics for Applications (CMA), seier han til Uniforum.  

FEKK MILLONSTØTTE: Matematikkprofessor Bernt Øksendal ved Centre of Mathematics for Applications på UiO har fått tildelt 16 millionar kroner frå ERC Advanced Grant frå EUs 7. rammeprogram

Foto: Ola Sæther

Det europeiske forskingsrådet fekk inn om lag 1000 søknader om økonomisk støtte til forskingsprosjekt innanfor naturfag og teknologi (Physical Sciences and Engineering). ERC Advanced Grant blir gitt til framifrå forskarar og er ein del av EUs 7. rammeprogram. Matematikkprofessor Bernt Øksendal ved SFF-senteret CMA på UiO, var altså den einaste forskaren frå Noreg som fekk tildelt pengar frå denne potten. Han var sjølv ein av dei siste som fekk vita om at han hadde fått denne millionstøtta.

Øksendal har over 150 vitskapelege publikasjonar i internasjonale forskingstidsskrift og han er eine- eller medforfattar av 10 matematikkbøker. Han har særleg arbeidd med nye metodar innanfor stokastisk analyse og bruk, eit arbeid han fekk Nansen-belønninga for i 1996. ERC-prosjektet som no blei innvilga, tar sikte på å styrkja dette arbeidet og utvikla det vidare, med vekt på nyskaping og nytenkjing.

Vil utvida staben

Han understrekar at milliontildelinga er ein honnør til heile fagmiljøet og at pengane sjølvsagt skal brukast til nytte for forskinga.

– Dei vil først og fremst gå til å utvida den vitskaplege staben til forskargruppa mi innanfor stokastisk analyse. Fagfeltet er ein kombinasjon av klassisk matematisk analyse og sannsynlegteori og uvisse. Spesielt innanfor finanssektoren er det veleigna. Støtta frå Det europeiske forskingsrådet vil gjera det mogleg for oss å lysa ut fleire doktorstipend, postdoktorstillingar og få finansiert fleire gjesteprofessorar. Samtidig får me høve til å dra på fleire internasjonale konferansar og organisera eigne, fortel han.

Øksendal legg sterk vekt på kor viktig det er med eit godt fagleg og sosialt miljø for å få jobba fram gode forskingsresultat.

– Forskinga blir ikkje til i eit vakuum. Eit godt forskingsmiljø og eit godt sosialt miljø utan personlege konfliktar er viktig for at me skal gjera vårt beste. Difor kan eg med handa på hjarta seia at eg gler meg til å gå på jobben kvar einaste dag. Når det er ei glede, så er det lettare å gjera ein ekstra innsats, fordi ein blir så engasjert at ein ein arbeider hardt utan å vera klar over det, synest han.

Tidlegare studentar jobbar for Oljefondet

Finanskrisa har gitt han og medarbeidarane hans endå meir å gjera.

– Det er stadig samspel mellom det me held på med og den verkelege verda. To av dei beste masterstudentane mine takka ja til å arbeida for Oljefondet i staden for å halda fram som doktorstipendiatar hos meg. Sjølv er eg professor II ved Noregs handelshøgskule i Bergen, og der får eg gode impulsar til samspel mellom stokastisk analyse og finans, seier han. Han vil gjerne gi direktør Helge Galdal ved CMA ein god del av æra for at han og forskargruppa hans fekk desse 16 millionar kronene i støtte.

– Eg fekk god hjelp til å skriva søknaden om pengar frå han, seier Øksendal, som er svært stolt over at han er den einaste UiO-forskaren som har fått tildelt pengar frå det europeiske forskingsrådet, samtidig som han er den einaste norske forskaren innanfor naturfag og teknologi som har fått ei slik tildeling.

– Må skapast gode nok fagmiljø

– Poenget er at det må skapast gode nok fagmiljø og ei god utdanning for å få fram dei riktig gode forskarane. Noreg gir masse pengar til EU, og det er bra. Samtidig må me gjera forskingsvilkåra så gode her i landet, at det vil vera mogleg å konkurrera om desse midlane mot forskarar frå andre land. Diverre ligg me langt etter landa i EU når det gjeld løyvingar til forsking.

– Trur du at det hadde vore mogleg å få ei slik tildeling frå EU om fagmiljøet ditt ikkje hadde vore ein del av eit senter for framifrå forsking (SFF)?

– Det ville ha vore mogleg, men svært lite sannsynleg, konstaterer han.

29 søknader frå Noreg

Det var i alt 29 søknader frå Noreg på Advanced Grants 2008, 12 av desse kom frå UiO. 6 søknader på Life Science, 2 på Social Sciences and Humanities og 4 innanfor Physical Science and Engineering. Det får Uniforum opplyst hos EU-rådgjevar Mette Topnes i Forskingsadminstrativ avdeling.
 

.

 

Emneord: Naturfag Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2009 15:30 - Sist endra 26. mars 2009 10:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere