Inga kvinne tilsett som astronom på 75 år

Inga kvinne er tilsett i fast vitskapleg stilling ved Instiuttt for teoretisk astrofysikk på 75 år. – Det er hårreisande, synest forskaren Margrethe Wold. To stillingar som førsteamanuensis blei nyleg utlyste. To av kvinnene som søkte, blei intervjua, men tre menn blei tilsette.

UETISK: Inga kvinne er tilsett i fast stilling som astronom ved Institutt for teoretisk astrofysikk på 75 år. - Det er udemokratisk, uetisk og urettferdig, synest Margrethe Wold, som har søkt tre gonger.

Foto: Ola Sæther

Forskar Margrethe Wold har søkt ledige stillingar som førsteamanuensis tre gonger, men berre menn har fått jobbane.

– Den første gongen eg søkte var i 2003, like etter at eg var ferdig med doktorgraden. Då var det fleire kvinner mellom søkjarane. Så ved instituttet har dei lenge visst om at det finst kvinner som er interesserte i vitskaplege stillingar. I mellomtida har instituttet lagt strategiske planar på ein slik måte at kvinnene som er interesserte, ikkje får den same sjansen til å konkurrera som dei mennene som søkjer. Utlysingstekstane er smale og passar berre til eit fåtal kandidatar, meiner ho.
I likestillingsplanen til Institutt for teorisk astrofysikk for perioden 2007–2011 er målet at det skal tilsetjast minst to kvinner i fast vitskaplege stillingar i perioden. I denne perioden har fem menn blitt tilsette på fire utlysingar. Og det er ikkje fordi det manglar kvalifiserte kvinnelege søkjarar.

Utanfor konkurranse

– Nei, eg har søkt tre gonger på ledige stillingar som førsteamanuensis ved instiuttet. Den siste gongen blei eg kalla inn til intervju, men eg blei innstilt som nummer tre. Dei to som blei innstilte over meg var begge menn og fekk kvar si stilling som førsteamanuensis. I vedtaket til tilsetjingsutvalet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet står det klart at dersom ein av dei innstilte takkar nei, blir det berre tilsetjing i ei stilling. På den måten blir eg heilt ekskludert frå høvet til å bli tilsett i ei av dei to stillingane, om ein av dei hadde takka nei, seier Wold. Ved den tilsetjinga blei to kandidatar tilsette på berre ei utlysing. – Den andre stillinga blei såleis halden utanfor konkurranse, meiner Wold.

Arbeidd ti år som forskar i utlandet

Ho forskar på svarte hol i galakser og kva rolle dei spelar i danninga og evolusjonen av galakser. For tida leier ho sitt eige forskingsprosjekt, som blir finansiert med pengar frå Noregs forskingsråd. Fram til for kort tid sidan var ho postdoktor, også finansiert av Forskingsrådet. Tidlegare har ho arbeidd ti år som forskar i utlandet.

Ho tok doktorgraden ved Stockholms universitet, og seinare har ho hatt engasjement som forskar både ved CalTech i Los Angeles og ved European Southern Observatory i München i Tyskland. Nyleg fekk ho også eit Marie Curie-stipend frå EU. Men hovudfaget i astronomi tok ho ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved UiO.

– Då blei me oppfordra til å ta lengre forskingsopphald i utlandet. Eg tok dei på ordet, og har difor hatt fleire forskarstilllingar ved utanlandske institusjonar. I løpet av dei 75 åra Institutt for teoretisk astrofysikk har eksistert, er det altså aldri blitt tilsett ei kvinne i fast vitskapleg stilling.

– Udemokratisk og urettferdig

– Eg synest det er utruleg at det er mogleg ved ein statleg forskings- og utdanningsinstitusjon. Det er udemokratisk, uetisk og urettferdig. Rundt 47 prosent av den samla arbeidsstokken i Noreg er kvinner som betalar skatt til den norske staten. Pengane deira går også til å finansiera norsk forsking, og då kan ikkje kvinner haldast heilt utanfor forskingsområdet astronomi. I løpet av dei neste to åra blir det kanskje lyst ut to ledige vitskaplege stillingar til ved instituttet for å erstatta dei som går av for aldersgrensa. Viss det ikkje blir tilsett kvinner no, vil det gå 20 år før neste høve dukkar opp , seier Wold.

Likestillingsplanen til Universitetet i Oslo støttar også opp om synspunkta hennar. Den har som mål at det skal vera kvinner representerte ved alle institutt, museum og senter, både i fast vitskaplege stillingar og i faglege leiarstillingar.

– Det er heilt klart at Institutt for teoretisk astrofysikk skårar 0 poeng for dette. Difor får det ein strykkarakter frå meg, når det gjeld likestillingspolitikken sin, seier ho.

Wold har også vore i kontakt med fungerande likestillingsrådgjevar ved UiO, Ingrid Uldal. I likestillingsplanen til fakultetet er målet å auka prosenttalet på kvinner i faste vitskaplege stillingar frå 26,2 til 31,2 frå 2007 til 2009.

– Det er mange kvinner som byrjar å studera astronomi, men mange drar frå instituttet så snart dei er ferdige. Kvinner føler seg ikkje velkomne der, og arbeidsmiljøet er lite inkluderande for kvinner. Me føler oss så rekrutterte til astronomi som berre det, men me vil gjerne også bli tilsette i dei faste vitskaplege stillingane når me no er kvalifiserte til det, slår ho fast.

Forsvarar tilsetjingane

Instituttleiar Per Barth Lilje forsvarar at det ikkje blei tilsett kvinner i desse faste vitskaplege stillingane.

– Hovudavtalen i staten og ”Regler for tilsetting i professorater og førsteamanuensisstillingar ved Universitetet i Oslo” tillet ikkje radikal kjønnskvotering. Etter at søknadene var mottekne blei internasjonale vurderingskomitéar oppretta for begge stillingane. Det var kvinneleg medlem i begge komiteane. Det var minst ein kvinneleg søkjar til begge stillingane, og det blei spesielt passa på at komiteane inneheldt ekspertar som kjende forskningsområda deira, peikar han på.

– Vurderingskomitéane sine rapportar fann at éi kvinne var kvalifisert i kvar av stillingane. I den eine stillinga blei ei kvinne rangert som nr. 4 i den andre som nr. 3. For den første stillinga uttalte samtidig komiteen at søkjarane som blei rangerte som nr. 1 og 2 låg heilt klart framfor dei andre på lista over dei beste søkjarane. Dei var internasjonalt leiande forskarar som kunne gi instituttet eit stort løft, slår han fast. Lilje viser til at instituttstyret deretter sette ned intervjukomitear for dei to ledige stillingane.

– I handsaminga til instituttstyret blei rangeringa til intervjukomitéane oppretthalde. Men det blei samtidig vedtatt å setja i verk tiltak for å prøva å halda på den kvinnelege søkjaren som til slutt blei nr. 2 til den andre stillinga, slik at ho kunne auka den vitskaplege produksjonen sin og oppnå god nok vitskapleg kompetanse til å ha gode sjansar til å vera den beste søkjaren neste gong me lyser ut fast vitskapleg stilling i 2010. Ho er tilbydd postdoktorstilling ved instituttet for å sikra dette, opplyser Lilje.

Ingen lovnad

– Kan du lova at de kjem til å tilsetja kvinner neste gong det blir lyst ut ledige faste, vitskaplege stillingar ved instituttet?

– Så lenge reglane seier at kvotering kun kan brukast til å føretrekkja kvinnelege framfor mannlege søkjarar, viss dei har tilnærma likeverdige kvalifikasjonar, kan eg sjølvsagt ikkje lova at det vil bli tilsett ei kvinne neste gong me utlyser ei fast vitskapleg stilling. Men eg ser ingen grunn til å rekna med at dei beste mannlege søkjarane alltid skal vera vesentleg betre kvalifisert enn dei beste kvinnelege søkjarane, og håpar at dei tiltaka me no har sett i verk, skal kunna føra til at me neste gong vil ha ein kvinneleg søkjar som er like god som den beste mannlege søkjaren, gjerne også betre, skriv Barth Lilje i ein e-post.
 

Emneord: Likestilling, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 27. mars 2009 16:55 - Sist endra 27. mars 2009 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere