Finanskrisa kan realisera draumar

Finanskrisa kan gjera det mogleg å få realisert byggjeprosjekt langt tidlegare enn nokon hadde drøymt om. Det var rektorkandidatane Trygve E. Wyller og Ole Petter Ottersen heilt einige om på det siste rektorvalmøte onsdag 25. mars. Denne gongen kom også prorektorkanditdatane til orde.  

NESTE REKTOR: Trygve Wyller eller Ole Petter Ottersen blir UiOs neste rektor.

Foto: Ola Sæther

Rundt 250 personar hadde møtt opp for å høyra på den siste rektorvaldebatten. Det var dobbelt så mange som under det første møtet i Sophus Lies auditorium for to veker sidan.

Debattmøtet starta med at prorektorkandidatane Inga Bostad og Guri Valen måtte svara debattleiar Marina Tofting på kvifor dei ville ha vervet som prorektor.

– Eg har vore viserektor i tre år og føler at eg framleis har mykje ugjort, svara Bostad. – Eg kan bruka svenske auge på å sjå korleis ting kan gjerast ved UiO, svara Valen, og viste til den 12 år lange røynsla ho har frå Karolinske institutet i Stockholm.

– Og kva karakteriserer ein god leiar for dykk?, ville debattleiaren vita.

– Ein leiar må skapa entusiasme rundt ei sak, lytta og ha handlekraft til å få gjennomført saka, svara Valen.

– Eg er heilt einig i det med entusiasmen. Dessutan er det viktig at ein leiar er lagspelar, ser medarbeidarane sine og kan bryta ned skilja mellom studentar, forskarar og dei teknisk/administrative tilsette ved UiO, meinte Bostad.

- Grunnforskinga er varemerket

Så kunne dei to rektorkandidatane Ole Petter Ottersen og Trygve E. Wyller klappast inn på podiet. Dei måtte svara på kva fylgjer finanskrisa kunne få for UiO. Wyller var førstemann ut.

– Den kritiske, uavhengige og høgkompetente institusjonen UiO skal heile tida stå fast på at grunnforskinga er viktigast. I alle fag og på alle fakultet er det den uavhengige og sjølvstendige rolla som gjeld. Både studentar og tilsette treng gode arbeidsforhold uansett kva me gjer her. Det er postivt med senter for framifrå forsking, men det som skal vera varemerket til UiO er grunnforskinga ved alle dei åtte fakulteta. Det er også me som arbeider på universitet som må avgjera kva dei ekstra pengane frå regjeringa skal brukast til, peika Wyller på.  

 – Me vil utvida breidda, gi meir pengar til postdoktorstipend og innføra ei innstegsordning (tenure track). Og me vil satsa på meir vedlikehald av bygningar og auka studentoppfylging. Av byggjeprosjekta vil me prioritera Life Science-bygget og Veksthuset, og no har eg nyleg fått vita at Finansdepartementet er i ferd med å handsama Life Science-prosjektet. Difor er eg ikkje i tvil om at det er viktig, og det vil truleg også bli fullfinansiert. Det hadde vel ingen kunna drøymt om før finanskrisa tok til, trudde Wyller.

– Regjeringa kan flytta på Dovrefjell

Også Ole Petter Ottersen var ordentleg på offensiven.

– Å få meir ressursar til UiO blir førsteprioritet for oss. Forsking og utdanning er det viktigaste regjeringa kan satsa på under ei finanskrise. Når den klarer å leggja 300 milliardar på bordet for å betra den fysiske infrastrukturen i Noreg, må det også vera mogleg å få til ein liknande plan for den intellektuelle infrastrukturen. Planane for den ligg i Forskingsmeldinga. Regjeringa kan flytta på Dovrefjell, viss det er snakk om å vinna eit stortingsval, var han viss på.

–Gjeld det no å skrika høgt, Ottersen?

–Det er nyttelaust viss det er berre det som skjer, men om det ligg gode argument bak det høge skriket, kan det nå langt, svara han.

–Det handlar meir om politikk enn høgt stemmeleie, meinte Wyller.

Siv Jensen og alkoholfritt telt

Begge kunne stadfesta at dei hadde gode kontaktar både i det politiske miljøet og i regjeringa utan at dei gav opp namn. Wyller måtte også svara på om det spelte noko rolle for han om Siv Jensen ville bli Noregs neste statsminister.

– Som rektor må ein på offensivt vis forholda seg til ei kvar regjering uavhengig av politisk farge. Det går ikkje berra an å ringja til Kunnskapsdepartementet og seia: ”Tora, no treng UiO meir pengar,” tykte han. Wylller lova også at om han blir vald  til rektor skulle han syta for at det også ville bli eit alkoholfritt telt på Frederikkeplassen under opninga av semesteret.

– Det går ikkje an å halda så mange studentar, i hovudsak muslimske, utanfor studentfellesskapen ved berre å tilby øltelt. Eg lovar også å gjera noko med plassproblema dei muslimske studentane har under fredagsbøna, sa han.

 – Vil styrkja Fadderordninga

Ottersen kom også inn på studentane. 

– Studentane sitt første møte med UiO skal vera positivt. Dei skal få kontakt med forskinga så tidleg som mogleg i løpet av studiet. Difor vil me styrkja Fadderordninga og ha ei aktiv studierettleiing, lova han. Når det galdt spørsmålet om kva dei ville bruka ressursane til dersom regjeringa løyvde pengar til 1000 nye studieplassar, kom Wyller med dette svaret.

– Først ville eg ha sett meg ned saman med studentforeiningane, dekanane og foreiningane for å finna ut kva institutt eller fagmiljø som hadde behov for betre finansiering. I dag er det mest prekære realfag, som har låge søkjartal, akkurat som på teologi, sa han. Ottersen ville vera endå meir pågåande.

– Me vil ikkje sitja og venta på ein telefon frå statsråden, men vil vera proaktive. Først og fremst vil me gjera ein innsats for å sikra kvalitet for alle dei studentane som er her på UiO, svara han. 


 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 27. mars 2009 08:50 - Sist endra 27. mars 2009 10:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere