Død Supermann gir ny milliongåve

Christopher & Dana Reeve Foundation har for andre gong gitt 1 million kroner i gåve til ryggmergsforskinga til professor Joel Glover og forskar Marie-Claude Perreault ved Avdeling for fysiologi ved Det medisinske fakultetet på UiO. - Me er svært glade, seier dei to og ph.d.-studentane Nedim Kasumacic og Karolina Szokol.

GLEDE: Ryggmergsforskarane Joel Glover, Nedim Kasumacic, Karolina Szokol og Marie-Claude Perreault gler seg over pengegåva på over 1 million kroner frå Christopher & Dana Reeve Foundation.  

Foto: Ola Sæther

For tre år sidan fekk dei også ei løyving på 1 million kroner frå Christopher & Dana Reeve Foundation. Dei er ei av berre fire forskargrupper i heile verda som har fått to løyvingar frå denne stiftinga.

– Det viser at styret for stiftinga er svært nøgd med den forskinga me har gjort innanfor dynamisk, optisk registrering og stimulering sidan den gongen, seier professor Joel Glover.

Supermann blei lam

Stiftinga blei grunnlagd av skodespelaren Christopher Reeve etter at han fall av ein hest og blei lam frå halsen og ned. Han er mest kjend frå rolla som Supermann. For fire år sidan døydde han av komplikasjonar i samband med ein luftvegsinfeksjon, og berre to år etter døydde kona hans Dana av kreft. Då blei også namnet hennar tatt med i stiftinga.

Forskargruppa til Joel Glover og Marie-Claude Perreault held på med ryggmergsforsking. Dei ser mellom anna på korleis det vil vera mogleg å få tilbake kontakten mellom den delen av hjernen som styrer ulike kroppsfunksjonar, og nervecellene i ryggmergen, slik at personar som er blitt lamme etter til dømes ein trafikkskade, kan få tilbake til dømes gangen, tarmfunksjonen og seksualevna.

Sex er viktig

– Då me var på eit møte med styret for stiftinga i fjor sommar, fekk me svært gode tilbakemeldingar på det me hadde gjort så langt. Ein av representantane for pasientgruppene, sa då til oss at dersom forskinga kunne gjera det mogleg for han å ha sex éin gong i månaden, så kunne han godt sitja i rullestol resten av livet, fortel Glover. – Så langt har me klart å utvikla ein dyremodell og ein metodologisk framgangsmåte, optisk registering og stimulering som fungerer bra, legg han til.

- Registerer nerveceller med lys

– Den går ut på at me klarer å registrera nerveceller ved hjelp av lys. Me behandlar nervecellene til mus, slik at dei gir frå seg lys om dei er aktive. På den måten kan me også sjå på fleire av dei samtidig. Då kan me bruka den metoden til å sjå på sambandet mellom hjernen og ryggmergen, seier Glover.

– Og ved hjelp av ein ny teknikk som me kallar for fotostimulering, der ein laser blir brukt til å stimulera nerveceller med høg presisjon, vil det vera mogleg for oss å stimulera bestemte nerveceller i hjernen som styrer motorikken til ein eller annan kroppsfunksjon, forklarar Perreault. Forskinga går føre seg gjennom å ta ut ryggmergen til mus, halda den i live i eit spesielt kammer under eit mikroskop, og kjøra dei avanserte biletbehandlingsmetodane medan nervecellene er aktive. Deretter blir aktiviteten analysert ved hjelp av datamaskiner slik at forskarane kan kartleggja kvar einskild nervecelle i forhold til dei andre. Dei har høge ambisjonar for denne forskinga.
 

– Vil laga eit kart over ryggmergen

– Det langsiktige målet vårt er kunna skildra korleis hjernen er kopla til ryggmergen i detalj. Du kan godt kalla det for eit detaljert kart. Det eksisterer ikkje i dag. Det vil gjera det lettare å få utvikla ein metode som kan gjera det mogleg å styra tilvekst av nerveceller frå den delen av ryggmergen som ikkje er skadd, seier Glover. Forskargruppa har også nyleg fått ei løyving på rundt 2,2 millionar kroner over tre år frå Helse- og rehabilitering, som blir finansiert av Extra-trekninga.

– Dei pengane skal gå til forsking på korleis det vil vera mogleg å bruka stamsceller til behandling av ryggmergsskader, fortel Perreault. Pengeløyvinga frå Christopher & Dana Reeve Foundation vil i første omgang gjera det mogleg å få engasjert ein ny ph.d.–stipendiat.
 

 

Emneord: Medisin Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2009 17:48 - Sist endra 24. mars 2009 18:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere