Skal reformera jusstudiet

Jusstudiet står framfor ei reform, etter sterkt press frå rektoratet og Universitetsstyret. Målet er at det skal bli mindre karakterjag og meir læring. Både studentar og lærarar ser fram til det.

– LOVANDE: Jus har oppretta fire basisgrupper med 12 studentar i kvar gruppe. – Dette verkar lovande, seier førsteamanuensis Endre Stavang ved Institutt for privatrett. Han leier ei av basisgruppene.

Foto: Ola Sæther

– Studentane kan ta opp fagleg vanskelege spørsmål samtidig som dei blir godt kjende med kvarande. Dette verkar lovande, seier førsteamanuensis Endre Stavang ved Institutt for privatrett. 

Basisgruppe på 12 studentar

Han leier ei av dei fire basisgruppene for førstesemersterstudentane i juss. Kvar basisgruppe er sett saman av 12 studentar og ein faglærar. Ordninga er ein prøve som passar godt med dei råda rektoratet har gitt i samband med at Det juridiske fakultetet fekk ha den same budsjettpotten som i 2008, trass i at studenttalet skal gå ned. Det vil kosta Universitetet i Oslo 30 millionar kroner. Stavang håpar at denne prøveordninga kan bli permanent.

– Det er ein fin måte for studentane å bli kjende både med kvarandre og med faglæraren på. Og det er svært sosialt. Men det viktigaste av alt er at læraren kan sjå korleis dei lærer, konstaterer han. Stavang er ansvarleg for studiekvaliteten på første år av jusstudiet. Han underviser i rettsforholda for fast eigedom og i rettsøkonomi.

– Meir valfridom

Studiereforma på juss ser han fram til.
– Mange ynskjer meir valfridom for studentane, så dei kan få høve til å profilera eiga utdanning. Det vert også peika på at lærarane kan driva meir forskingsbasert undervisning og at studentane får læra noko meir ut ifrå lystprinsippet, seier han. Stavang trur likevel ikkje at jusstudiet kjem til å bli eit like stort smørbrødbord av valfrie emne som i bachelorstudia ved Det humanistiske fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet.
– Nei, ikkje akkurat så radikalt, men me er kanskje i ferd med å gå i den retninga utan å ta steget full ut, meiner han.

Mappeevaluering

Stavang er også open for andre former for vurderingar enn eksamen.
– Mappeevaluering med innleverte oppgåver gjennom eit heilt semester og med ein standpunktkarakter til slutt, kan det bli aktuelt å innføra for jusstudiet også, seier han. Det trur han kan gi fordelar for både studentar og lærarar.
– Då blir studentane kanskje meir fokuserte på læring og å tileigna seg ny kunnskap. Eg trur studentane opplever at jusstudiet i dag i stor mon går ut på å lesa om Høgsteretts tolkingar av forskjellige lover. Lovene er aldri så presise at dei ikkje reiser tolkingsspørsmål. Men me juristar kan påverka vårt eige studieobjekt. Rettsoppfatningane til folk endrar seg også over tid, konstaterer han.

Meir internasjonalisering

Jusstudiet skal også internasjonaliserast meir enn i dag.
– Engelsk kontraktsrett vil vera svært relevant for norske forretningsadvokatar. Men også annan framandslandrett vil bli endå viktigare i framtida, av di ein lærer av å samanlikna. I dag ligg det ei viss internasjonalisering i perspektivfag som rettsfilosofi, rettsøkonomi, rettssosiologi og rettshistorie. Slike fag blir meir sentrale, og EØS-rett, internasjonale menneskerettar og folkerett må òg verta ein viktigare del av det framtidige jusstudiet. Det vil vera nyttig både for juristar i Noreg og for norske juristar som får jobb i andre land, trur Stavang.

– Inn med empiriske forskingsteknikkar

Sjølv ynskjer han også å sjå til utlandet når det gjeld kva som er relevant metode for ein jurist.
– Jusstudentane må få ei meir innhaldsrik verktøykasse, med til dømes bevis- og verdsetjingsmetodar. Aller helst òg ei innføring i empiriske forskingsteknikkar, som til dømes kvalitativ og kvantitativ metode. – Ser me til rettsskular som Yale, Harvard og Stanford, er dette framtida. Både i konkurranserett og i diskrimineringsrett vil det vera bruk for slike metodar, er han viss på.

– Endringar til det betre

Rektoratet kjem med desse tilrådingane til jusstudiet:
- tettare oppfylging av studentane og oppretting av basisgrupper
- modulisering av avdelingane og meir varierte undervisnings- og evalueringsformer
- auka fokus på internasjonalisering
- reduksjon av talet på valemne
- innføring av arbeidsgjevarpanel
- må vurdera om det skal vera studentopptak berre i haustsemesteret og om alle kulla skal fylgja same studieløp
- privatistordninga må gjennomgåast

Også jusstudentane ser fram til ei reform av jusstudiet, ifylgje leiaren for Juridisk studentutval, Helge Blyberg.
– Me gler oss over samarbeidet om å utmeisla eit betre studium. Kombinasjonen av meir ressursar for kvar student, fagleg utvikling og tilrådingar om endring utanifrå skaper eit momentum som gjer det mogleg å få til endringar til det betre.

– Kva er det de ikkje synest fungerer godt nok med studiet i dag?

– Me saknar betre kontakt mellom dei vitskaplege tilsette og studentane. Mange jusstudentar blir også i overkant passive under dagens studieordning, sidan me har lite undervisning og berre éin eksamen i året. Kontinuitet i tilbakemeldingar når det gjeld den faglege utviklinga til studentane er nærast fråverande.

– Korleis vil de at det framtidige jusstudiet skal vera?
– Ein del hovudtrekk ved dagens ordning vil me heilt klart halda fast på. Jussen i Oslo bør halda fram som eit fem år langt profesjonsstudium, og Juridisk studentutval går imot oppretting av bachelorgrad i jus ved UiO, skriv Blyberg i ein e-post til Uniforum. Også Juridisk studentutval ynsker meir internasjonalisering.
– Me arbeider for at fakultetet skal venda seg meir utover, med større høve til utvekslingsopphald, og felles undervisning i fleire emne for norske og internasjonale studentar, håpar han.


 – Kvalitativt hopp

Jussdekan Hans Petter Graver viser til at studiereforma vil vera eit resultat av tilrådingane frå rektoratet, men også av prosess fagleg prioritering.

Dette gjer fakultetsleiinga:
- ser på tilrådingane frå rektoratet
- lyttar på innspel frå studentar og tilsette på fakultetsseminara
- vil setja ned ei arbeidsgruppe med mandat til å inkludera desse synspunkta i eit forslag som skal til vidare handsaming i fakultetsstyret våren 2010
- endringane kan setjast i verk tidlegast hausten 2010


– Det blir første gong me får til ei ordentleg og tett oppfylging av studentane. Gjennom fakultetsseminaret og informasjonsmøtet for studentane, er både dei tilsette og studentane godt informerte om det som skal skje.

– Vil det bli ei omlegging av jusstudiet?
– Fagleg sett vil det berre bli ei ny utvikling, men pedagogisk vil det bli eit større kvalitativt hopp.

Vil det bli eit betre jusstudium når det er gjennomført rundt hausten 2010?
– Ja, det blir betre.

 

Emneord: Studentforhold, Jus Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2009 12:26 - Sist endra 19. feb. 2009 13:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere