– Pengane må gå til Afghanistan!

– Det er betre om 20 prosent av ei løyving går til korrupsjon, så lenge resten av pengane går til investeringar i Afghanistan. Det sa FNs spesialutsending til Afghanistan, Kai Eide på ”Frukost med Bernt” på SV-fakultetet i formiddag.

FØRSTEPRIORITET: – Den aller viktigaste prioriteringa vår no, er institusjonsbygging, sa FNs spesialutsending til Afghanistan, Kai Eide, då han besøkte ”Frukost med Bernt” i formiddag.

Foto: Ola Sæther

– Det er tungt å vera der, men me føler at me gjer ein viktig jobb, forsikra Kai Eide, då han møtte studentar og universitetstilsette på Blindern i dag. Først kom han med ei pessimistisk historie.

– Diverre går berre 30 cent av kvar dollar USA gir, til bakken i Afghanistan. Resten av pengane går til dyre tryggingsselskap og andre selskap som har lita eller inga røynsle med bistandsarbeid. Dei drar berre til Afghanistan for å tena pengar, før dei hurtig drar vidare til neste kontrakt i eit anna land, fortalde Kai Eide.

Rundt 115 personar hadde møtt opp for å høyra om FNs spesialutsending til Afghanistan hadde håp om ei betre framtid for det krigsherja landet. Det hadde Kai Eide.

– Opiumsproduksjonen går tilbake

– I dag har landet den dyktigaste og mest intelligente innanriksministeren landet nokon gong har hatt. Han har mellom anna gitt politisjefen i Kabul sparken. Sidan både innanriksministeren, tryggingssjefen og etterretningssjefen har betra samarbeidet seg i mellom, er det for første gong mogleg å gjera noko for å få eit mindre korrupt politi- og rettsvesen. Det har ført til færre væpna aksjonar og dessutan kjem opiumsproduksjonen til å gå tilbake med mellom 25 og 30 prosent i år. Det vil skje, viss guvernørar som vil gjera provinsane sine opiumsfrie, får dei pengane dei treng, sa ein opitmistisk Kai Eide.

Mange analfabetar

Han hadde også godord til den afghanske landbruksministeren.
– Han er opptatt av å auka produksjonen av matvarer, for å hindra svolt og hungersnaud, slik landet har opplevd mange gonger tidlegare, sa han. Likevel meinte han at det var mange skjer i sjøen, også i fjellandet Afghanistan.

– Berre 18 prosent av kvinnene og 50 prosent av mennene kan lesa og skriva. Koordinering av den utanlandske bistanden går framover på nokre område, medan det på andre område går tilbake.

– Må investera i utvikling i Afghanistan

– USA er svært oppteken av at all bistand dei gir skal gå gjennom eigen organisasjon for å hindra korrupsjon. Personleg meiner eg at det er betre om 20 prosent av ei løyving går til korrupsjon, så lenge resten går til å investera i utvikling i Afghanistan.

Han oppmoda også vestlege politikarar og forståsegpåarar til å involvera afghanarar i alt som handlar om dei.

– Kvar morgon skummar president Karzai gjennom britiske og amerikanske aviser. Og han blir like lei seg kvar gong han må lesa om kva dei vil gjera med problemet Afghanistan, utan å ta dei demokratisk valde politikarane i landet med på råd. Heldigvis er no ei gruppe med afghanske politikarar inviterte til USA for å fortelja amerikanske politikarar om synet sitt på situasjonen i heimlandet.

– 1 milliard dollar blir ikkje rapportert

Som FNs spesialutsending hadde han også notert seg ei anna typisk utvikling i landet.
– Dei aller fleste landa som har soldatar i landet investerer pengane sine i den provinsen der dei sjølve har soldatar. Før gjekk kanskje 17 prosent av bidraget til deira ”eigen provins”, men no held det på å gå mot 50 prosent av den samla bistanden til desse landa. Eit anna problem er den manglande rapporteringa frå mange land til FN om det dei gjer i landet. Truleg dreiar det seg om rundt 1 milliard dollar. Hovudårsaka til det, er at me manglar ein einskapleg database, meinte han.

– Institusjonsbygging viktigast

Kai Eide var også heilt klar på kva område FN bør prioritera i Afghanistan.

– Det er utvikling av landbruket, utbygging av elektrisitetsforsyninga, utvikling av den private sektoren, oppbygging av høgare utdanning og kompetanseutvikling. Men nett no er den aller viktigaste prioriteringa for FN institusjonsbygging. Afghanarane kan ikkje ta over sitt eige land utan at dei har eigne institusjonar. I Landbruksdepartementet er det berre to eller tre personar som har kompetanse til å byggja opp eit prosjekt. Det er ikkje så synleg å byggja opp slike sivile institusjonar, for det går ikkje an berre å klippa over ei snor når prosjektet er ferdig, uttalte han.

– Eit land med ressursar

Kai Eide understreka at det var heilt feil å sjå på Afghanistan som eit tørt fjelland utan ressursar.
– Det har både jern- og koparførekomstar, men også olje og gass. Landet er svært rikt på vassressursar. For styresmaktene i landet er det svært viktig å utdanna folk som kan ta ansvar for å utvinna desse ressursane, før utanlandske selskap som ikkje er interesserte i å utvikla landet, overtar, meinte han.

– Ein suksesshistorie

Pressa er eit anna lyspunkt i Afghanistan.
– Talet på fjernsyns- og radiostasjonar aukar stadig og det same gjer talet på aviser. Så hender det at dei blir så kritiske at regjeringa bestemmer seg for å slå av straumen til ein fjernsynsstasjon. Medieutviklinga i landet er, trass i det, ein suksesshistorie, presiserte han.

– Viktig å ha soldatar i Afghanistan

Statssekretær Espen Barth Eide uttrykte stor støtte til arbeidet Kai Eide og FN gjer i Afghanistan.
– Heile hans tenkjing om Afghanistan blir delt av den norske regjeringa. Regjeringa meiner det er både riktig og viktig å ha soldatar i landet. No har me ei høg grad av legitimitet, og me er klare over at den vil bli mindre etter kvart som åra går. 80 prosent av dei løyvingane Noreg gir, går til investeringar på bakken i Afghanistan, garanterte han.




 

Emneord: FN, Afghanistan Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2009 15:41 - Sist endra 26. feb. 2009 16:07

"Det er betre om 20 prosent av ei løyving går til korrupsjon". Hva memer du med det? Vil du si at det er greit? Jeg støtter ikke slikt feigingprat. Da vet du det.

terjeth@uio.no - 26. feb. 2009 23:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere