Arnved Nedkvitne fekk sparken frå UiO

Arnved Nedkvitne er sagt opp som professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Oslo. Det er klart etter at Universitetsstyret mot to stemmer vedtok å oppretthalda oppseiinga frå fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet frå 16. juni i fjor. Det får Uniforum opplyst hos kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum. – Eg hadde håpa på ei anna avgjerd, seier Nedkvitne til Uniforum.  

SAGT OPP  Mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne (t.v.) er sagt opp som professor i mellomalderhistorie ved UiO. Her sit han saman med advokaten sin, Preben Mo Fredriksen og ventar på den endelege avgjerda til Universitetsstyret.

Foto: Ola Sæther

Bakgrunnen for oppseiinga er Tenestemannslovas paragraf 15 A, der det står at ein tenestemann kan seiast opp dersom vedkomande grovt har krenka tenestepliktene sine. Fakultetsstyret ved HF grunngav vedtaket om å seia han opp med at Nedkvitne hadde vist utilbørleg åtferd overfor leiing, kollegaer og eksterne sensorar. I tillegg hadde han gjort seg skuldig i ordrenekt ved ikkje å møta opp til møte han var kalla inn til hos dåverande instituttleiar Jorunn Bjørgum ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).
 

Mindretalet ville ha ordensstraff

Fleirtalet i Universitetsstyret meiner at klagen som Arnved Nedkvitne har meldt inn til Universitetsstyret ikkje har bringa inn nye opplysningar som har hatt noko å seia for saka. Mindretalet på to, som etter det Uniforum kjenner til var Kristian Mollestad og Johanne Sundby, syntest at ei oppseiing ville vera ein for hard reaksjon, og foreslo at Nedkvitne heller burde få ei ordensstraff. Dei ni andre styremedlemane stemte derimot for innstillinga frå universitetsdirektøren om å seia opp mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne.

- Håpa på anna resultat

Nedkvitne er svært skuffa.

– Når eg bringa saka inn for Universitetsstyret, var det sjølvsagt fordi eg håpa at det skulle gi eit anna resultat. Eg føler at eg har stått på for noko som er større enn meg sjølv, nemleg faget mitt. Det vil gå dårleg med mellomalderhistorie når ikkje eg er her lenger. På same måte har eg stått på for studentane som tar mellomalderhistorie. Resultatet av denne saka er ein dårleg presedens for seinare praksis, synest Nedkvitne.

- Glad for støtte

Han meiner likevel at han har oppnådd noko.

– Eg har i alle fall medverka til å avsløra praksisen med at sjefar tilbyr medarbeidarar dei vil bli kvitt, ei sluttpakke, viss dei går frivillig. Samtidig vil eg seia at eg er glad for den støtta eg har fått frå studentane og at eg har fått sleppa til i pressa. 

Nedkvitne vil overlata til Forskarforbundet å avgjera om han skal bringa saka inn for Arbeidsretten.  Juridisk rådgjevar Hildur S. Nilssen i Forskarforbundet har ikkje noko klart svar på det, førebels.

- Det er enno ikkje avklart om me vil gjera det. Forskarforbundet vil avgjera det i samarbeid med Arnved Nedkvitne, seier ho til Uniforum.

- Vanskeleg sak

UiO-rektor Geir Ellingsrud synest ikkje det var ei lett sak. 

– Det er den vanskelegaste saka eg har vore med og avgjort i styret, ved sida av den gongen UiOs rekneskap ikkje blei godkjend, utan samanlikning elles.

– De brukte veldig lang tid på å handsama denne saka?

– Det var vel verdt å bruka lang tid på den, fordi både Nedkvitnes side av saka skulle fram og personalavdelinga ved UiO skulle leggja fram sitt syn på saka.

– Kva synest du om at eit mindretal på to stemde for ei anna løysing?

– Det var likevel eit fleirtal på ni mot to stemmer for å vedta innstillinga frå universitetsdirektøren om å seia opp Arnved Nedkvitne, seier Ellingsrud til UiO. 
 

 

 


 

 

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2009 17:36 - Sist endra 25. feb. 2009 09:33

Dette var meget uklokt gjort av Universitetsstyret. Vil sette ettermæle i historisk sammenheng.

terjeth@uio.no - 26. feb. 2009 21:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere