Må velja dei beste utanlandske universiteta

Studentar som vel utanlandske universitet av høg kvalitet skal få meir stipend til dekning av skulepengar. Norske universitet og høgskular må også bli flinkare til å lokka utanlandske studentar hit. Det er hovudbodskapen i stortingsmeldinga om internasjonalisering av utdanning, som forskingsminister Tora Aasland presenterte på Rikshospitalet i dag.

DEI BESTE: Forskingsminister Tora Aasland vil få norske studentar til å velja dei beste utanlandske universiteta, som til dømes Oxford University.

Foto: Ola Sæther

– Det er slet ikkje tilfeldig at denne stortingsmeldinga først blir vist fram på Rikshospitalet. Medisinutdanninga ved Universitetet i Oslo har gått føre og vist korleis det er mogleg å få til ei vellukka internasjonalisering av eit studium. Det niande semesteret av medisinstudiet er på engelsk for både norske og utanlandske studentar, og medisinutdanninga har styrkt engelskkunnskapane både for dei tilsette og for studentane, slo ho fast.

- Fleirkulturell kompetanse

– Internasjonalisering av utdanning er viktig for at Norge som kunnskapsnasjon skal delta i den globale utviklinga. Elevar og studentar må førebuast til å møta utfordringane i eit stadig meir internasjonalt orientert arbeidsliv, sa statsråd Tora Aasland. –Det vil seia betre fleirkulturell kompetanse, både for elevar og studentar heime og ute, og for utdanningsinstitusjonane i Noreg, la ho til.

Høg kvalitet

Regjeringen meiner at det er viktig å motivera studentane til studium ved institusjonar med høg kvalitet, fordi det vil gi ein betre garanti for studieutbytet. Det vil også bli ein sterkare satsing på samarbeid og avtalar mellom norske og utenlandske institusjonar innanfor høgare utdanning. Det skal blant anna sjåast nærmare på tiltak knytte til felles gradar og meir forpliktande samarbeid.

Skal utvikla kvalitetslister

Kunnskapsdepartementet ynskjer å avvikla dagens tilleggsstipendliste og i staden utvikla kvalitetslister. Ei rådgjevande gruppe vil få i oppdrag å arbeida med nye kriterium. Ved utdanningar som vert omfatta av dei nye listene, vil det gjevast støtte til første året i bachelorutdanningane som ved dagens tilleggsstipendlister.

Styrkjer SiU

Statsråd Tora Aasland (biletet) varsla også at Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SiU) skal styrkast og setjast i stand til å gi meir systematisk informasjon og rettleiing.

– Det er ikkje tilfredsstillande at talet på norske studentar som tar eit studieopphald i utlandet er i ferd med å flata ut. Eg vil at fleire skal reisa ut. Personleg har eg hatt stor glede og nytte av studieopphald i utlandet, fortalde ho.

VIL HA FLEIRE UT: Forskingsminister Tora Aasland vil ha fleire studentar på utanlandsopphald.

UT MED FLEIRE: - Eg vil at fleire norske studentar skal reisa ut, seier statsråd Tora Aasland. (Foto: Martin Toft)

Aasland understreka dessutan sterkt at internasjonalisering skal gjelda for alle elevar, studentar og tilsette.
– Det er viktig med auka fleirkulturell kompetanse, difor vil eg ha fleire verkemiddel for at fleire skal dra ut, understreka statsråden.

Rundt 10 000 utanlandske studentar

Aasland tykte det var bra at om lag 10 000 utanlandske studentar studerte i Noreg i 2008. Dei utgjer berre fire prosent av den samla studentmassen. I 2000 var det berre 5828 utanlandske studentar her i landet. Samtidig var rundt 14 000 norske studentar i utlandet i studieåret 2007/2008. I meldinga går det også fram at det skal leggjast vekt på samarbeid med institusjonar i andre land, også utviklingsland. Difor er både programma NUFU (The Norwegian Programme for Development, Research and Education) og NOMA (Norad´s Programme for Master Studies) og Kvoteordninga viktige i samband med slikt samarbeid.

Imponerer ikkje studentane

Stortingsmeldinga rettar seg i stor grad mot studentane, men studentorganisasjonane er ikkje imponerte over innhaldet.

– Manglande tilretteleggjing og ei byråkratimølle utan like gjer at mange studentar gir opp å dra på utveksling, seier Ingvild Reymert og Øistein Svelle, leiarar for Norsk Studentunion og Studentenes Landsforbund.
I Kvalitetsreformen blei det slått fast at alle studentar skal kunne ta ein del av utdanninga si i utlandet. Likevel har færre studentar valt å dra på utveksling det siste året.

– Regjeringa foreslår enkelte grep for å betra situasjonen, men det er langt frå nok. Stortingsmeldinga kunne ha vore eit høve til å få fleire studentar til å dra ut, men no har den sjansen gått. Konsekvensane kan vera at fleire studentar held seg heime, seier Svelle og Reymert.

Kritisk Dørum

Heller ikkje Venstres utdanningspolitiske talsmann, Odd Einar Dørum, let seg blenda av stortingsmeldinga.
– Internasjonaliseringsmeldinga er god til å skildra situasjonen, men sviktar i forhold til konkrete tiltak. Utfordringane knytte til blant anna studiefinansiering av første års utdanning i ikkje-vestlege land og freshman-året i USA blir framleis langt på veg uløyste, meiner Dørum.
 

Emneord: Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2009 16:36 - Sist endra 17. feb. 2009 16:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere