UiO forsvarar femteplassen i Europa

Universitetet i Oslo held framleis stillinga som det femte beste universitetet i Europa på januarrangeringa til den spanske rangeringslista Webometrics. På verdsbasis har det falle ned frå 53. til 60. plass. I Norden blir det likevel berre slått av Helsingfors universitet.  

FEMTEPLASS: Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, ordførar Fabian Stang, rektor Geir Ellingsrud og viserektor Inga Bostad kan gleda seg over at UiO forsvarar femteplassen i Europa på januarrangeringa til Webometrics.

Foto: Martin Toft

Massachussets Institute of Technology held stillinga som verdas aller beste universitet på denne rangeringa. Det blir tett fylgt av Stanford, Harvard og Berkeley. University of Cambridge inntar 28.-plassen på verdsrankinga, men førsteplassen i Europa, medan Swiss Federal Institute of Technology ETH, Zürich og University of Oxford kjem på andre og tredjeplass i den europeiske meisterligaen.

Nordens beste

Deretter fylgjer altså Helsingfors universitet og Universitetet i Oslo, som då også blir rekna som Nordens to beste på denne lista. Undersøkinga tar likevel atterhald når det gjeld plasseringa til Helsingfors universitet fordi det har fleire felles domene med Helsingfors by. NTNU i Trondheim hamnar på 17. plass i Europa og på 101. plass på lista over verdas beste universitet.

Universitetet i Bergen kjem på 30. plass i Europa, og må sjå seg slått av det beste svenske universitetet, Uppsala universitet som endar på 19. plass. Københavns Universitet, som ofte gjer det best av dei nordiske universiteta på dei andre rangeringane, må på lista til Webometrics ta til takke med ein 38. plass i Europa. 

Inkluderer webindikatorar

Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning.

Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister. Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling.

Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengeleg på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskingskonferansar.

 

Emneord: Rangering Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2009 16:37 - Sist endra 29. jan. 2009 11:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere