UiO får 50 millionar til vedlikehald

UiO får 50 millionar kroner til vedlikehald og åtte millionar til nytt veksthus på Tøyen i krisepakka som regjeringa la fram i formiddag. Ein del av pengane er øyremerkte til Domus Medica (biletet)  – Det er klart eg er nøgd med dette, seier rektor Geir Ellingsrud.  

LEKKASJE I DOMUS MEDICA: - Ulempa med taket er at det lek, sa driftsleiar Arild Knutsen til Uniforum i november. No får bygningen pengar frå  krisepakka til regjeringa.

Foto: Ola Sæther

Det er i første rekkje Domus Medica som får pengar til vedlikehald. Det er den einaste bygningen forskingsminister Tora Aasland spesifikt nemner overfor Uniforum.

– Den bygningen treng både renovering og investeringar. Eg er også glad for at me har funne plass til åtte millionar kroner til nytt veksthus på Tøyen. Dette prosjektet har venta lenge, og og no håpar me det går fortgang i dette. Slik viser regjeringa klart at me ynskjer framdrift , seier Aasland til Uniforum.

I krisepakka går det også fram at det blir oppretta 57 nye stipendiatstillingar innanfor matematisk-naturvitskaplege og teknologiske fag. Fem av dei går til Universitetet i Oslo. I tillegg blir det løyvd 25 millionar kroner til doktorstipendiatstillingar i samarbeid med næringslivet.

– Dette er stillingar som alle universitetet og høgskular kan søkja om å få, seier Aasland. Dessutan får Studentsamskipnaden i Oslo pengar til bygging av 27 nye studentbustader, i tillegg til dei 182 som SiO fekk tilsagn om før helga.

– Sidan ein så stor del av krisepakken går til kommunar og til samferdsel, er eg godt nøgd med at det likevel har vore plass til investeringar i kunnskapssektoren, synest forskingsministeren.

GLAD : - Dette viser at regjeringa har forstått at UiO har vedlikhaldsbehov i milliardklassen, seier rektor Geir Ellingsrud.

- Har forstått vedlikehaldsbehovet

UiO-rektor Geir Ellingsrud er ein glad mann i dag.
– Det er bra at me får desse pengane til nytt veksthus og at me får 50 milliionar til vedlikehald. Det siste viser at regjeringa har forstått at UiO har eit vedlikhaldsbehov i milliardklassen. Og når det gjeld denne startløyvinga til Veksthuset, så er jo det eit viktig signal om at det vil koma meir pengar etter kvart, er han viss på.
 

– Var dette meir eller mindre pengar enn du hadde rekna med?
– Det var om lag akkurat så mykje som eg hadde venta. Eg synest det er gledeleg at ein stor del av pengane er øyremerkte oppussing og renovering av Domus Medica og 1960-talsbygningane på Blindern,seier Ellingsrud til Uniforum.

- Fått med seg tilstanden til Domus Medica

Teknisk direktør Frode Meinich ved UiO smiler også frå øyre til øyre etter at han har fått vita innhaldet i krisepakka frå regjeringa.
– Eg er veldig tilfreds med dette. Dette viser at me har fått aksept for vedlikehaldsbehovet vårt i Kunnskapsdepartementet.

– Tora Aasland spesifiserer at ein god del av pengane skal gå til Domus Medica. Kva trur du er grunnen til det?
– Det viser jo at Kunnskapsdepartementet har lese førstesida til Uniforum og fått med seg tilstanden i Domus Medica, seier Meinich, som også trur på at løyvinga til Veksthuset kan skapa veg i vellinga.
– Då klarer me å bli ferdige med prosjekteringa i løpet av eitt år, når me inkluderer dei 5 millionar kronene me har øyremerkt til dette prosjektet frå før.

Satsar på vindmøller til havs

Regjeringa løyver også 75 millionar kroner ekstra til klimaforsking i 2009. Dette er pengar som er tenkt til investeringar i vindmøller til havs. Til saman løyver regjeringa 470 millionar kroner til vedlikehald og igangsetjing av nybygg i universitets- og høgskulesektoren. I ei pressemelding lovar statsråd Tora Aasland at regjeringa vil koma tilbake til ein mogleg auke i talet på studieplassar.
– Eg har registrert at mange har hatt forventningar til nye studieplassar i denne krisepakka. Dette er ei utfordring me vil koma tilbake til i forslag til revidert statsbudsjett og etter at me har sett søkjartala til høgare utdanning denne våren, seier statsråd Tora Aasland.
 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2009 12:38 - Sist endra 28. jan. 2009 20:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere