Treng fleire handballjenter

– Eg driv med handball fordi eg synest det er gøy og ein fin måte å trena på. Det seier Catharina E. Paulsen, som er gruppeleiar for damehandball i Bedriftsidrettslaget ved UiO.  

I FORM MED HANDBALL: Både Grethe-Lill Helle (t.v.), Catharina E. Paulsen og Anne Grete Flønes held seg i form med å spela handball i regi av Bedriftsidrettslaget ved UiO.  

Foto: Martin Toft

Då Uniforum besøkte handballtreninga var det tre kvinner som deltok.

- Det er faktisk ein god oppslutnad, flirer ho. – Løysinga er at me trenar handball saman med mennene. Då blir me mange nok til å spela mot to mål , og viss det er for få folk, kan me også vera med og spela kampar, seier ho. Men ho skulle gjerne hatt så mange kvinner med at dei kunne ha stilt med eige lag i bedriftsserien i handball. 

- Gøy på trening!

– Det hadde vore kjempeflott. Me har det veldig gøy på trening og det er gode treningsforhold. Me trenar rett etter jobb på tysdagar. Eg spelte sjølv handball på ungdomsskulen, men det byrjar å bli ei stund sidan. Det er svært morosamt å spela igjen, seier ho. Kvar trening byrjar med basketball som oppvarming saman med mennene. Deretter blir det skottrening, og så spelar me anten mot eitt eller to mål avhengig av kor mange som kjem på trening. 

Satsar på Universitetsleikane

 – Til sommaren skal det vera Universitetsleikar i Oslo, med deltakarar frå universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim. Målet vårt er at me skal klara å få stabla eit lag på beina til den turneringa. Det er mange kvinner som sikkert har spelt handball, men som ikkje veit at det finst eit slikt tilbod på UiO, trur Paulsen. Ho inviterer gjerne alle interesserte til trening i Domus Atlethica kvar tysdag kl. 16.00. 

– Då har me den største hallen heilt for oss sjølve. Dei som har lyst til å delta, kan gi meg melding om det på e-post: c.e.paulsen@admin.uio.no

 

Emneord: Bedriftsidretten Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2009 09:13 - Sist endra 23. jan. 2009 09:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere