– Fekk inn 200 skadde på ein dag

– 200 pasientar blei innlagde på ein dag på Shifa hospital i Gaza by på tysdag. Det fortel medisinprofessor Erik Fosse ved Rikshospitalet og Universitetet i Oslo i ein rapport han har sendt til Uniforum og andre presseorgan. Han fryktar at heile sjukehuset kan stansa opp i løpet av få dagar på grunn av mangel på drivstoff til straumaggregata.

I KRIGSSONA: Medisinprofessor Erik Fosse ved Rikshospitalet og Universitetetet i Oslo har jobba som kirurg på Shifa hospital i Gaza by under den israelske bombinga og invasjonen. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Fortalt til Martin Toft
 

Uniforum fekk i går denne rapporten frå medisinprofessor Erik Fosse ved Rikshospitalet og UiO. Saman med overlege Mats Gilbert frå Universitetssjukehuset i Tromsø har han operert skadde personar på Shifa hospital i Gaza by på oppdrag for solidaritetsorganisasjonen NORWAC (Norwegian Aid Committee). Det er ei augevitneskildring frå ein lege som på nært hald har sett dei konsekvensane den israelske bombinga og invasjonen av Gaza har fått for dei sivile palestinarane.

– I går (tysdag 6. januar red.merknad) hadde me den mest travle dagen til no med over 200 pasientar innlagde på sjukehuset i løpet av ein dag. Mange av barna kom som eit resultat av bombinga av Al-Phakhora skule i flyktningleiren Jabalia. Skulen var full av familiar som hadde tatt tilflukt der etter at dei gjennom israelske flygeblad hadde blitt oppfordra til å forlata heimane sine. Tysdag 6. januar blei 160 personar drepne og 160 skadde i Gaza, ifylgje tal frå dei palestinske helsestyresmaktene. Dermed har det samla talet på drepne sidan 27. desember kome opp i 660 medan det er 2950 skadde.

- Våpenkvile i tre timar

- Tysdag kveld var den første kvelden me ikkje høyrde konstant bombing og granatnedslag. Onsdag morgon (red.merknad) har pasientane halde fram med å koma. Mellom klokka 13.00 og 16.00 i dag, onsdag (red. merknad) var det våpenkvile og mange av dei tilsette ved sjukehuset nytta høvet til å spasera i gatene og besøkja familiane sine. No er våpenkvila over, og me høyrer førarlause fly, såkalla dronar, flyga over byen. Granatnedslaga har byrja igjen.

– I løpet av dei åtte dagane me har vore her har me sett alle typar skader, ei mengd amputasjonar, skader i buken og i brystet, og ei mengd hovudskadar. Mange pasientar har skader fleire stader, til dømes ein fot som er riven av, i tillegg til hovudskadar eller skader i buken. Etter at invasjonen tok til, har talet på skadde sivile auka, inkludert talet på skadde barn. Tysdag kveld var 117 barn drepne og 744 barn skadde. I dag, onsdag (red. merknad) har det samla talet på drepne og skadde barn truleg kome opp i 900.

- Mangel på matvarer og drivstoff

- Også når ein ser bort frå bombinga er det ei alvorleg krise i Gaza no. Det er mangel på alt, til dømes på viktige matvarer som mjøl og kjøt. Alle møllene i Gaza blei stengde i fjor, sidan det ikkje var noko korn å mala. Me har sett 200 meter lange køar utanfor bakeriet. Kraftstasjonane blei øydelagde for ei veke sidan, og sidan då, har det ikkje vore straum. Fordi mange har elektriske pumper for å få opp drikkevatn, må dei kjøpa vatn frå tankbilane. Det er også mangel på olje, og difor er det problem med å få tak i drivstoff til aggregata. Tysdag (red. merknad) måtte barnesjukehuset og augehospitalet i Gaza stengja på grunn av at det ikkje var nok drivstoff til straumaggregata. Eg spurde direktøren for Shiraf hospital om drivstoffsituasjonen. Då sa han at me hadde drivstoff for eit par dagar til. Eg trur sjølv at me har nok drivstoff til eit par dagar meir enn det, men snart vil alt stansa opp.
Shifa hospital er allereie på randen av ei krise og manglar senger, trillesenger, anestesimaskiner, monitorar og vifter. Lagra med medisinar og bandasjar er i ferd med å bli tømde.

– Det som skjer er ei enorm, menneskeskapt, humanitær katastrofe som berre vil føra til auka hat og spenning. Difor må bombinga stansa med ein gong, og grensepasseringane må opnast, slik at innbyggjarane i Gaza kan få eit verdig liv, fortel Erik Fosse i rapporten sin frå Shifa hospital i Gaza by.

 Les meir om Erik Fosse: http://www.apollon.uio.no/vis/art/2002/3/portrett

(The English version: )
 

200 patients admitted in one day 
 

Yesterday Uniforum received a report from Gaza City from Professor of Medicine, Erik Fosse, Rikshospitalet University Hospital and University of Oslo. Together with chief physician Mats Gilbert from the University Hospital in Tromsø, they have been doing surgery on wounded persons in the Shifa hospital in Gaza, working for the Norwegian solidarity organization NORWAC (Norwegian Aid Committee). This is an eyewitness report from a surgeon who has watched very closely the humanitarian consequences of the Israeli bombing and invasion.

“Yesterday (Tuesday) was the most busy day we have had with 200 patients admitted to the hospital. Many of the children coming from the bombing of the al-phakhora school in Jabalia refugee camp. The school was filled with families that had sought refuge after having being urged by Israeli flyers that they should leave their homes. Yesterday (Tuesday) 160 persons were killed and 160 wounded in Gaza ( figures from the Palestinian health authorities) In total the number of killed since December 27 was 660 and wounded 2950.”

Cease fire for 3 hours

“Last night (Tuesday night) was the first night we did not hear almost continuous shelling and bombing. Patients have kept coming this morning between 1300 and 1600 there was a cease fire and many of the employees of the hospital took the opportunity to walk out in the streets and visit their families. Now the cease fire is over and we hear unmanned planes (drones) flying over the city. The shelling has begun again.”

“We have during the eight days we have been here seen all kinds of injuries, al lot of amputation, injuries to the abdomen and chest and a lot of head injuries. Most patients have several injuries for example one torn off leg and head injury or abdominal injury.”

“After the invasion started the number of civilian casualties has increased including the number of children. By Tuesday evening 117 children were killed and 744 wounded. By today (Wednesday) the number of dead or injured children must be above 900.”

Lack of food and fuel

“Apart from the bombing there is a serious crisis in Gaza now. There is a lack of everything like essential foodstuffs like flour and meat. All the mills in Gaza were closed last year as there were no grain to mill. We have seen 200 meter long queues in front of the bakery.”

“The power plants were destroyed one week ago and since then there is no electricity. As many people have wells with electric pumps they do no longer have water and have to buy from tankers. There is also a fuel shortage so there is a problem to get fuel for
generators. Yesterday (Tuesday) the pediatric hospital and the eye hospital in Gaza closed as they had no more fuel for their generators.”

“I asked the director of Shifa hospital yesterday (Tuesday) about the fuel situation. He said we had fuel for two days. I think we can find fuel for a few more days than that but soon everything will stop.”

“The Shifa hospital is already run down and lacks beds, trolleys, anaesthesian machines, monitors, ventilators etc. During these days the storages of drugs and bandages empties.”

“What is happening is a huge man made humanitarian catastrophe that leads to increased animosity and tension. The bombing must stop immediately and the borders opened, so the inhabitants of Gaza can get a decent life,” says Erik Fosse in his eyewitness report from Shifa hospital in Gaza City.

 

Emneord: Palestina
Publisert 8. jan. 2009 11:49 - Sist endra 12. jan. 2009 14:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere