Startskot for Artsprosjektet

Det finst 60 000 ulike artar i norsk natur i dag. 20 000 av dei er enno ukjende. Artsprosjektet skal styrkja kunnskapen om alle artane i Noreg. I går formiddag blei det starta av miljøvernminister Erik Solheim og forskingsminister Tora Aasland på Tøyen hovedgård.

LANSERTE ARTSPROSJEKTET: Miljøvernminister Erik Solheim og forskingsminister Tora Aasland lanserte Artsprosjektet på Tøyen hovedgård.

Foto: Ola Sæther

I Sverige er dei komne svært langt med sitt eige artsprosjekt.  Der kom dei i gang i 2002, og dei har eit årleg budsjett på 65 millionar kroner. Det poengterte også miljøvernminister Erik Solheim i sitt opningsinnlegg.

– Me likar aldri å dilta etter Sverige, men i dette tilfellet finst det så mykje felles artsmangfald i naturen i Norden at det vil vera svært mykje å henta på eit samarbeid, understreka Solheim. Han viste til at regjeringa har høge ambisjonar med Artsprosjektet.

-Økonomiske fordelar

– Det kan gi oss økonomiske fordelar innanfor forsking på nye medisinar. Men framfor alt vil det gi oss endå meir kunnskap om korleis naturen verkar. Dessutan vil det drastisk betra kunnskapsmassen vår om artsmangfaldet i norsk natur, slo han fast.

Forskingsminister Tora Aasland tok utgangspunkt i filosofien til nyleg avdøde Arne Næss.

-Han knytte saman økologi og etikk i økosofien. På den måten klarte han å knyta saman dei store tankane med det som er jordnært. Me er alle avhengige av naturmangfaldet. Både Artsdatabanken og Artsprosjektet er gode døme på at denne regjeringa prioriterer dette. Dei kan begge vera reiskapar for å styrkja kunnskapen om artsmangfaldet og deira plass i den norske naturen, var ho sikker på.

-Vil fylgja opp forskinga ved musea

I 2009 har regjeringa sett av 20 millionar kroner til dette, men ho lova å fylgja det opp etter kvart.

– Me fylgjer opp forskinga ved musea. I første omgang vil me fylgja opp med å etablera eit nasjonalt digitalt museum med eit felles system for dataløysing, konstaterte ho.

Vitskapleg råd

Artsprosjektet skal også styrkja oppbygginga av kompetanse og rekruttering innanfor taksonomi og biosystematikk på vitskaplege institusjonar. Artsdatabanken er ansvarleg for å gjennomføra Artsprosjektet, og styringsgruppa skal ha styreleiar frå Artsdatabanken. Der vil det også sitja representantar for Direktoratet for naturforvalting, Kunnskapsdepartementet og den svenske ArtDatabanken. Prosjektkoordinatoren for Artsprosjektet er tilsett i Artsdatabanken. Det skal også opprettast eit eige vitskapleg råd med representantar frå dei naturhistoriske universitetsmusea, andre forskingsinstitusjonar, Artsdatabanken og den svenske ArtDatabanken.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2009 14:10 - Sist endra 28. jan. 2009 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere