– Noreg må prioritera dei store universiteta

– Noreg treng store universitet som har ressursar til å byggja opp fagmiljø som både kan hevda seg internasjonalt og som kan forsterka innsatsen for å få pengar frå EU. Dei er lokomotiva i norsk forsking, og difor er det viktig at dei fungerer godt, seier rektor Geir Ellingsrud i samband med UiOs innspel til den varsla forskingsmeldinga.

BIOTEKNOLOGI: - Regjeringa må halda fram med dei andre satsingane, som til dømes bioteknologi og ikkje svinga pendelen heilt over til klimaforsking, meiner UiO-rektor Geir Ellingsrud.  

Foto: Ståle Skogstad

– Det er viktig at me ikkje er einøygde slik at pendelen ikkje berre svingar over mot klimaforsking, men at regjeringa held fram kursen med dei andre satsingane, som til dømes bioteknologi og alt som har å gjera med livsvitskapar eller Life Science. Me må kunna ha to tankar i hovudet samtidig, understrekar UiO-rektor Geir Ellingsrud overfor Uniforum.

I innspela sine tar Universitetet i Oslo eit klart standpunkt for ei endå større satsing på både internasjonalisering og konkurranse om forskingsressursane. Difor heiter det at UiO støttar opp om konkurransebasert tildeling av forskingsmidlar. Rektor Geir Ellingsrud peikar på at det er eit kraftig insentiv både for institusjonar, fagmiljø og enkeltmedarbeidarar til å arbeida målretta for kvalitet i forskinga. Ein slik kvalitet vil i sin tur gi Noreg høve til å hevda seg internasjonalt og stimulera til den kunnskapsproduksjonen og nyskapinga som samfunnsutviklinga etterspør, heiter det i innspelsdokumentet. Konklusjonen er at Noreg difor treng satsa tydelegare på forsking ved dei forskingsintensive universiteta, og dei må på same tid vera ein ressurs og samarbeidspartnar for mindre fagmiljø og forskingsinstitusjonar, presiserer UiO-rektoren.

God balanse

Universitetet i Oslo trekkjer også fram at det er naudsynt for Noreg med ein god balanse mellom brei, fri grunnforsking og strategiske satsingar med tanke på den langsiktige utviklinga av kunnskap og kompetanse. I dag er det stort sett dei store universiteta som sit med ansvaret for grunnforskinga, fordi både EU og Forskingsrådet kanaliserer midlane sine til strategiske satsingar, og i svært liten grad til fri grunnforsking. Difor må dei store universiteta få rammevilkår som gjer dei i stand til å utføra denne oppgåva. Dagens basisløyving, er i dag kraftig underminert av fleire forhold, skriv UiO-rektoren. 
 

Fullfinansiering av forskarstillingar

I første rekkje viser han på vegner av UiO til at dei eksterne bidraga til forsking er ei absolutt naudsynt tilleggsfinansiering for enkeltforskarar og forskargrupper ved universitetet. Problemet er at eksterne midlar sjeldan fullfinansierer ei forskarstilling. Bidragsytarane krev at UiO sjølv stiller med eigendelar gjennom eigeninnsats og infrastruktur/tenester. For UiO utgjer dette rundt 700 millionar kroner årleg, det vil seia om lag 50 prosent av det totale omfanget av eksternt finansierte bidragsprosjekt ved universitetet. UiO ber difor om at forskingssatsingane gjennom Forskingsrådet blir fullfinansierte.

UiO-rektoren viser også til at utviklinga innanfor medisin, matematiske og naturvitskaplege fag blir hemma av eigendelar på dei eksterne prosjekta, og også av høge indirekte kostnader i samband med forsking som krev mykje utstyr. Han viser til at konkurransen om talenta og dårlegare rekruttering til realfag i skulen svekkjer desse fagområda endå meir. Låg studentsøking til realfag har også gjort at fag som kjemi og fysikk ikkje har kunna henta ressursar til vekst frå løyvinga til undervisning. Ellingsrud meiner difor at regjeringa sitt klare ynske om å satsa på naturvitskapleg forsking står i kontrast til dei rammevilkåra som blir gitt til denne forskinga, sidan forskingsløyvinga blir gitt som ei fast ramme.

Auka satsing på humaniora og samfunnsvitskap

Han ber dessutan regjeringa om å slå eit slag for dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga.
– Det er viktig at det blir varsla om betre rammevilkår for desse faga i den komande forskingsmeldinga. UiO går ut og støttar Forskingsrådets forslag om eit nytt tematisk område: Samfunnsutviklinga sine kulturelle føresetnader. Me gir full støtte til Forskingsrådets oppfylging av framlegget frå universitetsmiljøa om ei ny stor forskingssatsing om menneskelege og samfunnsmessige utfordringar i kunnskapssamfunnet, Kompetanseutvikling og deltakararenaer (KODE), poengterer Geir Ellingsrud.

Plan for forskarkarriere

UiO ber også regjeringa om å laga ein plan for rekruttering til forsking og utforma eit løp for ein forskarkarriere.
– Den vellukka opptrappinga av doktorgradsstipend må fylgjast opp av ein gjennomtenkt strategi for den neste fasen av karrieren, det vil seia mellombels tilsette forskarar/postdoktorar, og gi yngre forskarar betre sjansar til å planleggja forskarkarrieren fram mot faste stillingar. Me ser også føre oss eit tenure track-system med kvalifiseringsstillingar i norsk universitets- og høgskulesektor. Men også rekrutteringsstillingane må fullfinansierast, understrekar rektor Geir Ellingsrud.

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2009 14:17 - Sist endra 21. jan. 2009 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere