Med Gaza i tankane

– Eg har heilt mista fokuset på doktoravhandlinga mi fordi eg heile tida er oppteken av korleis det har gått med venner og slektningar i Gaza. Det seier palestinaren Abdallah Abudayya frå Gaza, som skriv doktoravhandling ved Institutt for allmennmedisin og samfunnshelse ved UiO.

MANGLAR MAT: – Folk manglar både mat, drikkevatn og elektrisitet. Alle delar av dagleglivet i området er øydelagde av israelske bomber og granatar, seier den palestinske forskaren Abdallah Abudayya frå Gaza. No held han på med ei doktoravhandling i samfunnsmedisin ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Abdallah Abudayya er svært engasjert i det som skjer med det palestinske folket i Gaza etter kvart som Israel let det regna fleire og fleire bomber og granatar over den vesle landstripa med 1,5 millionar innbyggjarar. Han klarer ikkje å konsentrera seg om å skriva vidare på doktoravhandlinga si i samfunnsmedisin. I staden sit han og fylgjer med på arabiskspråklege nyhendekanalar om det som skjer i Gaza. For eit par år sidan fekk han politisk asyl i Noreg, og for eitt år sidan kom både kona og barna hans til Noreg.
– Det er eg svært glad og takksam for. Eg vil at barna mine skal få ei god utdanning og eit godt liv utan krig. No er også dei påverka av situasjonen til slektningar, venner og andre dei kjenner i Gaza. Dottera mi har fortalt alle klassekameratane sine om grunnen til at ho er trist og lei seg akkurat no, seier Abudayya til Uniforum.

– Manglar mat, drikkevatn og elektrisitet

Kvar dag har han kontakt med både broren og systera si, som har blitt buande der.
– Faren min mangla brød, slik at broren min ein dag måtte frakta brød til han. Det gjer meg svært vondt. Folk manglar både mat, drikkevatn og elektrisitet. Alle delar av dagleglivet i området er øydelagde av israelske bomber og granatar. Det har aldri vore bra i Gaza på dei 45 åra eg har levd. Men no er det verre enn nokon gong. Det har fått meg til å bli overtydd om at Israel aldri kan bli ein fredeleg nabo for palestinarane, seier Abudayya til Uniforum. Han brukar sterke ord om Israel.
– Palestinarane blei fortalde at dei skulle bu på Vestbreidda og i Gaza. Men Israel har likevel halda fram som ei okkupasjonsmakt begge stader. Ja, eg vil hevda at Israel er like mykje ei okkupasjonsmakt i dei palestinske områda som Tyskland var det i Noreg under Den andre verdskrigen. Difor har eg aldri stolt på Israel, fortel den palestinske forskaren, som tidlegare arbeidde for det palestinske helsedepartementet og for USAID. Han trur heller ikkje på det demokratiske sinnelaget til Israel.
– Me måtte forhandla med dei, og me avvikla eit parlamentsval som var fullstendig ope og demokratisk. Men Israel påla dei palestinske styresmaktene harde restriksjonar, noko som var med på å leggja grunnlaget for at Hamas vann parlamentsvalet i 2005, og at dei seinare kunne overta makta i Gaza. Eg har aldri stolt på Hamas, men situasjonen blei ikkje betre av at me som jobba for USAID blei nekta å samarbeida med Hamas-styret. Med den israelske bombinga og bakkeinvasjonen har situasjonen i Gaza utvikla seg til å bli ein humanitær katastrofe, fortel han.

– Bør ta fredsprisen frå Shimon Peres

– Eg forstår ikkje korleis Israels president og vinnar av Nobels fredspris, Shimon Peres kan hevda at palestinske barn ikkje blir drepne i Gaza. Personleg meiner eg at Nobelkomiteen bør ta fredsprisen frå Shimon Peres, seier han. Abudayya er likevel svært nøgd med den norske regjeringa sin politikk. 
 – Noreg var det einaste landet i Vesten som snakka med Hamas, og Noreg har også gitt økonomisk støtte til NORWAC (Norwegian Aid Committee) og legane Erik Fosse og Mads Gilbert. Det var den einaste organisasjonen som heldt fram med å jobba blant palestinarane i Gaza etter at Hamas overtok makta der. Eg arbeidde saman med Erik Fosse i Gaza då eg deltok i eit internasjonalt prosjekt som støtta organisasjonen hans. Innsatsen til Erik Fosse og Mads Gilbert har imponert meg, fortel han.
Abdallah Abudayya har inga tru på at USAs politikk overfor Israel vil endra seg når George W. Bush går av og overlet presidentvervet til Barack Obama.
– Eg ventar meg ikkje nokon annan politikk av han. Då blir eg heller ikkje skuffa, seier Abudayya lettare resignert.

 

Emneord: Palestina Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2009 09:40 - Sist endra 19. jan. 2009 09:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere