Lanserer elektronisk bokserie på HF

I morgon, torsdag 15. januar, blir den nye elektroniske bokserien Oslo Studies in Language lansert på UiO. – Målet er å knyta saman det store miljøet for språkforsking ved HF, seier språkforskarane Dag Haug og Atle Grønn, som er redaktørar for serien.

SIKRAR KONTROLLEN: - Ved etableringa av Oslo Studies in Language sikrar me kontrollen av både det faglege innhaldet, den typografiske presentasjonen og oppbevaringa for ettertida utan å ta vegen om dei tradisjonelle forlaga, slår Dag Haug (t.v.) og  Atle Grønn fast.  

Foto: Ola Sæther

– No håpar me at språkforskarar og lingvistar frå alle dei fire aktuelle institutta ved Det humanistiske fakultetet vil bruka denne bokserien og koma med aktuelle bokprosjekt. Alle artiklane blir sende til fagfellevurdering og anten godtekne eller forkasta av redaktørane for den elektroniske bokserien, seier førsteamanuensis i klassiske språk, Dag Haug og forskar og prosjektleiar Atle Grønn.
Redaktørane vedgår at mange forskarar framleis har eit nostalgisk forhold til papir.
– Difor trykkjer me opp 25 eksemplar i papir som me sender til alle bidragsytarane i den første boka i serien ”Structuring information in discourse: the explicit/implicit dimension.” Boka er redigert av Bergljot Behrens og Cathrine Fabricius-Hansen, fortel Haug og Grønn. Sjølv meiner dei at det er mange fordelar med å få vitskaplege artiklar publisert i ein elektronisk bokserie som er open tilgjengeleg for alle.

– Sikrar kontrollen
 

– Ynsket vårt er å bidra til den veksande familien av fritt tilgjengelege elektroniske publikasjonar som blir distribuerte til heile forskarverda. Ved etableringa av Oslo Studies in Language sikrar me kontrollen av både det faglege innhaldet, den typografiske presentasjonen og oppbevaringa for ettertida utan å ta vegen om dei tradisjonelle forlaga, slår Grønn og Haug fast. Begge viser til den store makta dei tradisjonelle vitskapsforlaga har.

– I dag må faktisk forskarane og universiteta betala for å få publisert bøker på internasjonale forlag. Referentane og redaktørane får oftast ikkje lønn. I neste omgang tar forlaga seg godt betalte for tidsskrifta og bøkene.. Det skjer, sjølv om det er universiteta og staten som har betalt for forskinga. Med dette tilbodet, treng forskarane berre senda over innhaldet til oss før me sender den vidare til fagfellevurdering. Om det blir godkjent, blir det straks publisert på denne elektroniske bokserien vår, understrekar dei.

Nivå 1 i teljekantsystemet
 

Bokserien er allereie inne blant seriane som tilhøyrer nivå 1i teljekantsystemet. Det vil seia dei nestbeste publikasjonskanalane.
– Det er for ambisiøst å ta mål av seg til at Oslo Studies in Language skal koma opp i gruppa av dei aller beste vitskaplege tidsskrifta innanfor språk. Håpet vårt er at dei som i dag gir ut såkalla ”proceedings” frå internasjonale konferansar, som normalt ligg på nivå 0, kan utvida prosjektet til å bli ein vitskapleg publikasjon i den elektroniske bokserien vår. Det vil ikkje seia at me oppfordrar forskarar til ikkje å skriva for tidskrift som tilhøyrer den aller beste gruppa. Men det er ikkje alltid ein har tid og høve til å leggja inn alt det arbeidet ei slik publisering krev, seier Haug.

– Vil bokserien også vera open for forskarar frå andre norske og utanlandske universitet?

– Føresetnaden er i utgangspunktet at dei har eit forskingssamarbeid med fagmiljø på UiO. I den første bokserien me lanserer er sju av ni kapittel skrivne av utanlandske forskarar. Men dei har alle hatt kontakt med forskingsprosjekt ved UiO, mellom anna gjennom ein stor konferanse i Oslo, konstaterer Grønn.

Kravde fritt tilgjengeleg publiseringskanal
 

Begge gir medlem av redaksjonsrådet, Østen Dahl frå Stockholms universitet, æra for å ha sådd tanken om ein elektronisk bokserie.
– Det einaste kravet han sette for å bli med i redaksjonsrådet, var at bokserien blei lagt ut på ein elektronisk og fritt tilgjengeleg publiseringskanal. Det blir sagt at Dahl er Nordens mest siterte lingvist, og me er glade for at han har sagt ja til å halda eit foredrag for oss når den nye bokserien blir lansert torsdag 15. januar klokka 14.15 i Auditorium 3 i Eilert Sundts hus, seier Haug.

Dei er begge nøgde med resultatet og den hjelpa dei har fått frå frå USIT, HF og UB med å leggja bokserien til rette for nettet.
– Det dei har gjort for oss, vil også framtidige elektroniske bokseriar og tidsskrifter ved UiO få god nytte av, slår dei fast. Og dei vil ikkje kvila på laurbæra etter at bokserien er lansert denne veka.
– Me har fleire moglege bokprosjekt undervegs. Kanskje blir neste bok ei samling foredrag på fransk og italiensk frå ein konferanse om romanske språk. Elles blir truleg hovudspråket engelsk, trur dei.
Bokserien blir lagd ut på den nye nettportalen  Fritt Frie tidsskrifter fra UiO
 

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2009 11:58 - Sist endra 15. jan. 2009 09:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere