Kristian Gundersen vil ikkje bli rektor

– Eg stiller ikkje som kandidat til rektorvervet under valet i år. Det seier professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen til Uniforum. I 2005 stilte han som rektorkandidat og blei nummer fire av dei fem kandidatane.

IKKJE REKTORKANDIDAT: - Nei, denne gongen ynskjer eg ikkje å vera rektorkandidat, seier professor Kristian Gundersen til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Då Uniforum var i kontakt med han før jul, avviste ikkje Kristian Gundersen at han kunne koma til å stilla som kandidat i rektorvalet i 2009 også. No har professoren i molekylærbiologi fått tenkt seg om, og konklusjonen er klar.
– Nei, denne gongen ynskjer eg ikkje å vera rektorkandidat. Eg har eit meir spennande forskingsprosjekt og har ei større og betre forskingsgruppe enn eg nokon gong har hatt. Det har eg lyst til å halda fram med, understrekar han. Men Kristian Gundersen har dessutan andre grunnar til ikkje å stilla som kandidat.

– I miskreditt

– Det reformkritiske standpunktet er kome i miskreditt, fordi rektor Geir Ellingsrud har fått så lite til. Derimot har rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen klart å ta eit oppgjer med direktørveldet. Det lærarstyrte universitetet er me no lenger frå enn nokon gong ved Universitetet i Oslo, tykkjer han. Den tidlegare rektorkandidaten synest heller ikkje alle avgjerdene ved UiO, har vore like heldige.
– Prosess fagleg prioritering er eit grelt døme på det. Den har stort sett gått føre seg i 9. etasje i Administrasjonsbygningen. Eg er redd for at dei faglege tilsette ikkje lenger får vera med og styra universitetet på same måte som før. Difor er det meir freistande for meg å bruka tida mi i laboratoriet, konstaterer Gundersen.

Ynskjer reformkritisk kandidat

– Trur du at det vil melda seg kandidatar frå den reformkritiske fløyen?
– Eg veit ikkje om nokon. Det hadde vore sterkt ynskeleg at det kom ein slik kandidat. Rektor ved Universitetet i Bergen har vist at det er mogleg. Eg har ikkje sett noko liknande på UiO. Derimot har det blitt meir ovanfrå- og nedstyring på dette universitetet. Eg har aldri sett så mykje fråvær av medverknad frå dei tilsette som no, meiner Gundersen. Han har likevel tenkt å fylgja med på rektorvalkampen. 
 – Det blir spennande å sjå kva program dei som melder seg som kandidatar, vil presentera, synest Kristian Gundersen. 

Fristen for å melda seg som rektorkandidat er 16. februar kl. 16.00. Rektorvalet blir elektronisk, og det går føre seg frå 30. mars til 2. april kl. 16.00. Valresultatet blir klart 2. april etter kl. 17.00.

 


 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2009 15:15 - Sist endra 20. jan. 2009 09:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere